LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis (100%) i musikkterapi

Søknadsfrist: 15.11.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt.

Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis i musikkterapi

Ved Griegakademiet - Institutt for musikk, er det ledig ei stilling som førsteamanuensis (100 %) i musikkterapi. Tilsetjing er ønska frå januar 2022.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Vi søker ein førsteamanuensis med spesialisert kompetanse innan eitt eller fleire forskingsområde innan musikkterapi, kombinert med ei brei orientering i faget. Den som vert tilsett i stillinga vil bidra med undervisning i ulike kurs og emne i studieprogrammet Integrert master i musikkterapi. Han/ho vil òg få høve til å vere med og ta ansvar for heilskapen i musikkterapi som forskingsbasert fag og utvikle tverrfaglege relasjonar, og ein visjon og posisjon for musikkterapi som eit universitetsfag i utvikling.

Arbeidsoppgåver:

  • Undervisnings og rettleiingsoppgåver på studieprogrammet Integrert master i musikkterapi.
  • Planlegging, organisering og utvikling av studietilbod. Leiaroppgåver knytt til studieprogram kan verte aktuelt
  • Forsking innan musikkterapi, prosjektutvikling/-leiing inkludert.
  • Rettleiing av aktuelle ph.d studentar.
  • Rekrutterings og formidlingsarbeid
  • Administrative oppgåver og andre styringsoppgåver.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Til stillinga som førsteamanuensis må søkaren dokumentere utdanning og kvalifikasjonar som musikkterapeut og fullført ph.d.-utdanning i musikkterapi eller anna relevant fag, norsk eller på tilsvarande nivå internasjonalt, eller ha levert doktoravhandlinga si til bedømming innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at avhandlinga er godkjent før tilsetjing som førsteamanuensis kan skje.

Til stilling som førsteamanuensis vert det kravd grunnleggjande kompetanse for undervising og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. Dette inneber fullført universitetspedagogisk utdanning, samt grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervising og rettleiing. Relevante kurs i kombinasjon med eigen praktisk undervising vil kunne erstatte universitetspedagogisk program. Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetting, må krava vere oppfylte innan to år.

Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notat skal primært vere knytt til eigen undervisingsfilosofi og vurdering av eigen undervising i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning. Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her.

Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.

Den faglege kompetansen vil bli vurdert av ein sakkunnig komité. Dei best kvalifiserte søkjarane vil bli kalla inn til intervju av ei intern intervjugruppe, og vil også kunne måtte halde prøveførelesning for instituttets stab og studentar.

I tillegg vil det bli lagt vekt på:

  • Relevant erfaring frå musikkterapeutisk praksis.
  • Kunnskap og innsikt i det norske velferdssystemet (mellom anna i høve akademia og helsevesenet si organisering)
  • Erfaring med undervisning på universitetsnivå.)
  • Gode samarbeidsevner, med vekt på dialog og inkluderande fagleg kommunikasjon.
  • Forskingskompetanse på internasjonalt nivå
  • Organisatoriske evner og erfaring.
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar.

Undervisningsspråket er skandinavisk og engelsk. Det blir stilt krav om at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjing.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø.
  • Stilling som førsteamanuensis (kode 1011) i lønnssteg 68 - 72 (lønsramme 24:8, med løn kr. 626 100 – 677 600 brutto i året i fulltidsstilling). Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev.
  • CV.
  • Relevante vitnemål og attestar.
  • Samandrag av ph.d.-avhandlinga
  • Fullstendig publikasjonsliste.
  • Ei liste over 5 vitskapelege arbeid med opplysningar om kvar dei er publisert. Forsking frå dei siste fem åra vil bli tillagt særleg vekt. For kvart arbeid skal det følgje med eit kort samandrag som omtalar dei viktigaste funna i arbeidet
  • Dei vitskaplege arbeida frå punktet over i PDF-format. (Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.)
  • Ei oppsummering av planlagt forskingsaktivitet framover.
  • Namn og kontaktinformasjon til tre referansar
  • Dokumentasjon av undervisningserfaring og pedagogiske kvalifikasjonar (pedagogisk mappe) (skjema til nedlasting/utfylling).

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar: Randi Rolvsjord, e-post: randi.rolvsjord@uib.no, tlf: 55 58 73 00/ 975 14 878

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS