LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Førsteamanuensis / førstelektor i språk / litteratur

Søknadsfrist: 22.02.2023

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6600 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking har omlag 160 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.


Instituttet gjev undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdnningane, og i bachelorutdanninga i teiknspråk og tolking. I tillegg bidreg instituttet i to-årige masterutdanningar og i Ph.d.-programmet Studier av danning og didaktiske praksisar. Instituttet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.

Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig inntil to faste stillingar som førsteamanuensis/førstelektor i språk/litteratur ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Stillingane er ledig frå 01.08.2023 og inngår i Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking, campus Sogndal.

Arbeidsstaden er campus Sogndal.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stillingane har følgjande ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Undervise, rettleie og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskrifta knytt til bachelor-, master-, og Ph.d.-utdanning og innanfor etter- og vidareutdanning.
  • Undervisninga kan i nokre tilfelle bli lagt utanfor campus Sogndal, og ein må vere innstilt på å undervise nettbaserte emne.
  • Forsking- og utviklingsarbeid med klar relevans for instituttets fagområde og stillingsprofilen. Fakultetet har 5 strategiske forskingsprogram (Kunst, kreativitet og kulturelle praksisar; Språk, kommunikasjon og læring; Praksisnær profesjons- og utdanningsforsking; Berekraft, medverknad og mangfald og Idrett, fysisk aktivitet og kosthald) og det blir forventa at dei tilsette bidreg med forsking innretta mot eitt eller fleire av programma.
  • Bidra til student- og kollegainvolvering i forskingsprosjekt og i samarbeid med andre aktørar, for eksempel partnarskular og utvikle studentane si praksisutdanning.
  • Institusjonsbyggjande arbeid irekna fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar.
  • Ta initiativ til, leie og delta i utvikling av relevant FoU-arbeid, utarbeide søknadar om ekstern finansiering saman med kollegaer i fagmiljøet, representere HVL regionalt, nasjonalt og internasjonalt og ta del i kommisjonsarbeid.
  • Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen.

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger.

For tilsetting som førsteamanuensis, gjeld følgjande kompetansekrav:

  • Ph.d. i nordisk språk- og litteraturvitskap/litteraturvitskap/lingvistikk, eller
  • Ph.d. innanfor norsk/nordisk/norskdidaktikk, eller
  • Ph.d. innanfor norsk/nordisk litteratur/litteraturdidaktikk og/eller norsk/nordisk lese- og skriveopplæring.

For tilsetting som førstelektor må søkjar ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav som for førsteamanuensis.

Den som vert tilsett, må kunne undervise i dei sentrale emna i grunnskulelærarutdanninga og barnehagelærarutdanninga, også på nett. Det er ønskjeleg at den som vert tilsett har kompetanse i eit eller fleire av desse emna: litteratur/litteraturdidaktikk, den fyrste lese- og skriveopplæringa og barn si tidlege språk-, lese- og skriveutvikling. Fagmiljøet tek eit særleg ansvar for nynorsk skriftspråk. Søkjarar som har levert Ph.d.-avhandling innan søknadsfristen og som har disputert før tiltredingsdato kan óg bli vurdert som kvalifisert.

Den som vert tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd.

Undervisningsspråket er norsk og søkjarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.

Søkjarar som ikkje meistrar norsk eller eit anna skandinavisk språk må plikte seg til å gjennomføre kurs i norskopplæring innan to år frå tilsettingsdato. Kravet til norsk kompetanse vil vere nedfelt i Norskopplæring for tilsette med internasjonal bakgrunn ved FLKI - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)

Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga.

Den som vert tilsett må vere personleg eigna for stillinga.

Følgjande tel positivt i vurderinga:

  • Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt, særleg relatert til skule og/eller barnehage, irekna erfaring med å skaffe ekstern finansiering og utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt med praksisfeltet.

  • Didaktisk og pedagogisk kompetanse, relevant og nyare erfaring frå barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring eller høgare utdanning.

  • Undervisningserfaring i norsk på bachelor, master og Ph.d.-nivå.

  • Relevant regionalt, nasjonalt og internasjonalt nettverk.

  • Erfaring frå Ph.d.-rettleiing og rettleiing av kollegaer, nasjonalt kommisjonsarbeid, fagfellevurdering av vitskaplege artiklar, redaktøransvar, leiing av forskargruppe(r).

  • God kjennskap til norsk skule generelt og lærarutdanningane spesielt.

Utdanningsfagleg kompetanse:

For stilling som førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk cv i tråd med kriterier for utdanningsfaglig basiskompetanse ved ansettelse og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling ved HVL .

For stilling som førstelektor skal relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing dokumenterast.

Søkjarar som ved tilsetting ikkje fyller krava, må fylle dei innan to år. HVL tilbyr kurs i utdanningsfagleg kompetanse.

Korleis søkje på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

  • Vitskaplege arbeida (inntil 5 stk.)
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Attestar og vitnemål.

For førsteamanuensis kan utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med Kriterier for utdanningsfagleg basiskompetanse ved tilsetting og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling ved HVL. -

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkyndige utvalet. På bakgrunn av utvalet si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis / førstelektor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 - Førsteamanuensis / 1198 - Førstelektor.

Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Assisterande instituttleiar Tom Rune Kongelf, tlf.: 990 17 802, e-post: tom.rune.kongelf@hvl.no

2) Faggruppeleiar Britt Iren Nordeide, tlf.: 57 67 62 63, e-post: britt.iren.nordeide@hvl.no

3) Professor Eli Bjørhusdal, tlf.: 57 67 60 11, e-post: eli.bjorhusdal@hvl.no

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS