Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Førsteamanuensis
Ved Sosiologisk institutt, Universitetet i Bergen, er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis i sosiologi. Stillinga krev undervisning på norsk ved tilsetting
Den som får stillinga er forventa å delta i forskinga og undervisninga ved instituttet og arbeidet med å styrke eksternt finansiert forsking. Det er ynskjeleg at den som vert tilsett bidrar til å utvikle eit eller fleire av instituttet sine profilområde og interessefelt, og har ein positiv haldning til å ta på seg administrative oppgåver ved instituttet.
Arbeidsoppgåver:
Ansvar for undervisning og forsking i sosiologi
Ansvar for å forske innan eige fagfelt og forskingsinteresse
Deltaking i vidare utvikling av det akademiske feltet og undervisning
Deltaking i instituttets strategiske arbeid
Ansvar for administrative oppgåver
Rettleiing av bachelor-, master og doktorgradkandidatar
Eksamensarbeid på alle nivå
Ansvar for å søke eksterne forskingsmidlar
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha doktorgrad eller tilsvarande i sosiologi
Det er ynskjeleg at søkjarane har synt evne til å publisere forskingsresultat utover doktorgrad på eit høgt internasjonalt nivå innan sosiologi.
Søkjaren må vera villig og i stand til å undervise obligatoriske emne i sosiologi på både bachelor og masternivå, og å delta i planlegging og gjennomføring av undervisning, rettleiing og eksamensarbeid
Vurdering og rangering vil ta omsyn til det tidsspennet resultata er oppnådde innanfor, og det vil verta lagt mest vekt på nyleg oppnådde resultat.
Vi vil leggje vekt på at den som vert tilsett er personleg eigna for stillinga og har gode samarbeidseigenskapar
Den som blir tilsett må kunne undervise både på høgare - og lågare grads nivå ved instituttet. Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett kan undervise på norsk ved tilsetting. Arbeidsstaden for stillinga er Bergen, og arbeidet føreset at ein i kvardagen er fysisk til stades ved Sosiologisk institutt.
Utdanningsfagleg kompetanse
Til stilling som førsteamanuensis vert det kravd grunnleggjande kompetanse for undervising og rettleiing på universitets- og høgskulenivå (sjå lenkje). Dette inneber fullført universitetspedagogisk utdanning, samt grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervising og rettleiing. Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetting, må krava vere oppfylte innan to år.
Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisingsfilosofi og vurdering av eigen undervising i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning.
Vi tilbyr:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
Årsløn som førsteamanuensis, stillingskode 1011, mellom kr. 757 600 – 797 000 ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Følgjebrev som synar motivasjon for å søkja på stillinga og gjer ei oppsummering av planlagt forskingsaktivitet framover
CV
Opptil 7 vitskapelege arbeid med opplysningar om kvar dei er publisert.
Fullstendig publikasjonsliste
Medforfattarerklæringar der kor det er naudsynt for å klargjere ditt bidrag
Undervisningsportfolio. Ei samla framstilling som synar din erfaring innan undervisning og rettleiing. Vennligst fyll ut dette skjemaet og legg ved søknaden Legg gjerne ved pedagogiske publikasjonar, eigenutvikla undervisningsmateriell, evalueringsrapportar og eventuelle mottekne undervisningsprisar.
Godkjente kopiar av vitnemål og attester
Kontaktinformasjon til to referansar
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastas opp i Jobbnorge.
Søknadsfrist: 15. september 2025.
Søknaden skal merkast: 25/6336
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til: gudrun.horvei@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.