LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Ledig 40 % stilling som høgskulelektor i norsk - Fakultet for ingeniør- og naturvitskap

Søknadsfrist: 16.05.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 700 årsverk og 16 600 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for ingeniør- og naturvitskap har om lag 300 tilsette og om lag 3200 studentar. Fakultetet har eit breitt utdanningstilbod både på bachelor og masternivå innan ingeniør- og naturfag, samt PhD-utdanning innan datateknologi.


Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling forskar på innovasjon og tilbyr masterutdanning innan innovasjon og entreprenørskap. Dykkarutdanninga tilbyr eittårig fagskuleutdanning.Hovuddelen av fakultetets verksemd er i Haugesund, Bergen, Sogndal og Førde, men vi tilbyr også desentralisert utdanning i Florø, Kristiansund og på Stord.

Fakultetets verksemd er internasjonalt forankra og skjer i tett samarbeid med regionale bedrifter, klynger, helseføretak og offentleg sektor, inkludert andre institusjonar i universitets- og høgskulesektoren. Dette gjeld både forsking, utvikling, innovasjon og ikkje minst utdanning med studentprosjekt på alle nivå.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei fast 40 % stilling som høgskulelektor ved Fakultet for ingeniør- og naturvitskap

Om stillinga:

Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledig ei fast 40% stilling som høgskulelektor hovudsakleg innan fagområdet norsk, men og med noko undervisning i engelsk.

Stillinga er knytt til Fakultet for ingeniør og naturvitskap, Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag, campus Førde eller Haugesund. Undervisninga vil vere for studentar på begge campus, men noko kan vere nettbasert. Det vil vere behov for ein del reiser til det andre campuset. Alternativt kan stillinga delast i to mindre stillingar, der ein er stadsplassert i Førde og ein i Haugesund.

Ansvars- og arbeidsområde:

  • Arbeidsoppgåver er i hovudsak knytt til emnet kommunikasjon og norsk, det inngår og noko undervisning i engelsk. Emnet vert undervist på Forkurs for ingeniør- og sivilingeniørutdanning i Førde. Forkurset kvalifiserer for opptak til 3-årig ingeniørutdanning for dei som har VG1 og VG2 frå yrkesfaglege utdanningsprogram.
  • I tillegg er oppgåvene knytt til undervisning i kommunikasjon og norsk på y-veg i Haugesund og Førde. Studentar på y-veg har grunnlag i relevant fagbrev. Første studieår har y-vegsstudentane undervisning i kvalifiseringsfaga kommunikasjon, norsk og noko engelsk, relatert mot teknologi.

Kvalifikasjonar:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Mastergrad eller hovudfag i norsk eller tilsvarande
  • Undervisningskompetanse i norsk og engelsk
  • Det vil bli lagt vekt på pedagogisk kompetanse og erfaring med undervisningsarbeid

Ønska kvalifikasjonar:

  • Erfaring med nettundervisning og digitale plattformar

Personlege eigenskapar:

  • Evne til samarbeid med kollegaer og studentar innan teknologi
  • Evne til å arbeide sjølvstendig
  • Gode formidlingsevner

Kriteriene for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskarstillingar

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som er lagd inn i www.jobbnorge.no ved utløp av søknadsfristen. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

  • vitskapleg arbeid (inntil 5 stk.)
  • fullstendig publikasjonsliste
  • attestar og vitnemål
  • dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga er større enn 15MB må dei komprimerast før opplasting, eller leggjast ved som lenkje.

Søknadene blir sendt elektronisk til eit sakkunnig utval. På bakgrunn av utvalet si vurdering vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling
  • Moglegheit for trening i arbeidstida

Stillinga som høgskulelektor er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1008 - høgskolelektor.

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at i tråd med Offentleglova, kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Søkjar blir varsla dersom førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert teken til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Brit Julbø, Assisterende instituttleder IDER Haugesund, [email protected]

2) Eli Nummedal, Assisterende instituttleder IDER Førde, [email protected]

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS