Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i helse- og omsorgsvitskap - Haugesund

Søknadsfrist: 01.11.2020

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 370 tilsette og om lag 4500 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram. Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap ansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG), som er eit samarbeid på tvers av fakulteta.


Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.

Ved institutt for helse- og omsorgsvitskap er vi om lag 210 tilsette og om lag 2400 studentar fordelte på studiestadane Førde, Bergen, Haugesund og Stord. Vi tilbyr bachelorutdanningar i sjukepleie og masterstudium i klinisk sjukepleie med sju ulike fordjupingsområde. I tillegg har vi masterstudium i jordmorfag, masterstudium i samhandling innan helse- og sosialtenester, masterstudium i helse- og omsorgsvitskap, samt ei rekkje vidareutdanningar. Forskinga vår er retta mot å styrke kunnskapsgrunnlaget innan klinisk sjukepleie, kvalitet og innovasjon i helse- og omsorgstenester, folkehelse og livsstil samt utdanningskvalitet.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig mellombels stilling i 100% som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i helse- og omsorgsvitskap ved Fakultet for helse- og sosialvitskap, campus Haugesund

Stillinga er knytta til Fakultet for helse- og sosialvitskap, Institutt for helse-og omsorgsvitskap.

Stillinga er i hovudsak knytta til bachelor i sykepleie ved campus Haugesund, men ein må også pårekne undervisnings- og rettleiingsoppgåver ved andre fagseksjonar og på andre studietilbod i instituttet.

Stillinga er vikariat over to år og har oppstart så snart som mogleg.

Arbeidsplassen er ved campus Haugesund

Ansvars- og arbeidsområde:

Arbeidsoppgåvene omfattar kunnskapsbasert undervisning innanfor temaene sjukepleie ved akutte, kritiske og kroniske helseutfordringar, fortrinnsvis innanfor somatikk men kompetanse innanfor psykisk helseteneste kan òg vere aktuelt. I tillegg omfattar stillinga oppfølging og rettleiing av studenter i praksis, samt studiekoordinerende arbeid.

Ved Fakultet for helse- og sosialvitskap blir det utført praksisnær forsking av høg internasjonal kvalitet som svarer på utfordringar innan helse- og velferdstenestene. Det er ønskeleg at den som blir tilsett er engasjert i forsking som svarer på utfordringar innan helse- og velferdstjenestene og er aktivt deltakande innanfor dei forskningsprofilene som er gjeldande ved fakultetet.

  • Undervisning og rettleiing av studentar på bachelorutdanninga i sjukepleie
  • Rettleie i praktiske studiar
  • Rettleie og undervise i praktiske øvingar og simuleringsøvingar
  • Studiekoordinerande arbeid
  • Sensur- og vurderingsarbeid

Kvalifikasjonar:

  • For tilsetting som førsteamanuensis/ førstelektor er krava grunnutdanning i sjukepleie og avlagt ph.d-grad/dokumentasjon på førstelektorkompetanse
  • For tilsetting som høgskulelektor er krava grunnutdanning i sjukepleie og relevant hovudfag/master
  • Pedagogisk kompetanse (jfr. Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings og forskerstillinger)
  • Klinisk erfaring frå eitt av dei skisserte fagområda
  • God munnleg og skriftleg fremstillingsevne på norsk eller skandinavisk språk i tillegg til engelsk
  • God IKT-kompetanse

Ønska kvalifikasjonar

  • Forskingskompetanse innanfor tematikk av relevans for instituttet
  • Erfaring med utvikling og deltaking i forskingsnettverk
  • Erfaring med digitale læringsverktøy

Personlege eigenskapar:

  • Sjølvstendig og ansvarleg
  • Positiv innstilling og god evne til å samarbeide med både studentar og kollegaer
  • God evne til formidling
  • Engasjement og interesse for fagleg utvikling
  • Stor arbeidskapasitet

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 15 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. På bakgrunn av komiteen si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveforelesning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving- og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 førsteamanuensis/1198 førstelektor/ 1008 høgskulelektor.

Frå lønn vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jf. offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ønsket ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Fagseksjonsleiar, Else Cathrine Rustad, telefon 52702746 / 40240122

2) Instituttleiar, Georg Førland, 52702636 / 94865911

Søk stilling

Powered by Labrador CMS