LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor innan barnevern

Søknadsfrist: 27.11.2022

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 370 tilsette og om lag 4500 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram. Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking".

I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap ansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG), som er eit samarbeid på tvers av fakulteta.


Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.

Ved Institutt for velferd og deltaking er vi 90 ansatte og 1300 studenter fordelt på studiestadane Bergen og Sogndal. Vi tilbyr bachelorutdanningar i sosialt arbeid, vernepleie og barnevern, og tverrfaglege masterutdanningar i Samfunnsarbeid, Psykisk helse og rusarbeid og Familieterapi og relasjonelt arbeid, i tillegg til andre etter- og vidareutdanningar. Forskinga ved instituttet er fleirfagleg og rettar seg mot heile det helse - og sosialvitskaplege feltet. Både forsking og undervisning ved instituttet har sosial deltaking som kjerneverdi. Det gjeld deltaking gjennom involvering av tenestemottakarar, samt deltaking i sivilsamfunnet, arbeidslivet og i eigen individuell prosess.

Vil du vere med å utdanne framtidas barnevernpedagogar?

Ledig ei fast stilling som førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor innan barnevern

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei fast stilling i 100 % som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor innan fagområde barnevern ved Fakultet for helse- og sosialvitskap – campus Sogndal

Stillinga er knytt til Fakultet for helse- og sosialvitskap, Institutt for velferd og deltaking, fagseksjon bachelor i barnevern.

Vi søkjer etter deg som gjennom studier i barnevern, sosialt arbeid, samfunnsvitskap eller anna relevant utdanning, har opparbeidd deg brei kunnskap som er relevant for barnevern og sosialt arbeid som fag og profesjon. Erfaring frå arbeid med barn og familiar, rusproblematikk, miljøarbeid i institusjon og innovasjon vil vere ein føremon. Kandidatane ved barnevernpedagogstudiet skal bidra til å gjennomføre oppvekstreforma, og i det høve søkjer vi etter nytilsette som vil bidra til nytenking og til å løfte barnevernet og velferdstenestene i eit breitt perspektiv. Stillinga er ledig med oppstart våren 2023.

Aktuelle fagområde for undervisning og rettleiing vil vere knytt til rusproblematikk, barnevern, sosialt arbeid, miljøarbeid, levekår, sosial ulikskap, kulturkompetanse og oppfølging av studentar i praksis.

Instituttet har fleire etablerte forskingsgrupper, og som tilsett blir du knytt til ei av desse. Sentrale forskingstema er barnevern, sosialt arbeid, rus og oppvekst.

Ved tilsetting som førsteamanuensis vil 25% av stillinga bli avsett til forskings- og utviklingsarbeid, og 10% til fagleg fornying og oppdatering.

Arbeidsstad er campus Sogndal

Ansvars- og arbeidsområde:

  • Undervisning, rettleiing og evaluering innan fagområde barnevern og emne knytt til fagseksjonen sine studieprogram og fakultetet sine forskingsprofilar
  • Oppfølging av studentar i praksis
  • Bidra til forsking knytt til fagseksjonen sine studieprogram i tillegg til fakultetet sine forskingsprofilar
  • Bidra innan dei ulike faglege institusjonsbyggande oppgåvene, som til dømes studiekoordinering, emneansvar og utvikling av forskingsgruppene
  • Forsking- og utviklingsarbeid med relevans for fagområde barnevern
  • Delta i utviklinga av nye relevante forskingsprosjekt og utarbeide søknadar om ekstern finansiering saman med kollegaer i fagmiljøet
  • Samarbeid om utdanning og forsking internt i høgskulen, og med nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar

Kvalifikasjonar:

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstillingar går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger fastsett av Kunnskapsdepartementet.

  • For tilsetting som førsteamanuensis er kravet avlagd ph.d-grad og for førstelektor dokumentasjon på førstelektorkompetanse, innan relevant fagområde
  • For tilsetting som høgskulelektor må søkjar ha mastergrad innan relevant fagområde. Interesse og motivasjon for å oppnå førstekompetanse blir vektlagt
  • Brei kunnskap om relevante tema innan sosialt arbeid og barnevern, profesjon og yrkesfelt
  • Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga*
  • Interesse for og/eller erfaring med pedagogisk utviklingsarbeid og varierte undervisningsformer
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller skandinavisk språk i tillegg til engelsk.
  • God IKT-kompetanse

Ønska kvalifikasjonar:

  • Erfaring med undervisning og rettleiing i høgare utdanning
  • Kunnskap om rusproblematikk, levekår og ulikskap
  • Erfaring frå prosjektarbeid, barnevernsarbeid og/eller anna sosialt arbeid
  • Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt, som til dømes erfaring med å skaffe ekstern finansiering og med utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt saman med praksisfeltet
  • Erfaring med internasjonalt samarbeid/internasjonaliseringsarbeid

Personlege eigenskapar:

  • God formidlingsevne og evne til å engasjere
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevne
  • Initiativrik og sjølvstendig
  • Vilje og evne til å bidra til eit stimulerande fag- og arbeidsmiljø

Utdanningsfagleg kompetanse*

Søkjarar som ved tilsetting ikkje fyller krava, må fylle dei innan to år. HVL tilbyr kurs i høgskulepedagogikk. For stilling som førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med kriteriar for utdanningsfagleg basiskompetanse ved tilsetting og opprykk i førsteamanuensis og professorstilling ved HVL

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

  • vitskaplege arbeid (inntil 15 stk.)
  • fullstendig publikasjonsliste
  • attestar og vitnemål.

For førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med Kriterier for utdanningsfaglig basiskompetanse ved ansettelse og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling ved HVL .

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. På bakgrunn av utvalet si vurdering, vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving- og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 førsteamanuensis/1198 førstelektor/1008 høgskulelektor.

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova, kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert teken til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Instituttleiar Svanaug Fjære-post [email protected] tlf 55 58 57 53

2) Fagseksjonsleiar Sandra Opheime-post [email protected] tlf 57 67 62 88

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS