LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Rådgjevar - opptak og rekruttering

Søknadsfrist: 03.12.2020

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Avdeling for studieadministrasjon har ansvar for eksamen, studentopptak og fyrstelinjeteneste. Avdelinga har om lag 50 tilsette fordelt på alle fem studiestader og samarbeider tett med fakulteta sine studieadministrasjonar.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei fast 100% stilling som rådgjevar, opptak og rekruttering i Avdeling for studieadministrasjon.

Om stillinga:

Stillinga er ein del av Eining for opptak og rekruttering der arbeidet i hovudsak er knytt til studentopptak og studentrekruttering. Arbeidsoppgåvene varierer gjennom året, frå hektiske periodar med mykje sakshandsaming til periodar med meir utviklings- og rapporteringsarbeid.

Arbeidsstad kan vere ein av studiestadane Haugesund, Bergen eller Sogndal.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Førebu og gjennomføre opptak av studentar til studiepoenggjevande studietilbod
  • Sakshandsaming og rettleiing knytt til studentopptak
  • Koordinere prosessar både internt i eininga og mellom ulike einingar/fakultet
  • Bidra med vurderingar, analyser og løysingsforslag knytt til både utviklingsarbeid og driftsoppgåver
  • Andre studieadministrative oppgåver

Endringar i arbeidsoppgåver må påreknast.

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Høgre utdanning på minst bachelornivå, helst master.
  • Dokumentert erfaring frå koordineringsarbeid, analysearbeid og evne til analytisk tenking.
  • Erfaring med sakshandsaming i offentleg sektor – særleg universitets- og høgskulesektoren – vil vere ein fordel.
  • Relevant erfaring for arbeid med studentopptak og/eller studentrekruttering vil vere ein fordel.
  • Gode språkkunnskapar skriftleg og munnleg i norsk og engelsk, god skriftleg framstillingsevne.

Personlege eigenskapar:

Me ser etter ein positiv og imøtekomande medarbeider som har ei god serviceinnstilling. Du må vere ein initiativrik person som jobbar god saman med kollegaene dine – både dei nærast i faggruppa og i organisasjonen elles. Sjølv om samarbeidsevner er viktig, må du også kunne jobbe sjølvstendig. Du må i tillegg ha god arbeidskapasitet og kunne takle ein hektisk arbeidskvardag.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som rådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode1434-rådgjevar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Generell informasjon:

Me gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hull i CV.

Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) fagansvarleg opptak og rekruttering Unni Beite Rogvin, telefon 55 58 71 54, epost: Unni.Beite.Rogvin@hvl.no

2) avdelingsleiar Espen Fosse, telefon 52 70 26 16, epost: espen.fosse@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS