LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis i sosiologi

Søknadsfrist: 25.04.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis i sosiologi

Ved sosiologisk institutt, Universitetet i Bergen, er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis i sosiologi.

Sosiologisk institutt er ein del av det samfunnsvitskapelege miljøet ved Universitetet i Bergen, har 13 tilsette i faste vitskaplege stillingar, og samarbeider med andre sosiologmiljø nasjonalt og internasjonalt. Forskinga ved instituttet har ein bred fagleg profil konsentrert om tre område: Velferd, ulikskap og livsløp (VUL), Migrasjon, integrasjon og mobilitet (MIM) og Arbeid, kunnskap og utdanning (AKU). Vi har og ei gruppe knytt til arbeid med kvantitativ metode. Instituttet har eit årsstudium, bachelorprogram og masterprogram i sosiologi, og frå hausten 2021 master i sosiologi med integrert praktisk-pedagogisk utdanning (lektorprogram med master i sosiologi).

Den som får stillinga er forventa å delta i forskinga og undervisninga ved instituttet og arbeidet med å styrke eksternt finansiert forsking. Det er ynskjeleg at den som vert tilset bidrar til å utvikle eit eller fleire av instituttet sine profilområde og interessefelt, og har ein positiv haldning til å ta på seg administrative oppgåver i leiinga av instituttet.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

  • Ansvar for undervisning og forsking i sosiologi, inkludert kvantitative forskingsmetodar
  • Deltaking i vidare utvikling av det akademiske feltet og undervisning
  • Deltaking i instituttets strategiske arbeid
  • Ansvar for administrative oppgåver
  • Rettleiing av bachelor-, master og doktorgradkandidatar
  • Eksamensarbeid på alle nivå
  • Ansvar for å forske innan eige fagfelt og forskingsinteresse
  • Ansvar for å søke eksterne forskingsmidler

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha doktorgrad i sosiologi eller tilsvarande kvalifikasjonar.
  • Det er ynskjeleg at søkjarane har synt evne til å publisere forskingsresultat utover doktorgrad på eit høgt internasjonalt nivå innan faget.
  • Ved vurdering av det vitskaplege arbeidet, vil forskinga frå dei siste fem åra verte tillagt særleg vekt.
  • Søkjarar må ha den metodologisk kompetansen som trengs for å undervise i kvantitative samfunnsvitskapelege metode på alle nivå.
  • Søkjaren må vera villig og i stand til å undervise obligatoriske emne i sosiologi på både bachelor og masternivå og deltaka i planlegging og gjennomføring av undervisning, rettleiing og eksamensarbeid
  • Vi vil leggje stor vekt på at den som vert tilsett er personleg eigna for stillinga. Samarbeidseigenskapar, planer for forsking og ambisjonar for eiga undervisning vert tillagd vekt.

Den som blir tilsett må kunne undervise både på høgare og lågare grads nivå ved instituttet. Undervisningsspråket er til vanleg norsk, og kursa i metode er gitt på norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjing.

Utdanningsfagleg kompetanse

Til stilling som førsteamanuensis vert det kravd grunnleggjande kompetanse for undervising og rettleiing på universitets- og høgskulenivå sjå lenkje. Dette inneber fullført universitetspedagogisk utdanning, samt grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervising og rettleiing. Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetting, må krava vere oppfylte innan to år.

Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisingsfilosofi og vurdering av eigen undervising i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 68-75 (kode 1011) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 618 600 – 708 000 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse og gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Følgjebrev som synar motivasjon for å søkja på stillinga og gjer ei oppsummering av planlagt forskingsaktivitet framover
  • CV
  • Inntil 5 vitskapelege arbeid for vurdering med opplysningar om kvar dei er publisert. Forskinga frå dei siste fem åra vil bli tillagt særleg vekt.
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Medforfattarerklæringar der det er naudsynt for å klargjere ditt bidrag
  • Undervisingsportfolio. Ei samla framstilling som synar din erfaring innan undervising og rettleiing. Legg gjerne ved pedagogiske publikasjonar, eigenutvikla materiell for undervising, evalueringsrapportar og motekne undervisningsprisar.
  • Godkjente kopiar av vitnemål og attester
  • Kontaktinformasjon til to referansar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastas opp i Jobbnorge.

Søknadsfrist: 25.april 2021.

Søknaden skal merkast: 21/2267

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til fakultetets HR-seksjon v/ Hanne Cappelen, hanne.cappelen@uib.no Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Det vises til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor si normale arbeidsplikt og faglege kompetanse kan den som blir tilsett også bli pålagt undervisning, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS