Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 400 tilsette og om lag 4900 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram.
Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap ansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG), som er eit samarbeid på tvers av fakulteta.
Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.
Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for helse- og sosialvitskap har ledig ei fast stilling som studierettleiar ved Studieadministrasjonen, campus Stord, Sogndal, Førde, Bergen eller Haugesund
Stillinga er ein del av fakultetet sin studieadministrasjon og rapporterer til studieadministrativ leiar. Til stillinga ligg ansvar for rettleiing av studentar, handsaming av studieadministrative saker, kvalitetssikring av studieprogram og emne, og samarbeid med fagmiljøet. Andre relaterte ansvarsområde kan også vere aktuelle.
Meir informasjon om arbeid med kvalitet i utdanningane ved FHS finn du her
Arbeidsstaden er ved campus Stord, Sogndal, Førde, Bergen eller Haugesund.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Den som blir tilsett må kunne utføre koordineringsarbeid, sakshandsaming, utgreiingsarbeid, og/eller andre oppgåver som føreset stor grad av sjølvstende, analytisk kompetanse og evne til problemløysing.
Aktuelle arbeidsoppgåver kan vere:
Arbeid med utdanningsplanar og klargjering av vitnemål
Sakshandsaming av studentsaker
Rettleiing av studentar
Administrativ støtte til råd og utval
Kvalitetssikring av studieadministrativt arbeid knytt til studieprogram og emne
Rettleie vitskapleg tilsette i bruk av emneplanlegging på nett (EpN)
Arbeid med studentrekruttering og internasjonalisering
Samarbeid med emneansvarlege, fagseksjonsleiarar og instituttleiarar
Samarbeid med personar i fakultetsadministrasjonen og fellesadministrasjonen på alle fem campus
Kvalifikasjonskrav:
Formell utdanning og kompetanse:
Relevant høgare utdanning på bachelor- eller masternivå
Relevant erfaring frå forvalting og sakshandsaming
Gode IKT-kunnskapar
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Lang og relevant erfaring/realkompetanse kan kompensere for utdanningskravet
Ønska kvalifikasjonar:
Erfaring frå og god kunnskap om universitets- og høgskulesektoren
Erfaring frå rettleiing av studentar
Spisskompetanse innan studieadministrative oppgåver
Erfaring med FS og EpN arbeid
Erfaring frå utgreiings- og kvalitetssikringsarbeid
Personlege eigenskapar:
Strukturert og sjølvstendig
God til å koordinere og planlegge eige arbeid
Gjennomføringsevne og løysingsorientering
Gode evner til kommunikasjon og samhandling
Positiv og gode samarbeidsevner
Motivasjon og personleg eignaheit vert tillagd stor betydning
Vi tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som studierettleiar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1363 - seniorkonsulent.For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å tilsett i stillingskode 1434 - rådgjevar.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.