LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Professor / førsteamanuensis i sosialt arbeid / sosial vitskap

Søknadsfrist: 29.08.2022

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 370 tilsette og om lag 4500 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram. Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap ansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG), som er eit samarbeid på tvers av fakulteta.


Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.

Ved Institutt for velferd og deltaking er vi 110 ansatte og 1300 studenter fordelt på studiestadane Bergen og Sogndal. Vi tilbyr bachelorutdanningar i sosialt arbeid, vernepleie og barnevern, og tverrfaglege masterutdanningar i Sosialvitskap, Psykisk helse og rusarbeid og Familieterapi og relasjonelt arbeid, i tillegg til andre etter- og vidareutdanningar. Forskinga ved instituttet er fleirfagleg og rettar seg mot heile det helse - og sosialvitskaplege feltet. Både forsking og undervisning ved instituttet har sosial deltaking som kjerneverdi. Det gjeld deltaking gjennom involvering av tenestemottakarar, samt deltaking i sivilsamfunnet, arbeidslivet og i eigen individuell prosess.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig 100 % fast stilling som professor/ førsteamanuensis innan fagområde sosialt arbeid/sosial vitskap ved Fakultet for helse-og sosialvitskap – campus Sogndal

På grunn av stor vekst i utdanningstilboda ved Institutt for velferd og deltaking, styrker vi kompetansen i bachelorutdanninga i sosialt arbeid. Bachelorstudiet i sosialt arbeid retter merksemda mot barn, unge, vaksne og eldre som lever i marginaliserte og utsette livssituasjonar. Studiet tek tak i dei store samfunnsutfordringane i vår tid knytt til utanforskap, psykisk helse, rus, barnevern, arbeidsinkludering og eldreomsorg. Tilsette ved fagseksjonen driv forsking og undervisning knytt til helse og velferdstenester som NAV, barnevern, spesialisthelsetenester, rus- og omsorgstenester og i felt som migrasjon, kriminalomsorg, skule, fritid og frivillig sektor.

Stillinga er knytt til Fakultet for helse- og sosialvitskap, Institutt for velferd og deltaking, fagseksjon for sosialt arbeid

Stillinga er i hovudsak knytt til bachelorutdanninga i sosialt arbeid, men ein må også rekne med undervisnings- og rettleiingsoppgåver på andre studietilbod i instituttet.

Ansvars- og arbeidsområde:

  • Undervisning og forsking innan fagområde sosialt arbeid og emne knytt til fagseksjonen sine studieprogram og fakultetet sine forskingsprofilar
  • Oppfølging og rettleiing av studentar, ferdighetstrening, evaluering og sensur
  • Bidra innan dei ulike faglege institusjonsbyggande oppgåvene, som til dømes studiekoordinering, emneansvar og utvikling av forskingsgruppene
  • Forsking- og utviklingsarbeid med relevans for fagområde sosialt arbeid og Institutt for velferd og deltaking
  • Delta i utviklinga av nye relevante forskingsprosjekt og utarbeide søknadar om ekstern finansiering saman med kollegaer i fagmiljøet
  • Arbeid med internasjonalisering i utdanninga
  • Samarbeid om utdanning og forsking internt i høgskulen, og med nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar

Kvalifikasjonar:

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstillingar går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger fastsett av Kunnskapsdepartementet.

  • For tilsetting som professor stilles krav om vitenskapelig kompetanse med relevans for sosialt arbeid erfaring med å initiere og lede forsknings og utviklingsarbeid, og skaffe ekstern finansiering samt betydelig internasjonal publisering
  • For tilsetting som førsteamanuensis er kravet avlagd ph.d-grad og for førstelektor dokumentasjon på førstelektorkompetanse, innan relevante fagormåde for sosialt arbeid.
  • Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga
  • Interesse for og/eller erfaring med pedagogisk utviklingsarbeid, varierte undervisningsformer og internasjonaliseringsarbeid frå undervisning og rettleiing i høgare utdanning
  • Erfaring med utvikling og leiing av større forskingsprosjekt innanfor felta sosialt arbeid, barnevern eller sosialvitenskap
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller skandinavisk språk i tillegg til engelsk (Eventuelt: Undervisningsspråket er norsk og søkjar må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller anna skandinavisk språk, i tillegg til engelsk.
  • God IKT kompetanse

Ønska kvalifikasjonar:

  • Relevant arbeidserfaring innanfor sosialt arbeid
  • Har eit godt fagleg nettverk og erfaring med utadretatta formidlingsaktivitet
  • Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt, som til dømes erfaring med å skaffe ekstern finansiering og med utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt saman med praksisfeltet
  • Erfaring med internasjonalt samarbeid og/eller arbeidserfaring
  • Erfaring med undervisning og rettleiing i høgare utdanning
  • Interesse og/eller erfaring med pedagogisk utviklingsarbeid, nye undervisningsformar og internasjonaliseringsarbeid

Personlege eigenskapar:

  • Sjølvstendig og ansvarleg
  • Positiv innstilling og god evne til å samarbeide med både studentar og kollegaer
  • God evne til formidling, i små og store fora
  • Engasjement og interesse for fagleg utvikling samt engasjerer andre i sosialfaglege område og utviklingsarbeid

Utdanningsfagleg kompetanse

For tilsetting som professor skal utdanningsfaglige kompetansekrav være oppfylt på søknadstidspunktet. Søkere til stilling som førsteamanuensis som ikke oppfyller de utdanningsfaglige kompetansekravene i henhold til forskriften må oppfylle dem innen to år. HVL tilbyr kurs i høgskulepedagogikk. Utdanningsfaglig kompetanse skal dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med kriteriar for utdanningsfagleg basiskompetanse ved tilsetting og opprykk i førsteamanuensis og professorstilling ved HVL

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

  • vitskaplege arbeid (inntil 15 stk.)
  • fullstendig publikasjonsliste
  • attestar og vitnemål.

For professor og førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med Kriterier for utdanningsfaglig basiskompetanse ved ansettelse og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling ved HVL .

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Utdanning som er tatt utanfor Norge skal vera godkjent og stadfesta av NOKUT.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. På bakgrunn av utvalet si vurdering, vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving- og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som professor/ førsteamanuensis er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1013 professor/ 1011 førsteamanuensis

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova, kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert teken til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Fagseksjonsleiar, Irene Helland Vikøren, tlf 55 58 70 77, e-post: Irene.Helland.Vikoren@hvl.no

2) Instituttleiar, Svanaug Fjær, tlf 55 58 57 53, e-post: Svanaug.Fjer@hvl.no

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS