Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Forskningsrådgjevar - Avdeling for forskning, internasjonalisering og innovasjon

Søknadsfrist: 30.08.2020

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon omfattar felles administrasjon og forvaltning knytt til høgskulen sine forskings- og innovasjonsaktivitet samt internasjonaliseringsaktivitet. Avdelinga skal utviklast vidare og støtte opp under den faglege profilen og universitetsambisjonen til HVL

Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for forskning, internasjonalisering og innovasjon har ledig fast 100% stilling som forskningsrådgjervar (seniorrådgjevar)

Om stillinga:

Stillinga er lagt til Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon (AFII), i avdelingsleiar si linje. Avdelinga sitt ansvarsområde er rådgjeving, administrasjon og sakshandsaming knytt til HVL sine forskings-, internasjonaliserings- og innovasjonsaktivitetar, og vi skal legge til rette for at høgskulen lukkast i å nå målsettingane i høve til desse områda, følge opp HVL sine strategiar og støtte opp under universitetsambisjonen til HVL.

Forskingsadministrasjonen er ein del av AFII. Våre kompetanseområde omfattar ekstern finansiering av forsking og innovasjon, avtale- og kontraktsinngåing knytt til forsking og innovasjon, IPR, forskarutdanning, forskingsetikk og personvern i forsking og strategisk utviklingsarbeid knytt til forsking og innovasjon.

Vårt ansvar er heile HVL og vi jobbar på tvers av fakultet og campus.

Arbeidsstaden for stillinga kan vere eitt av dei fem campus ved HVL; Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal eller Stord.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Ansvarsområde lagt til stillinga er administrasjon, rådgjeving og forvalting knytt til høgskulen sine forskings- og innovasjonsaktivitetar med særleg vekt på strategisk utviklingsarbeid, analyse og utgreiing.

Arbeidsoppgåver lagt til stillinga inkluderer:

  • Strategisk utviklingsarbeid, rapportering, utgreiing- og analyseoppgåver knytt til ansvarsområdet
  • Førebuing av saker til styre og utval
  • Følge opp nasjonal og internasjonal forskingspolitikk
  • Leiarstøtte og oppfølging av forskingsadministrative og forskingsstrategiske saker
  • Bidrag til HVL sitt universitetsprosjekt
  • Stillinga kan bli tillagt andre oppgåver etter behov

Kvalifikasjonskrav:

  • Høgare utdanning på minst masternivå
  • Relevant administrativ erfaring og kompetanse på høgt nivå tilpassa funksjonane i stillinga
  • Kjennskap til universitets- og høgskulesektoren eller andre kunnskapsorganisasjonar
  • Kunnskap om relevant lov og avtaleverk
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • God digital kompetanse

Personlege eigenskapar:

  • Kunne arbeide sjølvstendig og strategisk, ta initiativ og vere ein pådrivar
  • Strukturert, systematisk og analytisk
  • Evne til strategisk heilskapleg perspektiv
  • Gjennomføringsevne og resultatorientering
  • Løysings- og utviklingsorientering
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Stor arbeidskapasitet og trivast i eit travelt miljø

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som forskningsrådgjevarer løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1364 - seniorrådgjevar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Generell informasjon:

Me gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hull i CV.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Eirin Fausa Pettersen, avdelingsleder, tlf , 55 58 75 19 / 951 43

Søk stilling

Powered by Labrador CMS