LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis i medisin (kreft nevrovitenskap) ved Klinisk institutt 1

Søknadsfrist: 22.07.2025

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis

Ved Det medisinske fakultet er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis (100 %) i medisin (kreft nevrovitskap) ved Centre for Cancer Biomarkers CCBIO ved Klinisk institutt 1

Vi søkjer ein medarbeidar som saman med tilsette ved CCBIO vil bidra til framifrå forsking, undervisning, formidling og innovasjon. CCBIO har ei rekkje forskingsgrupper ved ulike institutt og forskar på biomarkørar for kreft og underviser i ei rekkje relevante fag gjennom sin forskarskule CCBIO Research School for Cancer Studies. Personen vi søkjer er i ein aktiv fase av karrieren, og har demonstrert fagleg engasjement og tyngde innafor kreft nevrovitskap

Arbeidsoppgåver/forskingsområde

Den som vert tilsett skal leie og initiere forskingsprosjekt, undervise og rettleie studentar og stipendiatar, samt ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer. Det vert forventa at den tilsette regelmessig sender søknadar til relevante nasjonale og internasjonale kjelder for forskingsfinansiering. Undervisningsplikta i stillinga er først og fremst knytt til biomarkørar for kreft og tema med relevans for CCBIO si forsking, men personen som vert tilsett pliktar å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har. Det vert forventa høge ambisjonar og høg kvalitet med omsyn til forsking og undervisning, samt aktiv deltaking i CCBIO, K1 og fakultetet sitt strategiarbeid og faglege aktivitetar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

Kvalifiserte søkjarar har norsk doktorgrad i molekylærbiologi, eller tilsvarande kompetanse, og erfaring med ulike cellemodellar for analyser av kreftceller og nerveceller, stamcellearbeid, proteomikk-analyser, enkeltcelleanalyser, og avanserte morfologiske teknikkar som til dømes massecytometri for vevsstudier, og fyller krav til utdanningsfagleg kompetanse. Den ideelle kandidaten publiserer på høgt internasjonalt nivå innan kreft nevrovitskap og beslekta fagfelt, kan vise til å ha hatt ei sentral rolle ifbm tilslag frå nasjonale og/eller internasjonale finansieringskjelder for forsking, og har etablert, eller er i ferd med å etablere, eiga forskingsgruppe. Resultat oppnådd dei siste 5-7 år vil bli særleg vektlagt ved bedømminga. Den ideelle kandidaten har også erfaring med undervisning på bachelor- og masternivå eller i profesjonsutdanningar eller ph.d.-nivå, og frå rettleiing av ph.d.-kandidatar, fortrinnsvis også som hovudrettleiar. Erfaring frå ulike nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar, og Begrenset tilgang / restricted access evne til å etablere internasjonale nettverk vil telje positivt ved bedømminga, og det same gjer også erfaring med og interesse for innovasjon. Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga. 

Undervisningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå retningsliner for oppretting av ei pedagogisk mappe på Eining for læring. Førsteamanuensis vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing. Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga. Kurs vert tilbode.

Vi tilbyr

  • Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt 
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • Løn er for tida kr 760 000 – 770 000 (kode 1011), eller løn for spesialist kr 770 000 - 805 000 (kode 1011). Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn. • Medlemsskap i Statens pensjonskasse • Gode velferdsordningar
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev som fortel kvifor du søkjer stillinga 
  • Utfyllande CV samt relevante vitnemål og attestar 
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Pedagogisk mappe, sjå Eining for læring 
  • Ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (høgst 10). For kvart arbeid skal det følgje med eit kort samandrag som omtalar dei viktigaste funna i arbeidet 
  • Dei 10 vitskaplege arbeida frå punktet over i pdf-format
  • Plan for eiga forsking dei neste fem åra (maks 5 A4-sider) 
  • Namn og kontaktinformasjon til minst to referansar Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

    Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga får ein ved å kontakte:

  • Senterleder CCBIO Lars A. Akslen, lars.akslen@uib.no

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS