LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Fagseksjonsleiar - bachelor sjukepleie

Søknadsfrist: 18.04.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 430 tilsette og om lag 4500 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram. Fakultetet tilbyr Ph.d.-utdanningane "Helse, funksjon og deltaking" og "Ansvarlig innovasjon og regional utvikling" (Responsible Innovation and Regional Development - RESINNREG). Fakultetet har ein vitskapleg ambisjon om å styrke forskingsbasert undervisning, rettleiing og praksis innan områda helse,

funksjon og deltaking.

Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.

Ved institutt for helse- og omsorgsvitskap er vi om lag 210 tilsette og om lag 2400 studentar fordelte på studiestadane Førde, Bergen, Haugesund og Stord. Vi tilbyr bachelorutdanningar i sjukepleie og masterstudium i klinisk sjukepleie med sju ulike fordjupingsområde. I tillegg har vi masterstudium i jordmorfag, masterstudium innan helse- og sosialtenester, masterstudium i helse- og omsorgsvitskap, samt ei rekkje vidareutdanningar. Forskinga vår er retta mot å styrke kunnskapsgrunnlaget innan klinisk sjukepleie, kvalitet og innovasjon i helse- og omsorgstenester, folkehelse og livsstil samt utdanningskvalitet.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Fakultet for helse- og sosialvitskap, er det ledig 100 % stilling som fagseksjonsleiar ved bachelorutdanning i sjukepleie – campus Stord.

Fakultet for helse- og sosialvitskap, Institutt for helse og omsorgsvitskap, har ledig 100% stilling som fagseksjonsleiar. Stillinga som fagseksjonsleiar er på åremål og gjeld for perioden 01.08.2021 til 31.07.2025.

Fagseksjonsleiar vil ha ansvar for utdanning og fagmiljø knytt til bachelorutdanning i sjukepleie campus Stord.

Fagseksjonsleiar er ein del av leiinga ved Institutt for helse- og omsorgsvitskap, og har eit medansvar for utvikling av instituttet i samsvar med fakultetet sine målsettingar og strategi.

Arbeidsstaden er campus Stord.

Ansvars- og arbeidsområde:

  • Ansvar for fagleg kvalitet i utdanning og forsking innanfor fagseksjonen sine område
  • Ansvar for dagleg drift av studium og utvikling av eit godt læringsmiljø
  • Personal- og HMS-ansvar for fagseksjonen sine tilsette
  • Sikre at studieplanane er i samsvar med fastsette krav og vidareutvikle kvalitet og relevans i studieprogrammet
  • Bidra til samarbeid på tvers av fagseksjonar og institutt
  • Bidra til å utvikle forskingsbasert utdanning
  • Arbeide for internasjonalisering av utdanning og forsking
  • Systematisk kvalitetssikring og kvalitetsutvikling av utdanninga og følgje opp studentevalueringar og andre tilbakemeldingar med sikte på at studentane lukkast i utdanninga
  • Medverke til god rekruttering av studentar og tilsette
  • Bidra til å vidareutvikle relasjonane til samarbeidspartnarar knytt til fagseksjonen sin utdanning og fagområde
  • Tilrettelegge for at tilsette deltek i forskingsgrupper på tvers av fagseksjonar og institutt
  • Ansvarleg for at fagseksjonen sine økonomiske råmer vert haldne, og sikre god og føremålstenleg bruk av fagseksjonen sine ressursar

Arbeidsoppgåvene kan bli endra som følgje av strategiske vedtak i HVL eller fakultetet

  • Mynde i stillinga er delegert frå instituttleiar, og fagseksjonsleiaren rapporterer til instituttleiar
  • Inngå i instituttet si leiargruppe og har medansvar for utvikling av instituttet i samsvar med fakultetet sin strategi og målsettingar

Kvalifikasjonar:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Høgare grads utdanning med relevans for stillinga, fortrinnsvis førstekompetanse
  • Dokumentert kompetanse og erfaring innanfor fagseksjonen sitt fagområde
  • Leiarerfaring og dokumenterte resultat frå fagleg leiarstilling blir vektlagt

Generelle kompetansekrav:

  • God forståing for høgskulen sitt samfunnsoppdrag
  • God pedagogisk kompetanse
  • Erfaring frå, og kunnskap om universitets- og høgskulesektoren
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Personlege eigenskapar:

  • Gode leiareigenskapar og ein motiverande og inkluderande leiarstil med vekt på samarbeid og medverknad
  • Evne til strategisk heilskapleg perspektiv
  • Gode evner til kommunikasjon, samhandling og til å bygge tillit og relasjonar internt og eksternt
  • Gjennomføringsevne og resultatorientering
  • Løysings - og utviklingsorientering
  • Stort engasjement for å nå høgskulen sine ambisjonar

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg, attestar og vitnemål, er lagt inn innan fristen. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving- og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som fagseksjonsleiar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1473.

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova, kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert teken til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:

  • Dekan Randi Skår, tlf 57 67 61 51 / 951 46 987
  • Instituttleiar Georg Førland, tlf 52 70 26 36 / 948 65 911

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS