LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Rådgjevar - internasjonalisering

Søknadsfrist: 16.08.2022

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon omfattar felles administrasjon og forvaltning knytt til høgskulen sine forskings- og innovasjonsaktivitet samt internasjonaliseringsaktivitet. Avdelinga skal utviklast vidare og støtte opp under den faglege profilen og universitetsambisjonen til HVL

Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon har ledig ei fast stilling i 100 % som rådgjevar internasjonalisering.

Stillinga inngår i faggruppe for mobilitet og utvekslingsavtalar og jobbar på tvers av HVL sine fem campus. Arbeidsstad for stillinga er campus Haugesund.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Administrasjon, sakshandsaming og rådgjeving knytt til HVL si internasjonale verksemd med særleg vektpå mobilitet og utvekslingsavtalar.

Aktuelle arbeidsoppgåver:

  • Sakshandsaming av student- og tilsettutveksling
  • Utviklingsarbeid knytt til mål om auka studentutveksling inkludert digitalisering av administrative prosessar knytt til området

Kvalifikasjonskrav:

  • Relevant høgare utdanning på masternivå
  • God kjennskap til universitets- og høgskolesektoren
  • Relevant administrativ erfaring
  • Relevant erfaring innan ansvarsområdet
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • God digital kompetanse

Ønska kvalifikasjonar:

  • Erfaring frå arbeid med Erasmus+
  • Kjennskap til FS
  • Erfaring med utviklingsarbeid og digitalisering

Personlege eigenskapar:

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og løysningsorientert, ta initiativ og vere ein pådrivar
  • Evne til å arbeide strukturert og systematisk
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Omgjengeleg og med evne til å trivast i eit travelt miljø

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som rådgjevar internasjonalisering er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Nestleiar Elin Kvaale, tlf 55 58 55 52/ 412 01 796,e-post elin.kvaale@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS