LEDIG STILLING VED OSLOMET

Førsteamanuensis / førstelektor i barnehagepedagogikk

Søknadsfrist: 07.02.2021

OsloMet

OsloMet – storbyuniversitetet er landets tredje største universitet, med over 20 000 studenter og mer enn 2000 ansatte. OsloMet leverer kunnskap og yrkesutøvere samfunnet er avhengig av, og er tett på arbeidslivets behov. OsloMet er et urbant og mangfoldig universitet med internasjonalt preg og et attraktivt studie- og arbeidssted med studiesteder midt i Oslo og på Kjeller ved Lillestrøm. Tilstedeværelsen i hovedstadsregionen gir universitetet gode muligheter til å forstå og høste fordelene av byens varierte befolkningssammensetning.

Ved Institutt for barnehagelærarutdanning ved Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studiar er det ledig inntil seks 100 % faste stillingar som førsteamanuensis/førstelektor i barnehagepedagogikk med tilsetjing 1. august 2021. Det er spesielt innanfor fagområda leiing, rettleiing og barn med særskilde behov vi treng fleire dyktige medarbeidarar.

Institutt for barnehagelærarutdanning har ca. 2000 studentar og 115 tilsette, og er lokalisert i Pilestredet i Oslo sentrum. Instituttet tilbyr bachelor i barnehagelærarutdanning og master i barnehagekunnskap, samt en rekke etter- og vidareutdanningskurs. Fakultetet tilbyr ph.d. i utdanningsvitskap for lærarutdanning. Instituttet har et utstrekt samarbeid med barnehagar og institusjonar relevant for vårt arbeid. Kollegiet samarbeider i tverrfaglege undervisningsteam. Pedagogikk inngår i mange emnar blant anna kunnskapsområdet «Barns utvikling, leik og læring», vidareutdanning på oppdrag, Regional ordning og Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis.

Les meir om fakultetet og instituttet her.

Les meir om forskargruppene våre her.

Arbeidsoppgåver:

  • undervise, rettleie og vurdere studentar primært på bachelornivå, men og på master- og ev. ph.d.-nivå
  • arbeide med kurs og oppdrag avhengig av søkjar sin kompetanse og instituttet sine behov
  • følgje opp studentar i praksis
  • gjennomføre eige forskings- og utviklingsarbeidLærarutdanningsprofilen og profesjonsretta forskings- og utviklingsarbeid står sentralt ved fakultetet. Difor er det viktig at den som blir tilsett, er innstilt på å orientere seg mot profesjonsspesifikke problemstillingar innanfor barnehagefeltet.
  • ta initiativ til og delta i utviklinga av større forskingsprosjekt og søknader om ekstern finansiering saman med kollegaer i fagmiljøet
  • oppsøkje og delta i forskingssamarbeid med nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar
  • bidra i arbeidet med å vidareutvikle fagmiljøet og utdanningane ved instituttet
  • formidle forskingsresultat til både fagmiljø og samfunnet elles
  • utføre fagleg-administrative oppgåver

Kvalifikasjonskrav:

  • For tilsetjing i stilling som førsteamanuensis krevst det doktorgrad i pedagogikk eller tilsvarande.
  • For tilsetjing i stilling som førstelektor krevst det embetseksamen, hovudfag eller mastergrad i pedagogikk eller tilsvarande og dokumentert omfattande forskings- og utviklingsarbeid som i kvalitet og omfang svarer til arbeidsmengd og nivå for ei doktorgradsavhandling.
  • Dersom det ikkje melder seg søkjarar med førstekompetanse, kan det vere aktuelt med mellombels tilsetjing i stilling som universitetslektor med krav om kvalifisering for fast tilsetjing som førsteamanuensis/ førstelektor innan tre år, jf. UH-lova § 6-5. Ph.d.-kandidatar som enno ikkje har levert inn doktorgrads-avhandling, kan vere slike kandidatar.
  • For mellombels tilsetjing i stilling som universitetslektor i pedagogikk, krevst det mastergrad, hovudfag eller embetseksamen i pedagogikk eller tilsvarande.
  • Søkjaren må dokumentere relevant praktisk-pedagogisk kompetanse.Søkjarar som ved tilsetjing ikkje kan dokumentere pedagogisk basiskompetanse, må skaffe seg denne kompetansen innan to år. OsloMet tilbyr eit emne i universitetspedagogikk (UHPED) på engelsk som stettar dette kravet, saman med Universitetet i Oslo.

Ved vurdering og rangering av kvalifiserte søkjarar vil det bli lagt vekt på

  • forskings- og utviklingsarbeid som er relevant for stillingaPublikasjonar frå dei siste seks åra vil bli vektlagde.
  • røynsle med forskingsnettverk og prosjekt med ekstern finansiering
  • potensial for prosjektakkvisisjon
  • røynsle med og kunnskap om barns lek og læring i barnehage
  • røynsle med og kunnskap om følgande felt: leiing, rettleiing og barn med særskilde behov
  • undervisningsrøynsle på bachelor- og masternivå, fortrinnsvis frå barnehagelærarutdanning
  • pedagogiske evner
  • kjennskap til og/eller røynsle frå barnehagefeltet
  • god digital kompetanse, inkludert røynsle med studentaktive læringsformer og bruk av digitale undervisnings- og vurderingsverktøy
  • god evne til å kommunisere og samarbeide med studentar og kollegaer
  • personlege eigenskapar som kan bidra positivt til arbeidsmiljøet
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på eit skandinavisk språk og engelskSøkjarar som ikkje har eit av dei skandinaviske språka som morsmål, må kunne dokumentere både munnleg og skriftleg språkdugleik.

Generelle kriterium for tilsetjing i undervisnings- og forskarstilling går fram av forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger.

OsloMet gjennomfører prøving av pedagogiske kvalifikasjonar i samband med intervju.

Det er viktig for OsloMet å spegle folkesetnaden i regionen. Vi arbeider aktivt med å utvikle OsloMet vidare som ein inkluderande arbeidsplass og for å leggje arbeidsplassen til rette dersom det er behov for det. Vi ønskjer alle kvalifiserte søkjarar velkommen, òg søkjarar som har opplevd periodar i livet utan arbeid, utdanning eller opplæring.

Søknadsprosess:

Følgjande dokument må lastast opp innan søknadsfristen:

  • søknadsbrev
  • CV
  • attestar og alle sider av vitnemål
  • fullstendig publikasjonsliste
  • inntil ti vitskaplege arbeid og eit oversyn over desse arbeida, inkl. ph.d.-avhandling dersom relevant
  • to referansar med kontaktinformasjon

Me behandlar berre søknadar som er sendt via vårt elektroniske rekrutteringssystem og alle dokument må lastast opp for at din søknad skal verta behandla. Dokumenta må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk. Omsetjingar må vere autoriserte, og originalar må visast fram ved eit eventuelt intervju. OsloMet gjennomfører kontroll av dokument slik at alle kandidatar skal få ei reell evaluering og rettferdig konkurranse. Ufullstendige søknader vil ikkje bli tekne til vurdering.

Søkjarar vil bli vurderte av eit sakkunnig utval. Før søknadspapira blir sende til dette utvalet, vil alle søknadene bli gjennomgått ved fakultetet. Søknader frå ikkje-kvalifiserte søkjarar vil ikkje bli sende til vurdering.

Har du dokumentar som ikkje kan lastas opp elektronisk, kontakt: Ingrid Andvin Tsolakis [email protected]

Vi tilbyr

  • interessante oppgåver ved Noregs tredje største universitet
  • tid til profesjonsnært forskings- og utviklingsarbeid
  • låne- og pensjonsvilkår i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar og eit omfattande tilbod av aktivitetar innan kultur og sport

Andre opplysningar:

For nærare informasjon om stillinga kan følgjande kontaktast:

Stillinga blir lønt etter statens lønnsregulativ og OsloMets lønnspolitikk, som førsteamanuensis i kode 1011 og førstelektor i kode 1198, lønnssteg 60 - 74 (frå kr 535 200 til kr 694 400 per år), eventuelt i stilling som universitetslektor i kode 1009, i lønnssteg 51 – 66 (frå kr 458 900 til kr 597 000 per år). For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgre løn verta vurdert. Frå lønna blir det trekt 2 % pensjonsinnskot til SPK.

Søk elektronisk på stillinga ved å nytte knappen nedst på sida «Logg inn og søk stillinga».

OsloMet er Charter & Code sertifisert av EU-kommisjonen med rettigheter til å bruke logoen HR Excellence in Research (HRS4R) og medlem i nettverket EURAXESS som bidrar til gode arbeidsforhold for mobile forskere. OsloMet har sluttet seg til prinsippene og forpliktet institusjonen til å følge anbefalingene i DORA-erklæringen (The San Francisco Declaration on Research Assessment).

Referansenummer: 20/12228

Logg inn og søk stillinga

Powered by Labrador CMS