LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis i amerikansk litteratur og kultur

Søknadsfrist: 22.08.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis i amerikansk litteratur og kultur

Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Bergen lyser ut ei fast stilling som førsteamanuensis i amerikansk litteratur og kultur ved Institutt for framandspråk. Startdato er 1. august 2022 eller så snart som mogleg etter dette.

Institutt for framandspråk (IF) har i overkant av femti fast vitskapleg tilsette, ti administrativt tilsette, og kring 25 ph.d.-stipendiatar og postdoktorar. Ved instituttet blir det forska og undervist i faga arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, tysk og spansk språk og latinamerikastudium. Engelsk er det største av desse faga og har for tida femten faste vitskaplege stillingar: seks innanfor litteraturdisiplinen, seks i lingvistikk og tre i fagdidaktikk. Faget tilbyr kurs på alle nivå i desse disiplinane, inkludert lektorutdanning.

Instituttet og fakultetet har ei rekkje forskargrupper og avtalar om utveksling og samarbeid med land i Europa, Afrika, Asia, Nord- og Latin-Amerika, i tillegg til samarbeid med andre norske universitet og høgskular.

Undervisning- og forskingsoppgåver

Til stillinga som førsteamanuensis i amerikansk litteratur og kultur ligg det forsking, rettleiing, undervisning og utvikling av kurs og studentevalueringar på alle nivå, i tillegg til administrative plikter innanfor faget og instituttet. Det blir forventa at den som tek til i stillinga også medverkar til/deltar i undervisning knytt til lektorprogrammet.

Vi søkjer kandidatar med ekspertise som kan supplere eksisterande forsking og undervisningsfelt på faget. Søkjarane må ha brei erfaring med og kunnskap om amerikansk litteratur og kultur. Andre interessante fagfelt som kan komplettere eksisterande forsking på faget, inkluderer men er ikkje avgrensa til populærkultur, visuell og/eller kulturell estetikk, interdisiplinære amerikanske studiar, sjangerstudiar og kjønnsstudiar. Kandidatar må vere i stand til å undervise eit breitt spekter av kurs i litteratur og kultur på lågare og høgare nivå, inkludert oversynskurs i amerikansk litteratur og kultur, meir spesialiserte og avanserte kurs på bachelor- og masternivå, og gje rettleiing på alle nivå inkludert ph.d.

Instituttet legg til grunn at den som vert tilsett, tek del i den kontinuerlege utviklinga av forskingsmiljøet, og kandidatane må dokumentere kompetanse innan prosjektleiing, koordinering av forskingsaktivitet og strategisk forskingsplanlegging og undervisning. Det blir forventa at den som får stillinga, tek del i og utviklar forskingssamarbeid mellom engelskfaget ved Universitetet i Bergen og andre relevante forskingsmiljø nasjonalt og internasjonalt.

Det er mogleg å søkje om opprykk til professor etter ei akademisk kompetansevurdering basert på retningslinene frå Universitets- og høgskulerådet.

Undervisningsspråket er engelsk, men det er eit krav at den tilsette innan tre år kan norsk, eller eit anna skandinavisk språk, på B2-nivå. Universitetet tilbyr norskkurs for utanlandske arbeidstakarar.

Kvalifikasjonar

For å bli vurdert til stillinga må søkjarane ha norsk doktorgrad eller tilsvarande i det relevante fagfeltet. Erfaring frå undervisning og rettleiing på bachelor- og masternivå i amerikansk litteratur og kultur er ein føresetnad.

Til stilling som førsteamanuensis vert det kravd grunnleggjande kompetanse i undervisning og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. Dette inneber fullført universitetspedagogisk utdanning og grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervising og rettleiing. Relevante kurs i kombinasjon med eiga praktisk undervising vil kunne erstatte universitetspedagogisk program. Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetjing, må krava vere oppfylte innan to år.

Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisingsfilosofi og vurdering av eiga undervising i lys av kunnskap om studentar si læring i høgare utdanning. Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her.

Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.

Evaluering

I vurderinga av søkjarane vert det lagt vekt på:

  • Kvaliteten og relevansen av forsking og publisering sett i lys av det karrierestadiet kandidaten er på
  • Undervisningserfaring på lågare og høgare nivå
  • Annan bakgrunn som er relevant for stillinga slik ho er skissert i denne utlysinga
  • Stipend, prisar og/eller forskingsprosjekt

Søkjarane vil bli vurderte og rangerte av ein sakkunnig komité, som vil leggje hovudvekta på forskinga til kandidatane. Dei best kvalifiserte vil bli inviterte til intervju og bedne om å gje ei prøveforelesing. Den endelege vurderinga legg i tillegg til dette vekt på kandidaten sine personlege eigenskapar for stillinga.

Andre krav

Alle tilsette må, utan omsyn til akademisk spesialisering, dele på ansvaret for å utvikle faget og kurstilbodet, og alle må vere villige til å ta på seg administrative oppgåver slik som komitéarbeid og verv på programmet, instituttet og fakultetet.

Tilsette ved Universitetet i Bergen kan bli sette til undervisning, rettleiing og eksamensarbeid innanfor eige fagfelt også utanfor instituttet dei er tilsette ved. Tilsetjing i stillinga krev at ein utfører sine arbeidsplikter ved campus Universitetet i Bergen og deltek i den daglege drifta til instituttet

Søknaden

Søknaden skal sendast elektronisk og innan fristen via lenka SØK STILLINGEN på denne sida.

Søknaden skal innehalde:

1. CV som inkluderer ei fullstendig liste over akademiske publikasjonar

2. Vitnemål og karakterutskrifter som dokumenterer fullførte gradar (skanna versjon av originalar eller rettkjende kopiar av alle vitnemål frå høgare utdanning)

3. Informasjon om og dokumentasjon av pedagogiske kvalifikasjonar

4. Utdanningsfagleg mappe og refleksjonsnotat (meir informasjon her)

5. Opplysningar om administrativ erfaring og andre relevante kvalifikasjonar

6. Inntil 5 vitskaplege arbeid (arbeida kan inkludere avhandlingar, monografiar eller artiklar).

7. Namn og kontaktinformasjon til tre referansepersonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format. Komiteen kan be om tilleggsdokumentasjon ved behov.

NB: Søknadene vert vurderte ut frå den informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Søkjaren har sjølv ansvaret for å sjå til at all informasjon er lasta opp før fristen.

Vi tilbyr

  • Løn tilsvarande lønssteg 68 (kode 1011/LR24) i Statens lønsregulativ. Dette utgjer ei årsløn på 625 700 kroner før skattetrekk. Vidare lønsopprykk etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Medlemskap i statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Interesserte kan få meir informasjon om stillinga frå:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare informasjon om tilsetjingsprosessen her.

Veiledning til utforming av søknad her.

Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til fakadm@hf.uib.no.

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS