LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis i statsvitskap

Søknadsfrist: 21.11.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis i statsvitskap

Vi ønskjer deg velkomen som søkjar til en fast stilling som førsteamanuensis i statsvitskap ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap, Universitetet i Bergen.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Instituttet har ein statsvitskapleg profil og legg vekt på studiar av offentleg politikk, organisering og administrasjon, demokrati og deltaking, og politikkutforming og politiske institusjonar på lokalt, nasjonalt og internasjonalt nivå. Forskingsaktiviteten ved instituttet er organisert i forskargrupper. Søkjarar til stillingane blir rådde til å orientere seg om undervisningstilbodet og forskingsprofilen ved instituttet, sjå her.

Vi søkjer dedikerte forskarar, rettleiarar og undervisarar med gode samarbeidsevner som kan styrke forskinga og undervisningsprogramma ved instituttet. Vi vil leggje vekt på at dei som blir tilsette er personleg eigna for stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha doktorgrad i statsvitskap eller tilsvarande, med relevans for instituttet sin faglege profil.
  • Søkjarar må ha vist evne til systematisk publisering av forskingsresultat utover doktorgrad på høgt internasjonalt nivå. Forskinga frå deisiste fem åra vil bli tillagt særleg vekt.
  • God dokumentert progresjon i forsking og publisering og klare planar for framtidig forsking og publisering er ønskjeleg.
  • Erfaring med å utvikle, administrere og drive større eksternt finansierte forskingsprosjekt er ønskjeleg.
  • Solid erfaring med samfunnsvitskapleg metode er ønskjeleg.
  • Vi vil leggje stor vekt på at den som vert tilsett er personleg eigna for stillinga. Samarbeidsegenskaper, planer for forskning og ambisjoner for egen undervisning tillegges vekt.

Den som blir tilsett må kunne undervise både på høgare og lågare grads nivå ved instituttet. Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjing.

Utdanningsfagleg kompetanse

Til stilling som førsteamanuensis vert det kravd grunnleggjande kompetanse for undervising og rettleiing på universitets- og høgskulenivå (sjå lenkje). Dette inneber fullført universitetspedagogisk utdanning, samt grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervising og rettleiing. Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetting, må krava vere oppfylte innan to år.

Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisingsfilosofi og vurdering av eigen undervising i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn etter lønssteg 68-75 (17.510/kode 1011/LR 24) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på NOK 626 100 – 715 900 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Følgjebrev som synar motivasjon for å søkja på stillinga og gjer ei oppsummering av planlagt forskingsaktivitet framover
  • CV
  • Inntil 5 vitskapelege arbeid med opplysningar om kvar dei er publisert. Forskinga frå dei siste fem åra vil bli tillagt særleg vekt
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Medforfattarerklæringar der kor det er naudsynt for å klargjere ditt bidrag
  • Undervisingsportfolio. Ei samla framstilling som synar din erfaring innan undervising og rettleiing. Legg gjerne ved pedagogiske publikasjonar, eigenutvikla undervisningsmateriell, evalueringsrapportar og eventuelle mottekne undervisningsprisar
  • Godkjente kopiar av vitnemål og attester
  • Kontaktinformasjon til to referansar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastas opp i Jobbnorge.

Søknadsfrist: 21. november

Søknaden skal merkast: 2021/14456

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til seniorkonsulent HR Hanne Cappelen; hanne.cappelen@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Det vises til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor si normale arbeidsplikt og faglege kompetanse kan den som blir tilsett også bli pålagt undervisning, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS