Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Førsteamanuensis i nordisk litteraturvitskap

Søknadsfrist: 12.04.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis

Ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis i nordisk litteraturvitskap, med oppstart 1. januar 2021.

LLE har kring 80 vitskapleg tilsette, 15 administrativt tilsette, kring 30 ph.d.-stipendiatar og 10 postdoktorar. Instituttet femner om faga allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske fag, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk og fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, språkvitskap og teatervitskap.

Av dei fast tilsette ved LLE arbeider for tida fire i 100 %-stillingar med nordisk litteraturvitskap. Den utlyste stillinga kjem i tillegg. Til miljøet høyrer også stipendiatar i disiplinen og tilsette i andre disiplinar innanfor nordiske fag.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Stillinga omfattar undervisning, forsking, formidling og administrasjon. Det blir kravd at den som får stillinga kan undervise og rettleie innanfor fagets emneportefølje i nordisk litteraturvitskap frå norrøn tid og til i dag og utvikle undervisningsopplegg i nordisk litteraturvitskap.

Den som vert tilsett, skal ta del i undervisninga i samsvar med dei studieordningane som gjeld. Arbeidsoppgåvene omfattar undervisning, rettleiing og eksamensarbeid for studentar på alle nivå og innanfor alle program der nordisk litteraturvitskap inngår.

Den som tek til i stillinga, har rett og plikt til å drive forsking innanfor sitt fagområde, og vil også ha ulike fagleg-administrative oppgåver. Det er eit krav at alle dei tilsette, utan omsyn til vitskapleg spesialisering, syner ansvar for heilskapen i det faglege miljøet og gjer sitt til at undervisningstilbodet kan haldast oppe og utviklast.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og deltek i instituttet si drift. Det blir kravd at ein rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjarar må ha forskingskompetanse tilsvarande norsk doktorgrad i nordisk litteraturvitskap eller eit tilsvarande fag. Ein vil leggje vekt på både fagleg breidde og særskild spesialistkompetanse.

Søkjarane må ha publisert forskingsresultat utover doktorgrad på eit høgt internasjonalt nivå innan faget. Det er ein føremon med røynsle frå forskingssamarbeid og internasjonalt samarbeid. Erfaring frå forskingsleiing og -formidling vert òg positivt vektlagt. Røynsle i å hente inn eksternfinansiering av forsking vil òg bli tillagt vekt. I vurderinga av det vitskaplege arbeidet vil forsking frå dei siste fem åra bli tillagt særleg vekt.

Det er framfor alt ønskjeleg at den som vert tilsett, har forskingskompetanse i nordisk litteraturvitskap frå 1500-talet og fram til i dag. Det er ein føremon om søkjaren kan vise til arbeid om ikkje berre norske, men òg andre nordiske forfattarskap. Det er òg ein føremon om søkjaren kan dokumentere kompetanse innanfor litteraturvitskapleg kvinne- og kjønnsforsking.

Den som vert tilsett, skal undervise om nordisk litteratur og gi rettleiing i skriftleg norsk. Det er derfor eit krav at han eller ho kan undervise på eit skandinavisk språk og kan rettleie arbeid skrivne på norsk, både bokmål og nynorsk.

Til stilling som førsteamanuensis vert det kravd grunnleggjande kompetanse i undervising og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her.

Den som blir tilsett, må vere godt personleg eigna for stillinga. Samarbeidsevner, pågåande forsking og potensial til å styrke instituttet si faglege tyngde i åra framover blir difor tillagt vekt.

Vi tilbyr:

  • Løn tilsvarande lønssteg 64 i Statens regulativ ved tilsetjing (kode 1011 / lønsramme 24, alternativ 8), for tida kr. 572 700,- før skatt. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Slik søkjer du på stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenka «SØK STILLINGEN» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet, og søknaden skal innehalde:

1. CV

2. Vitnemål frå universitet/høgskule og attesta

3. Namn og kontaktinformasjon på tre referansepersonar

4. Oversikt over undervisningserfaring, administrativ erfaring og eigne forskingsplanar

5. Dokumentasjon av pedagogiske kvalifikasjonar (utdanning, undervisningspraksis eller anna relevant pedagogisk røynsle)

6. Fullstendig publikasjonsliste

7. Inntil 5 vitskapelege arbeid (arbeida kan inkludere avhandlingar, monografiar eller artiklar). I tillegg kan det sendast inntil 5 populærvitskapelege og praksisretta arbeid t.d. læremiddel.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format.

Den sakkunnige komiteen kan i særskilde tilfelle be om ettersending av dokumentasjon.

Vitskaplege arbeid som ikkje er tilgjengelege i elektronisk form, skal sendast i tre eksemplar til Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, Postboks 7805, 5020 Bergen.

Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju og prøveforelesing.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å ta kontakt med:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Spørsmål til den elektroniske søkeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Rettleiing for utforming av søknad her.

Søknadsfrist: 12. april 2020

UiB-ID: 2020/1776

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS