Forskar i informatikk: algoritmiske fundamenter i datavitskap
Søknadsfrist: 01.10.2023
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Forskar i informatikk: algoritmiske fundamenter i datavitskap
Stillinga er for ein periode på 18 månadar, finansiert av European Research Council Grant prosjektet “Lossy Preprocessing (LOPRE)” som er leia av professor Saket Saurabh.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver
Alle tilsette vert forventa å bidra til framifrå forsking og undervisning av høg internasjonal kvalitet. Den ledige forskarstillinga skal bidra til suksess og synlegheit for CEDAS- og LOPRE- prosjekta.
Aktuelle forskingsmessige prioriteringar i CEDAS inkluderer forsking i algoritmiske fundamenter i datavitkap, visuell datavitskap, fundament i maskinlæring, datavitskap i bioinformatikk, åtferd datavitskap-, og statistiske fundamenter.
Den som vert tilsett vil forske innan algoritmiske fundamenter i datavitskap, og samarbeide saman med andre forskarar i CEDAS.
Vi søkjar etter ein framifrå forskar med bakgrunn og erfaring frå eit eller fleire av følgjande felt innan informatikk: tilnærmingsalgoritmar, dynamiske algoritmar, streaming algoritmar, parameterisert kompleksitet, maskinlæringsalgoritmar, og andre relaterte felt.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning i informatikk eller matematikk eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
Erfaring frå algoritmeforsking er eit krav.
Søkjarar må kunne dokumentere sterk kompetanse innan algoritmeforsking med ein solid publikasjonsliste, frå leiande konferansar som til dømes STOC, FOCS, SODA, ICALP, SoCG, og PODC.
Det er ein føremon med erfaring innan datavitskap, særleg med fokus på algoritmiske fundament innan datavitskap, men også på andre forskingsretningar innan CEDAS
Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
Søkarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
Stilling som forskar (kode 1109 i hovudtariffavtalane i staten) og brutto årsløn på kr. 615 700,- (svarar til lønssteg 63) ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Vi oppmodar kvinner/menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.