LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis i statsvitskap - erfaringsbasert master i offentleg forvaltning

Søknadsfrist: 16.06.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis i statsvitskap med ansvar for erfaringsbasert mastergrad i offentleg forvaltning

Vi ønskjer deg velkomen som søkjar til ein fast stilling som førsteamanuensis i statsvitskap ved Institutt for politikk og forvaltning, Universitetet i Bergen. Stillinga er knytt til etablering, fagleg utvikling og koordinering av ein erfaringsbasert mastergrad i offentleg forvaltning. Den som tilsetjast vil ha eit spesielt ansvar for den statsvitskapelege delen av mastergraden.

Vi søkjer ein fagleg dyktig og engasjert forskar, rettleiar og undervisar med gode samarbeidsevner som kan styrke forskinga og undervisningsprogramma ved instituttet. Stillinga er delt likt mellom forsking og undervisning. I forskingsdelen av stillinga vil den som tilsetjast forventast å vidareføre sin forskingsaktivitet innan instituttets forskingsområde og drive dette på eit høgt vitskapeleg nivå.

Instituttet har ein statsvitskapleg profil og legg vekt på studiar av offentleg politikk, organisering og administrasjon, demokrati og deltaking, politikkutforming og politiske institusjonar på lokalt, nasjonalt og internasjonalt nivå. Søkjarar blir rådde til å orientere seg om undervisningstilbodet og forskingsprofilen ved instituttet.

Den planlagde erfaringsbaserte mastergraden er ein felles grad på 90 studiepoeng og er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen og Norges Handelshøyskole (NHH). Programmet er eit deltidsstudium retta mot erfarne medarbeidarar og leiarar i den statlege sentralforvaltninga, i departement og underliggjande etatar. Programmet er tverrfagleg og tilbyr kurs med utgangspunkt i statsvitskap, rettsvitskap, samfunnsøkonomi, innovasjon og omstilling.

Den som tilsetjast vil ha fagleg programansvar for det erfaringsbaserte masterprogrammet i offentleg forvaltning, og vil vere ansvarleg for planlegging, koordinering, gjennomføring og utvikling av programmet saman med samarbeidspartane ved NHH og UiB, og dedikerte administrative ressursar på instituttet. Ved eventuell endring av EVU porteføljen kan det og verte aktuelt å undervise på dei andre studieprogramma ved instituttet.

Vi legg vekt på at den som blir tilsett er personleg eigna for stillinga.

Om studieprogrammet

Det erfaringsbaserte masterprogrammet i offentleg forvaltning handlar om korleis stats- og forvaltningsapparatet kan bidra til å løyse store samfunnsutfordringar og gjenstridige problem som krev tverrfaglege perspektiv og arbeidsmåtar. Stats- og forvaltningsapparatets kontinuerlege arbeid med endringar og reformer som skal bidra til berekraftig utvikling, er eit overordna tema, og samspel mellom ulike nasjonale og internasjonale organ, styringsnivå og sektorar har ein sentral plass. Programmet legg til rette for at erfarne medarbeidarar frå ulike delar av statsforvaltninga skal lære med og av kvarandre, og legg vekt på praksisnær undervisning. Programmet koplar den akademiske kunnskapsfronten med praktisk erfaring, blant anna gjennom å involvere gjesteforelesarar og faglege bidragsytarar frå departement, sentrale forvaltningsaktørar og relevante delar av næringslivet i undervisninga. Programmet består av fleire valfrie emne og avsluttast av ei masteroppgåve på 30 studiepoeng. Undervisninga er samlingsbasert, og vil hovudsakleg finne stad i Bergen og i Oslo.

Ein meir detaljert omtale av programmet kan sendast på førespurnad.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha doktorgrad i statsvitskap eller eit anna samfunnsfag med klar relevans for instituttet sin faglege profil og relevant for innrettinga til det erfaringsbaserte masterprogrammet.
  • Søkjarar må ha vist evne til publisering av forskingsresultat utover doktorgrad både nasjonalt og internasjonalt. Ved vurdering av det vitskaplege arbeidet vil forskinga frå dei siste fem åra bli lagt særleg vekt på.
  • Brei undervisningserfaring frå høgare utdanning generelt er ein føresetnad, og erfaring frå etter- og vidareutdanning og undervisningserfaring innanfor fagområde som offentleg forvaltning, styring og organisering, og reformar i offentleg sektor er spesielt ønskjeleg.
  • Søkjarar bør ha erfaring med å planlegge, koordinere og gjennomføre undervisning.
  • Erfaring med å arbeide i tverrfaglege team er ein fordel.
  • Erfaring med å utvikle, administrere og drive større eksternt finansierte prosjekt er ønskjeleg.
  • Det er eit krav om god kjennskap til norsk språk. Den som vert tilsett må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk ved oppstart.
  • Pedagogisk basisutdanning er eit krav for stillinga. Den som blir tilsett vil få tilbod om opplæring om kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing.

Arbeidsstad vil vere i Bergen. I tilknyting til undervisningsdelen av stillinga må det påreknast noko reising (samlingar à 2-3 dagar).

Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju og prøveforelesing etter ei sakkyndig vurdering.

Utdanningsfagleg kompetanse

Til stilling som førsteamanuensis vert det kravd grunnleggjande kompetanse for undervising og rettleiing på universitets- og høgskulenivå (sjå lenkje). Dette inneber fullført universitetspedagogisk utdanning, samt grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervising og rettleiing. Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetting, må krava vere oppfylte innan to år.

Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisingsfilosofi og vurdering av eigen undervising i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø.
  • Brutto årsløn som førsteamanuensis (kode 1011), utgjer for tida NOK 661400 – 728100 (lønssteg 70-75). For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Gode karrieremoglegheiter, inkludert moglegheita til å søkje om opprykk til professor.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidsverksemd (IA-verksemd).
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse og gode velferdsordningar.

Søknaden skal innehalde:

  • Følgjebrev som synar motivasjon for å søkja på stillinga og gir ei oppsummering av planlagt forskingsaktivitet framover.
  • CV som inkluderer ei fullstendig liste over akademiske publikasjonar.
  • Skanna versjon av originale eller attesterte kopiar av alle vitnemål frå universitet/høgskular.
  • Utdanningsfagleg mappe og refleksjonsnotat (meir informasjon her). Vi ber om at denne undervisningsportfolioen vert fylt ut og lagt ved søknaden.
  • Opplysningar om administrativ røynsle og andre relevante kvalifikasjonar.
  • Inntil 5 vitskapelege arbeid. Forsking frå dei siste fem åra vil bli tillagt særleg vekt.
  • Namn og kontaktinformasjon til tre referansepersonar.

Søknad og vedlegg med sertifiserte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastas opp i Jobbnorge.

Vedlegg skal lastast opp som PDF-filer.

Søknadsfrist: 16. juni 2023

Søknaden skal merkast: 2023/4594.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte:

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til HR rådgjevar Gudrun Horvei, gudrun.horvei@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Rettleiing for utforming av søknad, her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS