To stillingar som førsteamanuensis - Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap
Søknadsfrist: 18.05.2020
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Førsteamanuensis - to stillingar
Vi ønskjer deg velkomen som søkjar til to faste stillingar som førsteamanuensis innan administrasjon og organisasjonsvitskap ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap, Universitetet i Bergen.
Instituttet har ein profil som eit statsvitskapleg fag basert på ei organisasjonsfagleg tilnærming til studiet av offentleg politikk, offentleg administrasjon og politiske institusjonar. Forskingsaktiviteten ved instituttet er organisert i forskargrupper. Søkjarar til stillingane blir rådde til å orientere seg om undervisningstilbodet og forskingsprofilen ved instituttet, sjå: http://www.uib.no/admorg
Vi søkjer dedikerte forskarar, rettleiarar og undervisarar med gode samarbeidsevner som kan styrke forskinga og undervisningsprogramma ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap. Vi vil leggje vekt på at dei som blir tilsette er personleg eigna for stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha doktorgrad i statsvitskap eller tilsvarande, med relevans for instituttet sin faglege profil.
Søkjarar må ha vist evne til systematisk publisering av forskingsresultat utover doktorgrad på høgt internasjonalt nivå. Forskinga frå dei siste fem åra vil bli tillagt særleg vekt.
God dokumentert progresjon i forsking og publisering og klare planar for framtidig forsking og publisering er ønskjeleg.
Ved vurdering av det vitskaplege arbeidet vil forskinga frå dei siste fem åra bli tillagt særleg vekt.
Erfaring med å utvikle, administrere og drive større eksternt finansierte forskingsprosjekt er ønskjeleg.
Solid erfaring med samfunnsvitskapeleg metode er ønskjeleg.
Den som blir tilsett må kunne undervise både på høgare og lågare grads nivå ved instituttet. Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjing. Instituttet har og eit internasjonalt MPA-program der undervisningsspråket er engelsk.
Utdanningsfagleg kompetanse
Til stilling som førsteamanuensis vert det kravd grunnleggjande kompetanse for undervising og rettleiing på universitets- og høgskulenivå (sjå lenkje) . Dette inneber fullført universitetspedagogisk utdanning, samt grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervising og rettleiing. Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetting, må krava vere oppfylte innan to år.
Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisingsfilosofi og vurdering av eigen undervising i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning.
Vi tilbyr:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
Løn etter lønssteg 68-75 (kode 1011/LR 24) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 615 900 – 704 900 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Det vises til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor si normale arbeidsplikt og faglege kompetanse kan den som blir tilsett også bli pålagt undervisning, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til.