LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Førsteamanuensis / førstelektor i spesialpedagogikk

Søknadsfrist: 09.12.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag har 180 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.


Instituttet gjev undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane, bachelorutdanningar og praktisk-pedagogisk utdanning. I tillegg bidreg instituttet i to-årige masterutdanningar og i Ph.d.-programmet Studier av danning og didaktiske praksisar. Instituttet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.


Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig inntill to stillingar som førsteamanuensis/førstelektor ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett. Evt ein kvalifiseringsstilling (sjå nedanfor).

Stillingane tilhøyrer Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag, campus Bergen.

Stillingane er knytt til pedagogikk-fagmiljøet for grunnskulelærarutdanningane. Fagmiljøet har brei kompetanse innanfor allmennpedagogikk, profesjonsretta pedagogikk og spesialpedagogikk, og har eit rikt og mangfaldig forskarmiljø med pågåande prosjekt nasjonalt og internasjonalt. I tillegg til å bidra i dei femårige grunnskulelærarutdanningane, deltar også fagmiljøet i desentralisert kompetanseutvikling og vidareutdanningstilbod. Fagmiljøet er aktivt deltakande i andre masterutdanningar og i doktorgradsprogrammet «Danning og didaktiske praksisar».

Ansvars- og arbeidsområde:

Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere:

  • Undervise, rettleie og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskrifta. Desse oppgåvene vil vere knytt til bachelor-, master-, og Ph.d.-utdanning og innanfor etter- og vidareutdanning
  • Forsking- og utviklingsarbeid med klar relevans for instituttet sine fagområde. Fakultetet har 5 strategiske forskingsprogram (Kunst, kreativitet og kulturelle praksisar; Språk, kommunikasjon og læring; Praksisnær profesjons- og utdanningsforsking; Berekraft, medverknad og mangfald og Idrett, fysisk aktivitet og kosthald) og det blir forventa at dei tilsette bidreg med forsking innretta mot eitt eller fleire av programma.
  • Institusjonsbyggjande arbeid irekna: rettleie tilsette, fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar
  • Delta i utvikling av forskingsprosjekt og utarbeide søknader om ekstern finansiering samen med kollegaer i fagmiljøet
  • Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen
  • Det kan bli aktuelt med noko reising i stillinga

Kvalifikasjonar:

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger

Formell utdanning og kompetanse:

  • For fast tilsetjing som førsteamanuensis må søkjar ha fullført doktorgrad i spesialpedagogikk eller pedagogikk med fokus på spesialpedagogiske tema. For tilsetjing som førstelektor må søkjar ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav som for førsteamanuensis.
  • Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel.
  • Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd.
  • Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga

Undervisningsspråket er norsk og søkarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.

Den som blir tilsett må vere personleg egna for stillinga.

Følgande teller positivt i vurderinga

  • Kompetanse innan språk, lese- og skrivevanskar
  • Kompetanse innan psykososial fungering hos barn og unge
  • Kompetanse innan førebygging og tidleg innsats i skulen
  • Kompetanse på systemnivå relatert til inkludering og tilpassa opplæring
  • Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt, irekna erfaring med å skaffe ekstern finansiering og utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt med praksisfeltet
  • Internasjonal erfaring
  • Relevant erfaring frå grunnskule, vidaregåande opplæring, høgare utdanning eller evt. barnehage
  • Erfaring med praksisnær forsking som t.d. klasseromsforsking og aksjonsforsking m.m.
  • Erfaring med tverrfagleg forsking med skulen sine samarbeidspartnarar

Ved tilsetjing vil fagmiljøet sitt samla behov for kompetanse vere avgjerande.

Utdanningsfagleg kompetanse:

Kvalifiseringsstilling

Dersom det ikkje melder seg fullt ut kvalifiserte søkjarar, vil instituttet vurdere å tilsetje ein kandidat i midlertidig kvalifiseringsstilling. Ved oppnådd kompetanse, (seinast innan tre år frå tiltredinga), vil den tilsette få tilbod om fast stilling. Tidleg forventa avslutning av kvalifisering vert vektlagt.

Ved kvalifiseringsstilling må søkjaren ha mastergrad i spesialpedagogikk eller pedagogikk med fordjuping i spesialpedagogiske tema med godt resultat på mastergraden.

Kriterier for tilsetting i undervisning- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger

Kvalifiseringsstilling til førstelektor (inntil 3 år)

Søkjar til kvalifiseringsstilling må innfri følgjande krav:

  • Hovudfag eller mastergrad med B eller betre på hovudfagsoppgåva/masteroppgåva.
  • Praksis fra barnehage, grunnskule eller videregåande skule
  • Minst ein godkjent vitskapeleg publikasjon som kan inngå i førstelektorsøknad

Følgjande er ønskeleg:

  • Praksis frå lærarutdanning eller erfaring som praksisveileder
  • Tatt studiepoengsgjevande kurs ut over masterutdanning eller på ph.d. nivå

Vilkår:

  • Kan bruke inntil 30 % av arbeidstida i 3 år til kvalifiseringsarbeid.
  • Det føreligg skildring av fagleg profil på kvalifiseringsarbeidet og framdriftsplan med milepeler.
  • Bindingstid: 2 år

Kvalifiseringsstilling til førsteamanuensis (inntil 2 år)

Søkjar til kvalifiseringsstilling må innfri følgjande krav:

  • Må være tatt opp i eit doktorgradsprogram og søkjar må ha studierett i doktorgradsprogrammet i minst 2 år etter tiltreding.
  • Må ha fullført evt stipendperiode på tiltredingspunktet

Følgjande er ønskeleg:

  • Praksis frå lærarutdanning eller erfaring som frå praksisveiledning

Vilkår:

  • Kan bruke inntil 40% av arbeidstida i 1,5 år til avhandlinga, og det er ein føresetnad at avhandlinga leverast innan 1,5 år etter tiltreding og at søkjaren er kreert innan 2 år etter tilsetting.
  • Det føreligg framdriftsplan med milepeler.
  • Det føreligg anbefaling fra hovudveileder og gradsinstitusjon.
  • Bindingstid: 1,5 år.

Aktuelle kandidatar blir innkalla til intervju og prøveforelesing.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga er større enn 25 MB må dei komprimerast før opplasting, eller leggjast ved som lenkje.

Søknadane blir sendt elektronisk til eit sakkunnig utval. På bakgrunn av utvalet si vurdering vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling
  • Moglegheit for trening i arbeidstida

Stillinga er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 - Førsteamanuensis / 1198 - Førstelektor / 1008

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova, kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Søkjar blir varsla dersom førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert teken til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Assisterande instituttleiar GLU - 5-10: Solveig Kalgraf, 55585947, skal@hvl.no

2) Fagkoordinator pedagogikk GLU: Kristin Knudsen, 55585919, krkn@hvl.no

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS