Spennende jobbmulighet i Nevroklinikken ved HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS!

Studiekoordinator med medikamentansvar

Søknadsfrist: 15.05.2022

Helse Bergen

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Om Neuro-SysMed

Neuro-SysMed er eit NFR-finansiert forskingssenter for klinisk behandling i nevrologi, med Haukeland Universitetssjukehus og Universitetet i Bergen som vertskap. Senteret er leia av professor Kjell-Morten Myhr (senterleiar) og professor Charalampos Tzoulis (vise-senterleiar). Neuro-SysMed gjennomfører grensesprengande klinisk forsking, med ambisjon om å oppdage og prøve ut effektiv behandling for: Parkinsons sjukdom (PD), fleire formar for demens inkludert Alzheimers sjukdom (AD), multippel sklerose (MS) og amyotrofisk lateral sklerose (ALS). At vi kan tiltrekke oss, og behalde, arbeidstakarar med høg kompetanse er ein fundamental føresetnad for vidare suksess i senteret.

Meir informasjon om Neuro-SysMed her.

Om stillinga

Vi søkjer etter ein koordinator og studiemedikament-ansvarleg for våre kliniske studiar. Du vil delta i planlegging og gjennomføring av kliniske studiar. Du vil jobbe saman med ei tverrfagleg gruppe av forskarar, legar og sjukepleiarar.

Arbeidsoppgåver

  • Delta i koordinering av kliniske studiar
  • Ha ansvar for blinding, pakking og utsendelse av studiemedikamenter ved enkelte akademisk-initierte studiar
  • Sørgje for at studiar blir gjennomført i tråd med plan, protokoll, godkjenningar og GCP
  • Samarbeide med andre sjukehus om gjennomføring av nasjonale studiar
  • Etablere avtalar med interne og eksterne aktørar
  • Bidra til søknadar om ekstern finansiering for våre kliniske studiar
  • Samarbeide med legemiddelindustrien og medisinsk-teknisk industri for å gjere avtalar om å gjennomføre studiar i senteret
  • Arbeide med søknadar til regional etisk komité (REK), legemiddelverket, personvernombod og andre instansar om godkjenning av planlagde studiar
  • Bidra til at senteret har ein vel fungerande klinisk utprøvingseining

Kvalifikasjonar

Vi ønskjer ein kandidat som har erfaring med å koordinere kliniske studiar.

Nødvendig kunnskap, ferdigheiter og erfaring:

  • Erfaring med planlegging, koordinasjon og utføring av kliniske studiar
  • Erfaring frå gjennomføring av multisenter-studiar
  • God kjennskap til dei reglane som gjeld for kliniske studiar i Noreg
  • Meistre flytande norsk, både skriftleg og munnleg
  • Meistre engelsk, både skriftleg og munnleg

Ønska kunnskap, ferdigheiter og erfaring:

  • Erfaring med kommunikasjon og koordinering i miljø med fleire team
  • Anna forskingserfaring, eller klinisk bakgrunn, tel positivt
  • Kjennskap til handtering av studiemedikament tel positivt

Personlege eigenskapar

  • Trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Kan bidra til godt samarbeid og eit godt arbeidsmiljø
  • Er pågåande og har eit ønskje om innovasjon og å gjere ein skilnad
  • Er villig til å ta ansvar for prosessar, og følgjer dei til dei er fullførd
  • Er særs god på å arbeide på eit lag
  • Visar initiativ og har høg arbeidskapasitet
  • Er i stand til å motivere andre og etablere samarbeid på tvers av miljø
  • Er villig til å gjere seg kjend med nye emne og område
  • Er god på å arbeide strategisk, strukturert og med sikte på fristar
  • Arbeider sjølvstendig og er god på problemløysing

Vi tilbyr

  • Fagleg og personleg utvikling i eit sterkt fagleg, internasjonalt og triveleg arbeidsmiljø
  • Spennande jobb-utfordringar, med gode muligheiter for karrierebygging
  • Konkurransedyktig løn
  • Medlemskap i KLP, med pensjonsrettighetar
  • Haukeland universitetssjukehus er ein IA-arbeidsgjevar

MangfaldserklæringFøretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Webcruiter-ID: 4514933904

Søk på stillingen

Kontaktinformasjon:

Powered by Labrador CMS