LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis i systemdynamikk

Søknadsfrist: 12.12.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis

Det er ei ledig stilling som førsteamanuensis i systemdynamikk ved Det samfunnsvitskapelige fakultet, Universitetet i Bergen.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Gruppa for systemdynamikk tilbyr utdanning og forsking i systemdynamikk, dvs. modellbaserte studiar av komplekse, dynamiske system. Gruppa er vert for ein M.Phil. og eit doktorgradsprogram. Desse programma er blant dei leiande utdanningsprogramma for systemdynamikk globalt og rekrutterer studentar frå alle delar av verda. Gruppa for systemdynamikk har omfattande samarbeid med akademiske institusjonar i mange land finansiert av EU, Belmont Forum og andre. Dei har og samarbeid med internasjonale organisasjonar som Millennium Institute og UNEP. Gruppa for systemdynamikk tilbyr MOOC-basert utdanning for studiepoeng og er i ferd med å tilby ei rekke nye MOOC-baserte kurs finansiert av EU sitt Erasmus+ program.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Utdanning

  • Søkarar må ha doktorgrad i systemdynamikk eller tilsvarande kvalifikasjonar i systemdynamikk.

Forsking

  • Søkarane må ha vist evne til å publisere forskingsresultat utover doktorgrad på eit høgt internasjonalt nivå innan faget (tidskrift, lærebok etc.).
  • Ved vurdering av det vitskaplege arbeidet, vil forskinga frå dei siste fem åra bli særleg vektlagt.
  • Søkarar skal demonstrere fagleg kompetanse innan bruk og vidareutvikling av systemdynamikkteori, metodar, teknikkar og verktøy. Det er ønskeleg og spesielt relevant med erfaring i bruk av systemdynamikk til å studere omstilling til eit berekraftig samfunn eller natursystem.
  • Vi forventar at søkarane vil bidra til følgande prioriterte tema for gruppa si forsking: modellbasert analyse av politikk for berekraftig utvikling og vidareutvikling av avanserte kvantitative metodar for analyse av dynamiske system. Det vil bli lagt vekt på kunnskap og forsking i parameterestimering og modellvalidering, formell analyse av modellåtferd i komplekse modellar, og optimalisering.
  • Det er ønskeleg at søkar demonstrerer erfaring i ein eller fleire av følgande metodar for innhenting av kunnskap og for formidling av innsikt: gruppemodellbygging, eksperimentelle teknikkar, utforming av interaktive læringsmiljø, samt kvalitative og kvantitative metodar for datainnsamling og analyse.
  • Søkarar skal gi ein oversikt over dei internasjonale publikasjonane som inngår i søknaden og er relevante for stillinga. Søkarar skal og demonstrere erfaring med å skrive prosjektsøknader, med å initiere og fullføre forskingsprosjekt, og med samarbeid i internasjonale nettverk av forskarar – særleg innan relevante område for stillinga.

Personlige kvalitetar

  • Samarbeidseigenskapar, planar for forsking, og ambisjonar for eiga undervisning blir vektlagt.

Undervisning

  • Søkar bør ha betydeleg erfaring i å undervise på høgskule / universitetsnivå.
  • I tråd med arbeidet med å digitalisere læring ved Universitetet i Bergen, bør søkarar være godt førebudd på å delta i utvikling og vurdering av innovative, nettbaserte læringsteknologiar og i bruk av desse.
  • Undervisningsspråket vil normalt vere engelsk. Som ein konsekvens av den internasjonale profilen til Gruppa for systemdynamikk, vil og språkkunnskap generelt bli verdsett. Universitetet i Bergen tilbyr kurs i norsk for nye tilsette som ikkje er kjent med norsk eller andre skandinaviske språk.

Utdanningsfagleg kompetanse

Til stilling som førsteamanuensis vert det kravd grunnleggjande kompetanse for undervising og rettleiing på universitets- og høgskulenivå (sjå link). Dette inneber fullført universitetspedagogisk utdanning, samt grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervising og rettleiing. Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetting, må krava vere oppfylte innan to år.

Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisingsfilosofi og vurdering av eigen undervising i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø med fokus på viktige problemstillingar.
  • Løn etter lønssteg 68-75 (kode 1011) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 626 100 – 715 900 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse og gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Følgjebrev som syner motivasjon for å søke på stillinga og gir ei oppsummering av planlagt forskingsaktivitet framover
  • CV
  • 5 vitskapelege arbeid med opplysningar om kvar dei er publisert. Forskinga frå dei siste fem åra vil bli særleg vektlagt.
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Medforfattarerklæringar der kor det er naudsynt for å klargjere ditt bidrag
  • Undervisingsportfolio. Ei samla framstilling som syner di erfaring innan undervising og rettleiing. Legg gjerne ved pedagogiske publikasjonar, eigenutvikla undervisingsmateriell, evalueringsrapportar og motekne undervisningsprisar.
  • Godkjente kopiar av vitnemål og attestar
  • Kontaktinformasjon til to referansar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastas opp i Jobbnorge.

Søknadsfrist: 12.12.2021 .

Søknaden skal merkast: 21/16969

Vi ber søkarar om å følje rettleiinga for søkarar til mellomstillingar ved Det samfunnsvitskaplege fakultet. Link til rettleiinga.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor i systemdynamikk Birgit Kopainsky, Gruppa for systemdynamikk, Det samfunnsvitskaplege fakultet, birgit.kopainsky@uib.no, +47 55 58 30 92
  • Leiar for institutt for geografi Peter Andersen, peter.andersen@uib.no

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til: pernille.hole@uib.no, Seniorkonsulent HR-seksjonen.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Det vises til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor si normale arbeidsplikt og faglege kompetanse kan den som blir tilsett også bli pålagt undervisning, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS