LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis i mellomalderarkeologi

Søknadsfrist: 18.04.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis

Ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR) er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis i mellomalderarkeologi.

Instituttet legg vekt på fagleg breidde, og det blir utøvd arkeologisk forsking innanfor alle periodar og gjeve undervisning for studentar på lågare grad (bachelor), høgre grad (master) og på doktorgradsnivå (ph.d.). I tillegg til den utlyste stillinga er det i dag 7 faste vitskapelege stillingar i arkeologi ved AHKR.

Mellomalderarkeologi i Bergen har ein sterk fagtradisjon med stor fagbreidde, knytt til både urbane og rurale område og til studiar av både materiell kultur og landskap. Fagfeltet har eit nært samarbeid med Bryggens Museum og Universitetsmuseet. Mellomalderforsking er dessutan eit satsingsområde ved Universitetet i Bergen og Det humanistiske fakultet gjennom den tverrfaglege Mellomalderklynga. I tillegg er arkeologane ved instituttet knytt til dei tverrfaglege forskargruppene «Menneske og materialitet» og «Antikk, mellomalder og tidleg moderne tid».

Kvalifikasjonskrav og arbeidsoppgåver

Den som blir tilsett, må ha relevant forskingskompetanse i mellomalderarkeologi tilsvarande norsk doktorgrad. Kompetanse i nordisk mellomalderarkeologi vil vere ein føremon. I vurderinga av det vitskapelege arbeidet vil forsking frå dei siste fem åra bli tillagt særleg vekt.

Stillinga omfattar undervisning, forsking, formidling og administrasjon. Den som vert tilsett, må kunne undervise og rettleie i nordisk mellomalderarkeologi på alle nivå. Det blir forventa at den som får stillinga også kan dekke vidare tematiske felt i undervisninga, mellom anna metode og teori knytt til historisk arkeologi og europeisk mellomalderarkeologi. Det vil også vere ein føremon å kunne dokumentere ei aktiv og brei interesse for pedagogisk utviklingsarbeid. For å skilje mellom elles likt kvalifiserte kandidatar kan brei undervisningskompetanse i arkeologiske feltmetodar, statistikk eller digital arkeologi (til dømes GIS) vektleggast.

Den som blir tilsett må være godt personleg eigna for stillinga. Samarbeidsevner, pågåande forsking og potensial til å styrke instituttet si faglege tyngde i åra framover blir derfor tillagt vekt. Røynsle i å hente inn eksternfinansiering av forsking vil og bli tillagt vekt.

Til stilling som førsteamanuensis blir det kravd grunnleggjande kompetanse i undervising og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. Dette inneber fullført universitetspedagogisk utdanning, samt grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervising og rettleiing. Relevante kurs i kombinasjon med eiga praktisk undervising vil kunne erstatte universitetspedagogisk program. Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetjing, må krava vere oppfylte innan to år.

Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisingsfilosofi og vurdering av eiga undervising i høve til kunnskap om studentar si læring i høgare utdanning. Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her.

Undervisnings- og administrasjonsspråket er til vanleg norsk. Den som blir tilsett, må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan tre år frå tilsetjing. Det vil bli gitt tilbod om norskopplæring.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og deltek i instituttet si drift. Det blir kravd at ein rettar seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Vi tilbyr

  • Løn tilsvarande lønssteg 64 (kode 1011/LR24) i statens regulativ. Dette utgjer ei årsløn på 575.200,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk innan oppgitt frist via lenke på denne sida «SØK STILLINGA».

Dette må vere inkludert i søknaden:

1. Søknadsbrev

2. CV

3. Skanna versjon av originale eller attesterte kopiar av alle vitnemål frå universitet/høgskular

4. Utdanningsfagleg mappe med refleksjonsnotat

5. Informasjon om og dokumentasjon av administrativ røynsle og anna tidlegare verksemd

6. Publikasjonsliste (som vedlegg)

7. Inntil 5 vitskaplege arbeid (kan inkludere avhandlingar, monografiar eller artiklar) som det skal takast omsyn til i vurderinga8. Namn og kontaktinformasjon for tre referansepersonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format. Vitskaplege arbeid som ikkje er tilgjengelege i elektronisk form, skal sendast i tre eksemplar til Universitetet i Bergen, AHKR, Postboks 7805, 5020 Bergen.

Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju og prøveforelesing.

Spørsmål til den elektroniske søkeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få gjennom å ta kontakt med:

  • Instituttleiar, professor Jan Heiret, per e-post, jan.heiret@uib.no eller tlf. + 47 55 58 97 62, eller
  • Fagkoordinator for arkeologi, førsteamanuensis Daniela Hofmann, per e-post, daniela.hofmann@uib.no eller tlf. +47 55 58 22 06

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Rettleiing for utforming av søknad her.

Søknadsfrist: 18.04.2021

UiB-ID: 2021/2379

SØK STILLINGA

Powered by Labrador CMS