Førsteamanuensis II i utøvande musikk, klassisk song
Søknadsfrist: 23.01.2022
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Førsteamanuensis II i utøvande musikk, klassisk song
Ved Griegakademiet - Institutt for musikk, er det ledig ei bistilling som førsteamanuensis II i utøvande musikk, klassisk song (20%) i fire år. Tilsetjing er ønska frå snarast mogleg.
Arbeidsoppgåver/forskingsområde:
Vi søkjer ein førsteamanuensis II til undervisning i klassisk song på bachelor- og masternivå (klassisk studieretning). Fagmiljøet vil knytte til seg ein fagperson med kompetanse innan solistisk utøving, kammermusikk- og scenisk erfaring, og med brei sjanger- og repertoarerfaring. Vi ynskjer ein fagperson som kan bidra til å vidareutvikle kunstnarleg verksemd, kunstnarleg utviklingsarbeid, og undervisning i ein breidtt orientert songsseksjon som vektlegg å utvikle stemmen som instrument med fokus på sunn og god stemmeføring, primært med spesialisering innan arbeid med stemmefag tenor, baryton og bass.
Undervisninga vil primært verte knytt til studieretning for klassisk musikk, men den som vert tilsett bør og vere open for undervisningsoppgåvar som inkluderer studentar frå andre studieretningar og studieprogram. Undervisning vil i hovudsak omfatte arbeid med hovudinstrument og ev bi-instrument på våre studietilbod innan utøvande musikk samt innan ensemblespel/kammermusikk.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Dokumentert kompetanse som førsteamanuensis i fagområdet ved søknadsfristen
Dei best kvalifiserte søkarane vil bli kalla inn til intervju av ei intern intervjugruppe, og vil også kunne måtte halde prøveundervisning for instituttets stab og studentar.
I tillegg vil det bli lagt vekt på:
Pedagogiske evner og engasjement
Gode samarbeidsevner med vekt på dialog og inkluderande fagleg kommunikasjon
Perspektiv på høgare kunstutdanning og erfaring frå undervisning på universitetsnivå
Organisatorisk erfaring
Erfaring med undervisning av stemmefag tenor, baryton og bass
Undervisningsspråket er skandinavisk og engelsk. Det blir stilt krav om at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjing. Søkjarar som ikkje kan dokumentere utdanningsfagleg kompetanse før tilsetjing vil få tilbod om opplæring.
Vi tilbyr:
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
Stilling som førsteamanuensis (kode 1011) i lønssteg 64 – 72 (lønsramme 24:8) med løn kr. 583 500 – 677 600 brutto i året i fulltidsstilling. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særlig kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
Det blir kravd at ein rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Korleis arbeidstida fordelast, går fram av den årlege individuelle arbeidsplanen som utarbeidast i dialog med den enkelte tilsette og instituttleiar. Instituttleiar har ansvar for å koordinere det totale studietilbodet ved instituttet.
Søknaden skal innehalde:
CV
Vitnemål
Attestar
Dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse
Sakkunnig vurdering som dokumenterer kompetanse som førsteamanuensis
På bakgrunn av desse opplysningane vil den sakkunnige komiteen gjere ein gjennomgang av søkjarane. Deretter vil fakultetet invitere dei best kvalifiserte søkjarane til å sende inn vitskaplege arbeid.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.