Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Førstekonsulent eksamen - campus Førde

Søknadsfrist: 26.05.2020

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Høgskulen på Vestlandet har ledig fast stilling som førstekonsulent ved eining for eksamen

Høgskulen på Vestlandet (HVL) har ledig fast 100 % stilling som førstekonsulent ved Eining for eksamen ved campus Førde.

Eining for eksamen høyrer til Avdeling for studieadministrasjon, som har omlag 55 tilsette fordelt på alle dei fem studiestadane til HVL. Eksamensarbeid er i stor endring i høve til digitale arbeidsprosessar og stillinga vil vere med å forme utviklinga av dette.

Arbeidsstad er campus Førde.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • eksamensførebuande arbeid og gjennomføring av eksamen, samt informasjons- og rettleiingsansvar knytt til eksamensrelevante spørsmål
  • sakshandsaming (søknads- og klagehandsaming av enkeltvedtak)
  • samarbeid med fakulteta sine faglege- og administrativt tilsette

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • bachelorgrad eller spesialistutdanning tilpassa dei oppgåvene som skal utførast. Relevant erfaring/realkompetanse kan kompensere for utdanning
  • erfaring frå liknande arbeid i universitets- og høgskulesektoren er ein fordel
  • erfaring med sakshandsaming i offentleg sektor og juridisk kompetanse blir lagt vekt på.
  • gode språkkunnskapar i norsk og engelsk, god skriftleg framstillingsevne
  • god digital forståing og kompetanse vil vere ein fordel

Det er ønskjeleg med erfaring med bruk av Felles studentsystem (FS), men dette er ikkje eit krav.

Personlege eigenskapar:

  • fleksibel, sjølvstendig, og med gode samarbeidseigenskapar
  • trivast med å arbeide i eit hektisk miljø
  • serviceinnstilt
  • løysingsorientert og systematisk

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førstekonsulent er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1408 - førstekonsulent.

For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan stillingskode 1363 - seniorkonsulent vurderast.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Einingsleiar eksamen Gunhild Raunsgard, tlf 55 58 76 28

2) Avdelingsleiar Espen Fosse, tlf 52 70 26 16

Søk stilling

Powered by Labrador CMS