LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Rådgjevar / formidlar - Medielab

Søknadsfrist: 05.06.2022

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Eining for utvikling av læring og undervisning (ALU) har ansvar for høgskulen sitt UH-pedagogiske arbeid. Ansvarsfeltet famnar om

utdanningsfagleg kompetanse der fagdidaktikk og digitale arbeids- og læringsformer er viktige komponentar. ALU har ansvar for at høgskulen har eit solid tilbod til tilsette innanfor UH-pedagogikk, gjev støtte til digitale arbeids- og læringsformer og tilrettelegg for sterke fagdidaktiske miljø i høgskulen sitt utdanningstilbod. ALU deltek og aktivt i HVL si forsking på eigne utdanningar.

Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for utvikling og læring - Medielab - har ledig stilling som rådgjevar/formidlar

Om stillinga:

Den ledige stillinga er ei fast 100 % stilling som vertskap og formidlar i den nye Læringslab ved høgskulen.

Stillinga er knytt til Medielab, som er ein del av Avdeling for utvikling av læring og undervisning (ALU) i høgskulen sin fellesadministrasjon. Medielab er ansvarleg for drift av Læringslab ved alle campus.

Vi søkjer ein motivert og kompetent medarbeidar med høg kompetanse i pedagogisk bruk av ulike typar læringsteknologi, formidling og medieproduksjon. Stillinga vil gje den som vert tilsett høve til å arbeide med varierte oppgåver i eit kreativt miljø, som vil gje ettertrakta kompetanse og erfaring. Naudsynt opplæring vil bli gitt.

Arbeidsplass vil vere campus Haugesund, men HVL er ein fleircampusinstitusjon og noko reiseverksemd må påreknast.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Pedagogisk og teknisk brukarstøtte og rådgjeving i Læringslab
  • Administrere booking av rom og utstyr til utlån
  • Drift- og vedlikehaldsansvar for utstyr i læringslab, inkludert video- og AV-utstyr
  • Støtte til video- og multimedieproduksjon for digital læring og audiovisuell dokumentasjon
  • Undervise i korte kurs og workshops som vert sett opp frå eigen Læringslab
  • Bistå med brukarstøtte til pedagogisk programvare
  • Fasilitere undervisarar som tek læringslaben i bruk i eiga undervising
  • Administrere og rettleie studentassistentar i laben
  • Teknisk ansvar ved gjennomføring av medieproduksjon i laben

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Relevant medieteknisk og/eller pedagogisk utdanning på minimum bachelornivå
  • Dokumentert høg digital kompetanse

Ønska kvalifikasjonar:

  • Kunnskap om ny læringsteknologi
  • Pedagogisk kompetanse/erfaring
  • Kompetanse i video- og multimedieproduksjon, VR
  • Erfaring frå team- og prosjektarbeid
  • Gode formidlingsevner
  • Evne til å arbeide sjølvstendig

Personlege eigenskapar:

  • Kreativ
  • Nysgjerrig
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Interesse for å utvikle eigen kompetanse innanfor Læringslab sine ansvarsoppgåver

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som rådgjevar/formidlar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

  • Seksjonsjef Sigrid Jordal Havre, tlf: 55 58 58 15 / 932 19 381, e-post: [email protected]

Søk stilling

Powered by Labrador CMS