LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis II (20%) i komposisjon ved Griegakademiet

Søknadsfrist: 01.04.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis

Ved Griegakademiet - Institutt for musikk er det ledig ei bistilling i toårig åremål som førsteamanuensis II (20 %) i fagområdet komposisjon. Tilsetjing er ønska frå 01.08.23.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Til stillinga ligg undervisningsoppgåver knytt til studieretninga komposisjon innanfor studieprogrammet BA i Utøvande musikk eller komposisjon, og til masterprogrammet i Utøvande musikk eller komposisjon, eventuelt ph.d. rettleiing. Den som vert tilsett vil gje individuell undervisning i hovuddisiplin komposisjon, samt gruppeundervisning innan fagområdet. Vi ynskjer å knyte til oss ein fagperson med brei kompetanse innan fagområdet, og som kan bidra til å styrke kompetansen innan eit eller fleire av følgjande kompetanseområde: musikkteknologi, musikkanalyse eller instrumentasjon. Undervisningsoppgåver knytt til andre studieretningar eller studieprogram kan òg bli aktuelt.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Ph.d.-grad i komposisjon, eller dokumentert kompetanse som førsteamanuensis innan fagområdet komposisjon.
  • Dokumentert kunstnarleg arbeid eller utviklingsarbeid på høgt internasjonalt nivå som komponist.
  • Dokumentert utdanningsfagleg kompetanse, sjå Regler for vurdering av utdanningsfagleg kompetanse ved UiB. Kravet om dokumentert utdanningsfagleg kompetanse kan i særlege tilfelle fråvikast.

Dei best kvalifiserte søkjarane vil bli kalla inn til intervju av ei intern intervjugruppe, og vil også måtte halde prøveundervisning for stab og studentar ved instituttet.

I tillegg vil det bli lagt vekt på:

  • Ein utvikla praksis innan fagområdet komposisjon.
  • Erfaring med undervisning på universitetsnivå.
  • Gode samarbeidsevner, med vekt på dialog og inkluderande fagleg kommunikasjon.
  • Organisatoriske evner og erfaring.
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar.
  • Kompetanse innan musikkteknologi, instrumentasjon og/eller musikkanalyse

Det er òg sterkt ynskjeleg at den som vert tilsett kan tilby kontinuerleg undervisning.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø.
  • Stilling som førsteamanuensis (kode 1011) i årsløn frå kr. 665 000 – 715 000 brutto i året i fulltidsstilling). Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV med oversikt over kunstnarleg produksjon
  • Vitnemål
  • Attestar
  • Materiale som dokumenterer kompetanse som førsteamanuensis

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Instituttleiar Randi Rolvsjord, e-post: randi.rolvsjord@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS