LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskolelektor i utdanningsleiing

Søknadsfrist: 11.08.2024

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 16 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium. 

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6600 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag har ca. 190 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.

Instituttet gjev undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane, bachelorutdanningar og praktisk-pedagogisk utdanning. I tillegg bidreg instituttet i to-årige masterutdanningar og i Ph.d.-programmet Studier av danning og didaktiske praksisar. Instituttet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.

Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei mellombels stilling i eitt år som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i utdanningsleiing ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Stillinga er knytt til Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag, campus Stord eller Bergen, og er ledig frå 01.09.2024 t.o.m. 31.07.2025. Stillinga er 100 %, men det er mogleg å søke om ein lågare stillingsstorleik. 

Stillinga inngår i fakultet sitt arbeid med tilskotsordninga for lokal kompetanseutvikling i barnehage og grunnopplæring. Dette er ei ordning der universitet og høgskular bidreg med fagleg kompetanse og er utviklingspartnarar for skule- og barnehageeigarar. HVL bidreg i ei rekkje kommunar i Vestland og Rogaland innan ulike temaområder som til dømes inkluderande læringsmiljø, foreldresamarbeid og arbeid i lærande nettverk. 

Oppgåvene i stillinga vil i hovudsak liggje i Nord-Rogaland og Sunnhordland. 

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stillinga har følgande ansvars- og arbeidsoppgåver: 

  • Rettleie og leggje til rette for læringsprosessar i barnehagar, skular og i kommunane elles, samt bistå eigarar i anna arbeid med lokalt utviklingsarbeid. Undervisning, rettleiing og vurdering av studentar i ulike utdanningar kan også bli aktuelt avhengig av søkjar sin kompetanse og instituttet sine behov. 
  • Fagadministrative oppgåver, samhandling med eksterne partnarar og deltaking i interne utviklingsprosessar i høgskulen. 
  • Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen. 

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger.

For tilsetting som førsteamanuensis må søkar ha doktorgrad anten i pedagogikk, spesialpedagogikk, relevant samfunnsfagleg område eller anna nærliggjande fagområde med klar relevans for profilen i stillinga.

For tilsetting som førstelektor må søkar ha dokumentert omfattande forskings- og utviklingsarbeid som i kvalitet og omfang er tilsvarande arbeidsmengde og nivå for ein doktorgradsavhandling, og med tilsvarande relevanskrav som for førsteamanuensis. 

For tilsetjing som høgskulelektor må søkar ha minimum hovudfag/mastergrad med gode resultat (normalt A eller B på masteroppgåva), innanfor same fagfelt som for førsteamanuensis/førstelektor.

Det er ein føresetnad at søkar i tillegg har god kunnskap om grunnskule og/eller barnehage, samt samspelet mellom alle offentlege instansar som saman utgjer laget rundt barnet eller eleven. Søkar må ha særleg kompetanse innan eitt eller fleire av dei aktuelle temaområda inkluderande læringsmiljø, foreldre- og profesjonssamarbeid eller elevmedverknad / barns medverknad.

Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar, tilsette og samarbeidspartar er påkravd. 

 Arbeids- og undervisningsspråket er norsk.

Den som blir tilsett må vere personleg eigna for stillinga. 

Stillinga inneber reising. Det er naudsynt å ha førarkort kl. B.

Følgjande tel positivt i vurderinga 

  • Relevant erfaring frå barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring eller høgare utdanning. 
  • Relevant erfaring frå individuell- og grupperettleiing i pedagogiske verksemder.
  • Digital kompetanse. 
  • Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt i barnehage eller skule. 

Aktuelle kandidatar blir innkalla til intervju.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

  • Vitskaplege arbeid (inntil 5 stk.)
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Attestar og vitnemål.

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.

Søkarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. 

HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.

Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogleg når du veit at du vil søke på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din. 

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 - Førsteamanuensis / 1198 - Førstelektor / 1008 - Høgskulelektor.

Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS