LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forskar ved Institutt for framandspråk

Søknadsfrist: 01.12.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar ved Institutt for framandspråk

Institutt for framandspråk har ledig ei stilling som forskar frå 1. januar 2022 eller frå avtala tidspunkt. Stillinga er for ein periode på eitt og eit halvt år.

Institutt for framandspråk har ni språkfag, og det blir forska og undervist i disiplinane språk/lingvistikk, litteratur, kulturkunnskap/historie og fagdidaktikk. I tillegg til rundt seksti fast vitskapleg tilsette, har instituttet kring 25 ph.d.-stipendiatar og postdoktorar og ti administrativt tilsette.

Den utlyste stillinga er knytt til forskingsprosjektet "Re-assessing St. Birgitta of Sweden and her Revelations in Medieval England: Circulation and Influence, 1380-1530", eit prosjekt som er leia av professor Laura Saetveit Miles. Finansieringa kjem frå støtteordninga Unge forskartalent ved Noregs forskingsråd. Prosjektgruppa har tre medlemar: prosjektleiar Miles, ein ph.d.-stipendiat og ein forskar (denne stillinga).

Målsetjinga for prosjektet er å avdekke den breie innverknaden den svenske helgenen Birgitta hadde på engelsk litteratur og kultur i seinmellomalderen. Dette blir gjort gjennom å byggje ein ope tilgjengeleg og mangefasettert bibliografisk database med dokumentasjon, t.d. manuskript og trykte bøker frå ein tidleg fase (Arbeidspakke 1 og 2, prosjektgruppa), redigere og gje ut mellomengelske omsetjingar av Openberringar (Revelations) (Arbeidspakke 3, forskaren), analysere birgittinske tekstar og manuskript (Arbeidspakke 4, prosjektleiar). Prosjektet vil gje djupare innsikt i den rolla kjønn, forfattarskap og religiøs litteratur spela i denne perioden.

Forskaren skal ta del i utviklinga av databasen saman med dei andre i prosjektgruppa, med på å driva fram det samla prosjektet og ikkje minst delta i redigering av den viktigaste uredigerte mellomengelske utgåva av Openberringar, slik ho finst i British Library, MS Julius F.ii. Den som blir tilsett, vil samarbeida med den tidlegare postdoktoren på prosjektet, Dr. Katherine Zieman (no ved Universiteteti Poitiers), for å halda fram arbeidet med ei trykt utgåve av Julius-teksten. Eit førsteutkast har allereie fått gode vurderingar av the Early English Text Society.

Forskaren vil m.a. ha ansvaret for desse delane av redigeringsarbeidet:

  • samanlikne Julius og dei andre viktigaste mellomengelske omsetjingane med dei overlevande latinske manuskripta frå England i mellomalderen, for å finna fram til nær slektskap.
  • samanlikne og granske Julius-omsetjinga, og Claudius-omsetjinga, opp mot dei næraste latinske tekstane.
  • ta del i arbeidet med å gjere klar teksten med forklarande notar og apparat.
  • Om det er tid, laga nettbaserte tillegg med nokre utvalde openberringar

Det vil bli laga ein meir detaljert arbeidsplan med delegering av redaksjonsoppgåver ved oppstart i stillinga og saman med professor Miles og den tidlegare postdoktoren på prosjektet. Prosjektfinansierte forskingsopphald i arkiv vil vere ein viktig del av arbeidet til forskaren.

Søkjarar må sende inn ein prosjektomtale som gjer greie for redaksjonelle prinsipp som er relevante for eit slikt prosjekt, og andre element søkjaren ser som viktige for forskarens rolle i prosjektet. Prosjektomtalen skal ikkje vere på meir enn tre sider (bibliografi kjem i tillegg).

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjaren må ha norsk doktorgrad eller tilsvarande utanlandsk doktorgrad i engelsk litteratur, mellomalder-paleografi eller eit anna relevant felt. Doktoravhandlinga må vere levert før søknadsfristen til stillinga går ut, og oppnådd doktorgrad er eit vilkår for tilsetjing.
  • Gode kunnskapar i mellomengelsk, latin, paleografi, kodikologi og tekstredigering.
  • Kjennskap til digital redigering er ønskjeleg, men ikkje eit krav.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, og gode samarbeidsevner.

I vurderinga av søkjarane blir hovudvekta lagt på innsendte arbeid og på prosjektomtalen. Dersom søkjarane har tilnærma like kvalifikasjonar, kan instituttet leggja vekt på strategiske vurderingar. Det vil òg bli lagt vekt på at søkjaren er motivert og skikka for arbeidet.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen, Institutt for framandspråk, og rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Vi tilbyr

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn tilsvarande lønssteg 64 (kode 1109/LR 24.8) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på omlag kr. 583 100,- i full stilling før skatt per år. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Slik søkjer du stillinga

Søknaden skal sendast elektronisk via lenka «SØK STILLINGEN» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet, og søknad skal innehalde:

  • Søknadsbrev, inkludert ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, der ein av desse må vere hovudrettleiaren frå doktoravhandlinga
  • CV som inkluderer ei liste over eigne publikasjonar
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergraden og vitnemål for doktorgraden, eller stadfesting av at doktoravhandlinga er levert
  • Kort samandrag av doktoravhandlinga (inntil tre sider)
  • Prosjektomtale, som skissert tidlegare i utlysinga (inntil tre sider, bibliografien ikkje medrekna)
  • Bibliografi for prosjektomtalen
  • Opp til 3 forskingsarbeid

Søknaden skal skrivast på engelsk. Vedlegg der originalen ikkje er på engelsk eller eit skandinavisk språk, må omsetjast til eit av desse språka.

Vedlegga må lastast opp i Jobbnorge, og dei kan vere i Word- eller pdf-format. Aktuelle kandidatar vil bli intervjua over Teams.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista, men i så fall skal søkjaren varslast før offentleggjeringa.

Nærare om tilsetjingsprosessen her.

Spørsmål om den elektroniske søknadsprosedyren skal rettast til fakadm@hf.uib.no.

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS