LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i spesialsjukepleie - vikariat

Søknadsfrist: 18.08.2025

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 400 tilsette og om lag 4900 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram. Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap delansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i den tverrfakultære ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG).

Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.

Ved institutt for helse- og omsorgsvitskap er vi om lag 210 tilsette og om lag 2400 studentar fordelte på studiestadane Førde, Bergen, Haugesund og Stord. Vi tilbyr bachelorutdanningar i sjukepleie og masterstudium i klinisk sjukepleie med sju ulike fordjupingsområde. I tillegg har vi masterstudium i jordmorfag, masterstudium i samhandling og folkehelse, masterstudium i avansert klinisk allmennsjukepleie og master i sjukepleie - kliniske spesialitetar, samt ei rekkje vidareutdanningar. Forskinga vår er retta mot å styrke kunnskapsgrunnlaget innan klinisk sjukepleie, kvalitet og innovasjon i helse- og omsorgstenester, folkehelse og livsstil samt utdanningskvalitet.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig mellombels stilling i 75 % som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i spesialsjukepleie ved Fakultet for helse- og sosialvitskap

Om stillingen:

Det er ved Fakultet for helse- og sosialvitskap ledig vikariat i 75 % stilling som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i spesialsjukepleie. Stillinga er ledig med oppstart frå 15.09.2025 til 31.12.2027Stillinga er i hovudsak knytt til intensivsjukepleiestudiet, men den som blir tilsett må rekne med andre undervisnings- og rettleiingsoppgåver i instituttet.

Det vil vere mogleg med kombinert stilling for tilsette i helseføretak.

Arbeidsplassen er campus Førde.

Ansvars- og arbeidsområde:

Stillinga inneber ei rekke pedagogiske arbeidsformer inkludert masteroppgåverettleiing, IKT-baserte førelesingar, studentaktive læringsmetodar inkludert praksisrettleiing, utarbeiding av eksamenssoppgåver, sensur, årleg utvikling av emneplaner i masterstudiet i spesialsjukepleie, fortrinnsvis intensivsjukepleie. Stillinga inneber forsking med relevans for spesialsjukepleie.

Den som blir tilsett må bidra i andre pedagogiske, vitskaplege og fagadministrative oppgåver, som til dømes studiekoordinering, emneansvar, deltaking i forskargruppe, og samarbeid mellom forskingsfeltet og det kliniske feltet for å oppretthalde og stadig betre det pedagogiske og vitskaplege nivået i studiet.Stillinga inneber samarbeid internt ved høgskulen så vel som med andre utdanningsinstitusjonar nasjonalt og internasjonalt.

Kvalifikasjonar:

Kriteria for tilsetting i stilling som førsteamanuensis/førstelektor går fram av Forskrift til universitets- og høyskoleloven .

Formell utdanning og kompetanse:

  • autorisasjon som sjukepleiar er eit krav for tilsetting
  • spesialutdanning i fortrinnsvis intensivsjukepleie

For tilsetting som førsteamanuensis krevst minst: 

a) doktorgrad innan relevant fagområde

b) utdanningsfagleg kompetanse

c) norskferdigheiter på nivå på minimum B2

For tilsetting som førstelektor krevst minst:

a) høgare gards eksamen eller tilsvarande innan relevant fagområde

b) utdanningsfagleg kompetanse

c) norskferdigheiter på minimum B2

d) relevant yrkes- eller undervisningserfaring

e) bidrag til fagleg utviklingsarbeid på høgt nivå, i samsvar med internasjonale eller nasjonale standarder innan fagområdet

For tilsetting som høgskulelektor krevst minst:

a) høgare grads eksamen eller tilsvarane innan relevant fagområde

b) utdanningsfagleg kompetanse

c) norskferdigheiter på minimum B2

d) relevant yrkes- eller undervisningserfaring

Ønska kvalifikasjonar

  • Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt, medrekna erfaring med å skaffe ekstern finansiering og utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt med praksisfeltet
  • Erfaring med internasjonalt samarbeid og/eller arbeidserfaring
  • Erfaring med undervisning og rettleiing i høgre utdanning
  • Det er ein fordel at søkjar har erfaring med studentaktive læringsmetodar og digitale undervisningsformer
  • Relevant klinisk erfaring og praksisnær kompetanse
  • God munnleg og skriftleg fremstillingsevne på norsk og engelsk
  • God IKT-kompetanse

Personlege eigenskapar:

  • Sjølvstendig og ansvarleg
  • Positiv innstilling og god evne til å samarbeide med både studentar og kollegaer
  • God evne til formidling
  • Engasjement og interesse for fagleg utvikling 

Utdanningsfagleg kompetanse

Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav i alle undervisnings- og forskarstillingar. For stilling som førsteamanuensis/førstelektor skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk cv i tråd med kvalifikasjonskrav til utdanningsfaglig basiskompetanse for ansettelse, opprykk og overgang ved HVL.

For stilling som høgskulelektor vert det stilt krav til utdanningsfagleg kompetanse som følgjer nasjonale rettleiande retningslinjer.

Språkkrav

Det vert stilt krav om norskferdigheiter på B2-nivå. Kompetanse i skandinavisk språk er likestilt med norsk. Kravet er oppfylt dersom søkjar har fullført norsk vidaregåande utdanning med opprak til norsk høgare utdanning, eller bestått språktest på B2-nivå.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga er større enn 50 MB må dei komprimerast før opplasting, eller leggjast ved som lenkje. 

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. 

HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.

Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din. 

Søknadane blir sendt elektronisk til eit sakkunnig utval. På bakgrunn av utvalet si vurdering vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen. 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling
  • Moglegheit for trening i arbeidstida

Stilling som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011/1198/1008- ørsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor.

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

I HVL trur vi at mangfald gjev oss breiare perspektiv, og at medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar vil gjere oss i stand til å finne endå fleire gode løysingar på våre oppdrag. Vi oppmodar difor alle til å søkje jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV'en, kan du bli positivt særbehandla dersom du kryssar av for dette når du søkjer stillinga. Les meir om positiv særbehandling i staten.

Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskrifta kan komme til bruk i handsaming av søknadane.

Søk stillinga

Spørsmål om stillinga

  • Johannes Haltbakk (Fagseksjonsleiar), +47 55 58 56 29, johannes.haltbakk@hvl.no
Powered by Labrador CMS