LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i friluftsliv

Søknadsfrist: 14.04.2023

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6 600 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program.
Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.
Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for idrett, kosthald og naturfag har ca 120 tilsette i Sogndal, Bergen og på Stord.


Fagområda i instituttet omfattar idrett, kroppsøving, fysisk aktivitet, folkehelse, friluftsliv, naturfag og mat og helse. Instituttet er og ansvarleg for oppfølging av Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet.


Instituttet har ansvar for fleire utdanningar på bachelornivå innan idrett, friluftsliv og folkehelse. I tillegg kjem masterutdanningar i idrettsvitskap, lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1-13 kroppsøving og idrettsfag og master i didaktiske praksisar. Instituttet gir og undervisning i fysisk forstring, naturfag og mat og måltid i barnehagelærarutdanninga, i mat og helse, naturfag og kroppsøving i dei femårige grunnskolelærarutdanningane, og kroppsøving og naturfag i praktisk-pedagogisk utdanning. Instituttet bidreg og i fakultetet sitt Ph.d.-program: Danning og didaktiske praksisar. Instituttet har studietilbod for utanlandske studentar på alle tre campus, samt etter- og vidareutdanningstilbud.

Tilsette på instituttet er involvert i forsking og utviklingsarbeid som er relevant for aktiviteten ved fakultetet og deltek i faglege nettverk både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet er og ein viktig aktør regionalt og nasjonalt for å bidra til vidareutdanning og kompetanseutvikling i skule, barnehage, idrett, friluftsliv, helse- og treningssenterbransje m.m.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei 100% mellombels stilling som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i friluftsliv ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Stillinga inngår i Institutt for idrett, kosthald og naturfag, campus Sogndal, og er ledig i tida 01.08.2023 - 31.07.2024.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stillinga har følgjande ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Undervise, rettleie og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskrifta. Desse oppgåvene vil vere knytt til bachelor friluftsliv, halvtårseiningane Outdoor Education and Nordic Friluftsliv og friluftslivsundervisning i andre utdanningar som mellom anna bachelor idrett, trening og helse, barnevern, barnehagelærarutdanninga og etter- og vidareutdanning. Ekskursjonar er ein del av undervisninga i utdanningane og ein må etter behov delta på desse.
  • Institusjonsbyggjande arbeid, irekna; fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar
  • Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger.

For tilsetting som førsteamanuensis må søkjar ha fullført doktorgrad i friluftsliv, idrettsvitskap eller innanfor eit anna område med relevans for stillingsprofilen.

For tilsetting som førstelektor må søkjar ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav som for førsteamanuensis.

For tilsetting som høgskulelektor må søkjar ha fullført mastergrad/hovudfag med gode resultat, normalt A eller B på masteroppgåva, og med relevans for stillingsprofilen.

Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd.

Undervisningsspråket er norsk og søkjarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.

Den som blir tilsett må vere personleg egna for stillinga.

Vi søkjer særleg teoretisk og praktisk undervisningskompetanse som er utviklande og støttande i arbeid med studentar si læring innanfor områda barn, natur og friluftsliv, basisfriluftsliv, friluftsliv i, ved og på vann, bre, naturkjennskap, vinterfriluftsliv, klatring, friluftslivspedagogikk, naturguiding, friluftsliv, kultur og samfunn og natur og psykisk helse.

Følgjande tel positivt i vurderinga:

  • Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt
  • Pedagogisk kompetanse og relevant erfaring frå barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring, folkehøgskule eller høgare utdanning
  • Relevant kompetanse/sertifisering innan ulike former for friluftsliv
  • Erfaring frå pedagogisk arbeid med friluftsliv, bruk av friluftsliv i helse og sosialtenester og/eller naturguiding/naturbasert reiseliv
  • Internasjonal erfaring

Utdanningsfagleg kompetanse:

For stilling som førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast i ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med Kriterier for utdanningsfagleg basiskompetanse ved tilsetting og opprykk i førsteamanuensis og professorstilling ved HVL.

For stilling som førstelektor og høgskulelektor skal relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing dokumenterast.

Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.

Tilsettingsorgan er tilsettingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

  • Vitskapleg arbeid (inntil 5 stk.)
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Attestar og vitnemål

Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 - Førsteamanuensis / 1198 - Førstelektor / 1008 - Høgskulelektor.

Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

  • Assisterande instituttleiar Ane Solbraa, Tlf.: 57 67 60 81 / 909 53 275, E-post: ane.solbraa@hvl.no

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS