Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Postdoktor i idrettsvitskap

Søknadsfrist: 23.04.2020

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program.

Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.

Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for idrett, kosthald og naturfag har ca 110 tilsette i Sogndal, Bergen og på Stord. Fagområda i instituttet omfattar idrett, kroppsøving, fysisk aktivitet, folkehelse, friluftsliv, naturfag og mat og helse. Instituttet er og ansvarleg for oppfølging av Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet.

Instituttet har ansvar for fleire utdanningar på bachelornivå innan idrett, kroppsøving, friluftsliv og folkehelse. I tillegg kjem masterutdanningar i idrettsvitskap og fysisk aktivitet og kosthald i eit skulemiljø. Instituttet gir og undervisning på sine fagområde på alle nivå i barnehagelærarutdanninga, praktisk-pedagogisk utdanning og ved grunnskulelærarutdanningane, og bidreg i fakultetet sitt Ph.D.-program Danning og didaktiske praksisar.

Tilsette på instituttet er involvert i forsking og utviklingsarbeid som er relevant for aktiviteten ved fakultetet og deltek i faglege nettverk både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet er og ein viktig aktør regionalt og nasjonalt for å bidra til vidareutdanning og kompetanseutvikling i skule, barnehage, idrett, friluftsliv, helse- og treningssenterbransje m.m.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei stilling som postdoktor innan idrettsvitskap ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI).

Stillinga er knytt til forskingsprosjektet Active Learning Norwegian Preschool(er)s (ACTNOW). ACTNOW er eit storskala forskings- og utviklingsprosjekt knytt til kompetanseutvikling i høve til fysisk aktivitet i barnehagen. Målet er å utvikle gode og bærekraftige modellar for auka fysisk aktivitet i barnehage og undersøke effekten av fysisk aktivitet på barns generelle utvikling, læring og helse. Prosjektet er leia av professor Eivind Aadland ved Institutt for idrett, kosthald og naturfag (IIKN), FLKI, campus Sogndal, her også postdoktoren vil ha sin arbeidsstad/tilknyting. Den utlyste stillinga er innafor tematikken fysisk aktivitet, leik, motorikk, sosio-emosjonell helse, sjølvregulering, kognitiv funksjon og læring, og har ei kvantitativ tilnærming. Stillinga lysast ut over 4 år med 25% pliktarbeid. Postdoktoren vil vere ein del av HVL sitt fagmiljø innafor idrettsutdanninga og barnehagelærarutdanninga, og det strategiske forskingsprogrammet Idrett, fysisk aktivitet og kosthald.

Ansvars- og arbeidsområde:

  • Utvikle eigne forskingsspørsmål og forskingsområde.
  • Planlegge, koordinere og gjennomføre datainnsamling.
  • Leie kvalitetsvurdering og analysar av data.
  • Framstille og presentere forsking skriftleg og munnleg i ulike fora, primært vitskaplege tidsskrift og konferansar.
  • Bidra konstruktivt i forskargruppa fysisk aktivitet og folkehelse.
  • Undervisning på vidareutdanninga Fysisk-motorisk utvikling og aktivitet i barnehagen, ev. andre relevante emner på master idrettsvitskap, bachelor idrett, fysisk aktivitet og helse og barnehagelærarutdanninga, samt rettleiing av PhD-kandidat.

Kvalifikasjonskrav:

Doktorgrad i idrettsvitskap, psykologi eller tilsvarande fag/kvalifikasjonar, må vere oppnådd ved søknadsfristen.

Søkjarar må leggje ved eit forslag til prosjekt for kvalifiseringsarbeidet. Prosjektskildringa på inntil fem sider som presenterer og grunngjev tema, problemstilling og val av teori og metode for eit potensielt prosjekt må også innehalde ein framdriftsplan. Det forutsettes at søkjar vil kunne gjennomføre prosjektet i løpet av tilsettingsperioden. Prosjektskildringa blir brukt til vurdering av kvalifikasjonane til kandidaten.

Følgjande kvalifikasjonar vil bli særskilt vektlagt: Faglege kvalifikasjonar innanfor det utlyste området, med vekt på tema i doktoravhandlinga og metodiske kvalifikasjonar. Vitskaplege publikasjonar vil og bli vektlagt.

Ønska kvalifikasjonar:

  • Har god innsikt i samanhengane mellom fysisk aktivitet, fysisk- og mental utvikling hjå barn.
  • Har solid erfaring med datainnsamling og databehandling knytt til motorikk, sosio-emosjonell helse, sjølvregulering og kognitiv utvikling hjå barn.
  • Har god innsikt i kvantitativ metode og avansert statistisk analyse.
  • Har solid erfaring med gjennomføring av større forskingsprosjekt.
  • Har solid erfaring med tiltaksforsking i barnehage og/eller skule.
  • Har tidlegare publikasjonar med relevans for utlysinga.
  • Har undervisingskompetanse.

Personlige egenskaper:

  • God evne til munnleg og skriftleg kommunikasjon.
  • God evne til sjølvstendig og systematisk arbeid.
  • God samarbeidsevne.
  • Evne til å ta initiativ.
  • Kommuniserer særs godt på norsk og godt på engelsk.

Korleis søkje på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillingen” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt eige ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder masteroppgaven/hovedfagsoppgaven og inntil 5 vitskaplege arbeid dei ønskjer å ha med i vurderinga, fullstendig publikasjonsliste, prosjektbeskrivelse, attestar og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrift eller anna dokumentasjon ikkje er på et skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiat stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din.

Søkjarar til vitskaplege stillingar vert vurdert av eit sakkunnig utval. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, inntil 5 vitskapelege arbeid. På bakgrunn av utvalet si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveforelesning. Tilsettingsorgan er tilsettingsutvalget ved Høgskulen på Vestlandet.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse.
  • Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling.
  • Moglegheiter for trening i arbeidstida.

Stillinga som postdoktor vert løna i stillingskode 1352, LR24. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.

Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningsliner som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at i henhald til ny offentleglov kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg, sjølv om søkjaren har anmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjara vil bli varsla om slik anmodning ikkje vert teke til følgje. Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetting, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Professor Eivind Aadland, e-post: eivind.aadland@hvl.no, telefon: 57 62 60 86.

2) Assisterande instituttleiar Ane Solbraa, e-post: ane.solbraa@hvl.no, telefon: 57 67 60 81 / 909 53 275.

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS