Førsteamanuensis / universitetslektor (20 % bistilling) i medisin (koordinator i Helse Førde)
Søknadsfrist: 11.12.2023
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Førsteamanuensis/universitetslektor (20 % bistilling) i medisin(koordinator i Helse Førde)
Ved Det medisinske fakultet er det ledig ei åremålsstilling som førsteamanuensis (20 % bistilling) i medisin ved Klinisk institutt 1 eller Klinisk institutt 2. Stillinga er ledig for ein periode på fire (4) år frå tilsetjing. Stillinga er knytt til fast overlegestilling (minimum 50 %) i Helse Førde/ved Førde sentralsjukehus, med arbeidsstad ved dette sjukehuset. Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar til stilling som førsteamanuensis, er det aktuelt å tilsetje universitetslektor.
Stillinga vil verte lagt til Klinisk institutt 1 eller Klinisk institutt 2 etter kva spesialitet den som vert tilsett har.
Det er eit ønske at søkjar har brei og relevant klinisk erfaring, og at søkjar har eit stort engasjement og interesse for undervisning. Den ideelle kandidaten har stor interesse for å fremje undervisning og god utplasseringspraksis for medisinstudentar som har praksis ved Førde sentralsjukehus. Koordinatoren vil og få støtte av en administrativ koordinator (50 %) som er tilsett i Helse Førde med arbeidsstad ved Førde sentralsjukehus.
Det er om lag 35 medisinstudentar frå semesteremna MED7, MED8 og MED9 som har praksis kvart halvår.
Universitetet i Bergen ved Det medisinske fakultet har samarbeidsavtale med Helse Førde, og det er regelmessige halvårlege møte mellom partane ved leiing og sentrale aktørar. Koordinatoren er invitert til delar av møtet. Koordinatoren er også del av det interne samarbeidet om utdanning i Helse Førde, og er inkludert i internt kompetanse og utdanningsforum.
Arbeidsoppgåver/forskingsområde:
Arbeidsoppgåver i rolla som fagkoordinator:
Den som vert tilsett skal ha rolla som fagleg koordinator for undervisinga av medisinstudentar ved sjukehuset
Koordinere undervisninga for dei som har bistillingar ved Universitetet i Bergen, Klinisk institutt 1 og Klinisk institutt 2
Samarbeide med relevante fagleg og administrativt ansvarlege for studieprogrammet i medisin ved Det medisinske fakultet
Vere delansvarleg for gjennomføringa av studieplanen medan studentane er i praksis ved sjukehuset
Den tilsette pliktar å ta del i undervising og eksamen etter dei studieordningane som er gjeldande. Dette gjeld for alle som er tilsett i denne type stilling ved Universitetet i Bergen.
Arbeidsoppgåver/forskingsområde for førsteamanuensis:
Den som vert tilsett skal leie og initiere forskingsprosjekt, undervise og rettleie studentar og stipendiatar, og ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer. Det vert forventa at den tilsette regelmessig sender søknadar til relevante nasjonale og internasjonale kjelder for forskingsfinansiering.
Undervisningsplikta i stillinga er først og fremst knytt til medisinstudiet, men personen som vert tilsett pliktar å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har. Det vert forventa høge ambisjonar og god kvalitet med omsyn til forsking og undervisning, og aktiv deltaking i instituttet og fakultetet sitt strategiarbeid og faglege aktivitetar.
Arbeidsoppgåver for universitetslektor:
Den som vert tilsett skal undervise og rettleie medisinstudentar, og ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer. Undervisningsplikta i stillinga er først og fremst knytt til medisinstudiet, men personen som vert tilsett pliktar å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har. Det vert forventa høge ambisjonar og god kvalitet med omsyn til undervisning, og aktiv deltaking i instituttet og fakultetet sitt strategiarbeid og faglege aktivitetar.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Kvalifikasjonar og eigenskapar for førsteamanuensis:
Kvalifiserte søkjarar har norsk doktorgrad i eit relevant fagfelt, eller tilsvarande kompetanse, har cand.med.-grad og norsk autorisasjon som lege og fyller krav til utdanningsfagleg kompetanse. Den ideelle kandidaten publiserer på høgt internasjonalt nivå, kan vise til søknader og tilslag frå nasjonale og internasjonale finansieringskjelder for forsking og utdanningsarbeid, og har etablert, eller er i ferd med å etablere, eiga forskingsgruppe. Resultat oppnådd dei siste 5-7 år vil verte særleg vektlagt ved bedømminga. Den ideelle kandidaten har også erfaring med undervisning på bachelor- og masternivå eller i profesjonsutdanningar, og frå rettleiing av ph.d.- kandidatar. Erfaring frå ulike nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar, og evne til å etablere internasjonale nettverk vil telje positivt ved bedømminga, og det same gjer også erfaring av og interesse for innovasjon. Personlege eigenskapar vert vektlagd ved vurderinga.
Undervisningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå retningsliner for oppretting av ei pedagogisk mappe på Eining for læring. Førsteamanuensis vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing.
Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga. Kurs vert tilbode.
Kvalifikasjonar og eigenskapar for universitetslektor:
Søkjar må vere lege (cand.med.-grad) og har spesialitet innan det faget det skal undervisast i
Det er eit ønskje at søkjar har brei og relevant klinisk erfaring, og stort engasjement og interesse for undervisning
Vi tilbyr:
Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
Førsteamanuensis:
Løn er for tida kr 708 000 – 732 300 (kode 1011, lønssteg 71-73), eller løn for spesialist kr 732 300 - 759 100 (kode 1011, lønssteg 73-75). Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
Universitetslektor:
Løn er for tida kr 584 500 – 646 000 (kode 1009, lønssteg 60-66) brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
Ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (høgst 10). For kvart arbeid skal det følgje med eit kort samandrag som omtalar dei viktigaste funna i arbeidet
Dei 10 vitskaplege arbeida frå punktet over i PDF-format
Plan for eiga forsking dei neste fem åra (maks 5 A4-sider)
Namn og kontaktinformasjon til minst to referansar
Søknaden skal innehalde for universitetslektor:
Ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga
Karakterutskrifter (all høgare utdanning) og relevante attestar
Dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse
To referansar (namn og kontaktinformasjon)
Dersom du driv forsking legg du og ved:
Fullstendig publikasjonsliste
Vitskaplege arbeid (maks 10) i PDF-format
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (PDF).
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Instituttleiar professor Christian Vedeler, e-post: christian.vedeler@uib.no eller mobiltlf.: 918 37 971
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane om moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å verte ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.