LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Prosjektkoordinator (forskar) - Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR)

Søknadsfrist: 22.11.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar

Ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR) er det ledig ei fast 50 % stilling som prosjektkoordinator (forskar) i kulturvitskap, med tilsetting frå 1. mars 2021. Stillinga er knytt til det NFR-finansierte prosjektet «SAMLA: National Infrastructure for Cultural History and Tradition Archives».

Om prosjektet:

SAMLA skal digitalisere og tilgjengeleggjere arkivmaterialet i tre sentrale norske tradisjonsarkiv: Norsk Folkeminnesamling ved Universitetet i Oslo, Norsk etnologisk gransking ved Stiftinga Norsk Folkemuseum og Etnofolkloristisk arkiv ved Universitetet i Bergen. Desse arkiva inneheld eit rikt kulturhistorisk materiale som vil bli gjort tilgjengeleg på nettsida samla.no som eitt felles digitalarkiv. Den tekniske infrastrukturen blir utvikla og vedlikehalden av Universitetsbiblioteket (UB) ved Universitetet i Bergen.

Sentrale arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåvene er knytt til samordning av aktiviteten mellom dei ulike delane av prosjektet, i tett samarbeid med leiinga av prosjektet ved Institutt for AHKR, dei tre arkiva og UB. Prosjektkoordinatoren skal ha særleg ansvar for kommunikasjon mellom dei involverte partane i prosjektet. Prosjektkoordinatoren vil også måtte ta sjølvstendige faglege avgjerder når det gjeld digitaliseringsarbeidet, og må ha evne til å formidle prosjektet sitt kulturhistoriske innhald til prosjektet si referansegruppe og brukarpanel.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjarar må ha doktorgrad eller tilsvarande i kulturvitskap, kulturhistorie, museologi, folkloristikk eller etnologi. Det er krav om at avhandlinga er levert til vurdering innan søknadsfristen. Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner. Ho/han må ha gode norskkunnskapar og vere fortruleg med norske dialektar. Søkjarar må kunne tyda handskrivne tekstar med stor variasjon i skriftbilde. Erfaring frå arbeid ved tilsvarande samlingar og/eller god kjennskap til slike er ønskjeleg.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø, der prosjektmedarbeidarane ved dei tre samarbeidande institusjonane og Universitetsbiblioteket i Bergen vil inngå i ein arbeidsfellesskap.
  • Løn etter lønssteg 64 (kode 1109 forskar) i det statlege lønnsregulativet, for tida kroner 575 200,- per år i full stilling. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

Søknaden skal sendast elektronisk innan oppgitt frist via lenke på denne sida «SØK STILLINGEN».

Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet, og søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine faglege kvalifikasjonar og motivasjonen for å søkje stillinga
  • CV
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor-, master- og doktorgrad, alternativt ei stadfesting av at doktorgradsavhandlinga er levert
  • Relevante attestar

Søknad og vedlegg må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format.

Spørsmål om den elektroniske søkjeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no.

Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar:

  • Forskaren skal aktivt bidra til å innhente eksterne prosjektmidler til fagmiljøet, til både seg sjøl og andre, fra NFR, EU og andre kjelder
  • Forskaren kan ha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB
  • Forskaren kan søke kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk
  • Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom relevant prosjektfinansiering opphøyrer, og ny lovom statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Jan Heiret, telefon 55 58 97 62 eller e-post jan.heiret@uib.no,
  • Professor Kyrre Kverndokk, telefon 55 58 88 58 eller e-post kyrre.kverndokk@uib.no eller
  • Professor Hans-Jakob Ågotnes, telefon 55 58 22 08 eller e-post Hans-Jakob.Agotnes@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søknadsfrist: 22.11.2020

UiB-ID: 20/11693

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS