LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis i fysioterapi

Søknadsfrist: 06.06.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Institutt for global helse og samfunnsmedisin

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis

Ved Det medisinske fakultet er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis i fysioterapi (100 %) i fagområde helsevitskap ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS). I særskilte tilfelle kan det verte aktuelt å tilsette to personar i 50% stilling.

Vi søkjer ein medarbeidar med bakgrunn som fysioterapeut som saman med andre tilsette ved instituttet vil bidra til framifrå forsking og undervisning. Stillinga er knytt til Klinisk masterprogram i manuell terapi (MMT). Instituttet har fleire forskingsgrupper som understøtter forskningsbasert undervisning, med bl.a. forskingsgruppe Fysioterapi som forskar på rehabilitering ved muskel/skjelett-skader og -lidingar. Den vi søkjer er samarbeidsorientert og i ein aktiv fase av karrieren, og har fagleg tyngde innafor eit forskingsfelt som er relevant for instituttet.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Den som vert tilsett skal leie og initiere forskingsprosjekt, undervise og rettleie studentar og stipendiatar, samt ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer. Det vert forventa at den tilsette regelmessig sender søknadar til relevante nasjonale og internasjonale kjelder for forskingsfinansiering.

Undervisningsplikta i stillinga er først og fremst knytt til Klinisk masterprogram i manuell terapi. Undervisingsspråk er først og fremst norsk/skandinavisk, men engelsk undervisning førekjem.

Den som vert tilsett vil og ta på seg oppgåver som programutvikling, emneansvar, eksamensarbeid og utdanningsleiing. Men personen som vert tilsett pliktar å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har.

Det vert forventa høge ambisjonar og god kvalitet med omsyn til forsking og undervisning, samt aktiv deltaking i instituttet og fakultetet sitt strategiarbeid og faglege aktivitetar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Kvalifiserte søkjarar har norsk doktorgrad i eit relevant fagfelt, eller tilsvarande kompetanse
  • Søkjar må ha godkjent fysioterapiutdanning og mastergrad innan relevant emne. Det er ein føremon å ha mastergrad i manuell terapi.
  • Klinisk erfaring som fysioterapeut er sterkt ønskeleg
  • Erfaring med tverrfagleg arbeid i forsking og undervising er ein føremon
  • Søkjar må dokumentere eiga forsking innan relevante felt. Aktivitet dei seinare åra vil bli vektlagt. Dokumentert evne til å skape forskingsmiljø og til å skaffe eigne forskingsmidlar vil vere ein styrke. Det vert lagt vekt på erfaring med leiing av forskingsprosjekt, koordinering av forskingsaktivitet, samt forskingsstrategisk arbeid
  • Omfattande erfaring med undervisning og rettleiing på mastergradsnivå er ønskeleg, og det er ein føremon med rettleiingserfaring på doktorgradsnivå

Søkjar bør ha formelle pedagogiske kvalifikasjonar innan universitetspedagogikk/rettleiing. Det vert lagt vekt på gode praktisk-pedagogiske evner og kvalifikasjonar.

Leiaregenskaper er sterkt ønskeleg, og det vert lagt stor vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid og fyller krav til utdanningsfagleg kompetanse. Den ideelle kandidaten publiserer på høgt internasjonalt nivå, kan vise til søknader og tilslag frå nasjonale og internasjonale finansieringskjelder for forsking og utdanningsarbeid, og har etablert, eller er i ferd med å etablere, eiga forskingsgruppe. Resultat oppnådd dei siste 5-7 år vil bli særleg vektlagt ved bedømminga. Den ideelle kandidaten har også erfaring med undervisning på bachelor- og masternivå eller i profesjonsutdanningar, og frå rettleiing av ph.d-kandidatar. Erfaring frå ulike nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar, og evne til å etablere internasjonale nettverk vil telje positivt ved bedømminga, og det same gjer også erfaring av og interesse for innovasjon. Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.

Undervisningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå retningsliner for oppretting av ei pedagogisk mappe på Eining for læring. Førsteamanuensis vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing. Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga, kurs vert tilbode.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • Løn er for tida kr 692 400 - 720 100 (kode 1011, lønssteg 70-72), eller løn for spesialist kr 720 100 - 745 000 (kode 1011, lønssteg 72-74). Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • God pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev som fortel kvifor du søkjer stillinga
  • Utfyllande CV samt relevante vitnemål og attestar
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Pedagogisk mappe, sjå Eining for læring
  • Ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (høgst 10). For kvart arbeid skal det følgje med eit kort samandrag som omtalar dei viktigaste funna i arbeidet
  • Dei 10 vitskaplege arbeida frå punktet over i pdf-format Begrenset tilgang / restricted access
  • Plan for eiga forsking dei neste fem åra (maks 5 A4-sider)
  • Namn og kontaktinformasjon til minst to referansar

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleder Guri Rørtveit e-post: guri.rortveit@uib.no, tlf: 55586141 eller
  • Professor Jan Magnus Bjordal e-post: jan.bjordal@uib.no; tlf: 55586037

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS