LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET
Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i helse- og omsorgsvitskap
Søknadsfrist: 26.11.2020

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig inntil to faste stillingar i 100% som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i helse- og omsorgsvitskap ved Fakultet for helse-og sosialvitskap
Stillingane er knytt til Fakultet for helse- og sosialvitskap, Institutt for helse- og omsorgsvitskap, Fagseksjon for bachelor i sjukepleie ved campus Haugesund
Stillingane har arbeidsstad ved campus Haugesund, men ein må rekne med noko arbeid også ved andre av høgskulen sine campus.
Ansvars- og arbeidsområde:
Arbeidsoppgåvene vil omfatte undervisning, rettleiing og forsking og krev kompetanse innanfor eit av følgande fagområde; Sjukepleie ved akutte, kritiske og kroniske helseutfordringar, sjukepleie ved komplekse og samansatte helseutfordringar og psykisk helse, helsefremmande og forebyggande arbeid i eit nasjonalt og globalt folkehelseperspektiv.
- Kunnskapsbasert undervisning, rettleiing og vurdering innan bachelor i sjukepleie og emnar knytt til fagseksjonen sine studieprogram, i tillegg til fakultetet sine forskingsprofilar
- Bidra innan dei ulike faglege institusjonsbyggande oppgåvene, som til dømes studiekoordinering, emneansvar og utvikling av forskingsgruppene
- Bidra til forsking knytta til fagseksjonen sine studieprogram i tillegg til fakultetet sine forskingsprofiler
- Delta i utvikling av nye relevante forskingsprosjekt og utarbeide søknader om ekstern finansiering saman med kollegaer i fagmiljøet
- Samarbeid om utdanning og forsking internt i høgskulen, og med nasjonale og internasjonale samarbeidspartnerar
Høgskulen på Vestlandet tilbyr utdanningar både på bachelor, master og PhD-nivå og ein må òg pårekne undervisnings- og rettleiingsoppgåver på andre fagseksjonar og studietilbod i instituttet.
Kvalifikasjonar:
- For tilsetting som førsteamanuensis/ førstelektorer er krava grunnutdanning i sjukepleie og avlagt ph.d-grad/dokumentasjon på førstelektorkompetanse. Søkjarar med annan grunnutdanning kan og vurderast
- For tilsetting som høgskulelektor er krava grunnutdanning i sjukepleie og relevant hovudfag/master
- Pedagogisk kompetanse (jfr. Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings og forskerstillinger)
- Interesse for og/eller erfaring med pedagogisk utviklingsarbeid, varierte undervisningsformer og internasjonaliseringsarbeid frå undervisning og rettleiing i høgare utdanning
- Relevant klinisk erfaring og praksisnær kompetanse
- God munnleg og skriftleg fremstillingsevne på norsk eller skandinavisk språk i tillegg til engelsk
- God IKT-kompetanse
Ønska kvalifikasjonar:
- Forskingskompetanse innanfor tematikk av relevans for instituttet
- Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt, herunder erfaring med å skaffe ekstern finansiering og utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt med praksisfeltet
- Erfaring med internasjonalt samarbeid og/eller arbeidserfaring
- Erfaring med undervisning og rettleiing i høgare utdanning
- Klinisk erfaring innenfor ett av de skisserte fagområdene
Personlege eigenskaper:
- Sjølvstendig og ansvarleg
- Positiv innstilling og god evne til å samarbeide med både studentar og kollegaer
- God evne til formidling
- Engasjement og interesse for fagleg utvikling
- Stor arbeidskapasitet
Den vi søkjer må ha eit forskingsengasjement som svarer på utfordringar innen helse- og velferdstenestene. Det er ønskeleg at nytilsatt har etablert eller søkjer forskingssamarbeid med relevante internasjonale fagmiljø.
Kriterier for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger fastsett av Kunnskapsdepartementet
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 15 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.
Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. På bakgrunn av komiteen si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveforelesning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving- og utvikling
- Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 førsteamanuensis/1198 førstelektor/1008 høgskulelektor.
Frå lønn vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at jf. offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ønsket ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:
1) Fagseksjonsleiar, Else Cathrine Rustad, telefon 52702746 / 40240122
2) Instituttleiar, Georg Førland, 52702636 / 94865911