Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Ph.d.-stipendiat i kvanteteknologi
Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i kvanteteknologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning).
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Stillinga er ein del av fakultetet si satsing på kvanteteknologi og -vitskap ved Institutt for fysikk og teknologi. Ved instituttet er teoretiske simuleringar av kvantesystem, utvikling av optimaliseringsalgoritmar og kopling mellom laserar og kvantesystem aktive forskingsområde. Det går òg føre seg eksperimentell verksemd, basert på kvanteeigenskapane til nitrogenvakansar i diamant, retta mot applikasjonar innan kvantesensing og grunnforsking.
Dette doktorgradsprosjektet vil bidra til eit tverrfagleg arbeid retta mot å forstå den dynamiske åtferda til kvantesystem, med særleg vekt på deira bruk innan kvanteoptimalisering og kvantestyring. Relevante bruksområde er optimalisering av energinett, kvantesensing og/eller jet-utvikling i kvantekromodynamikk. Arbeidet vil innebere ein kombinasjon av teoretisk modellering, numeriske simuleringar av kvantedynamikk, og bruk av databehandlingsressursar med høg ytelse. Kandidaten vil òg få høve til å utforske moglegheitene som finst i dagens kvantedataplattformer som verktøy for simulering og benchmarktesting.
Vi ønskjer søkjarar med solid bakgrunn i kvantefysikk, gjerne i kombinasjon med erfaring frå berekningsfysikk eller relaterte fagområde. Vi ser etter motiverte kandidatar som ønskjer å bidra til det veksande fagfeltet kvanteteknologi, med vekt på løysing av praktiske og samfunnsrelevante problemstillingar.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i teoretisk fysikk eller kvantefysikk. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 01.07.2025. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
Erfaring frå eller kompetanse innan teoretisk kvantefysikk og numeriske simulering er eit krav.
Erfaring med eller kompetanse innan kvanteberekningar og -teknologi er ein fordel.
Erfaring frå eller kompetanse innan datavitskap (data science) og/eller optimering er ein fordel.
Erfaring frå eller kompetanse innan datavitskap (data science) og/eller optimering er ein fordel.
Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillingaUiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
For stillinga gjeldt følgande:
Om stillinga som ph.d.-stipendiat
Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga
Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr:
Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
Løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 540 500. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
Ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
Namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
CV
Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing.
Relevante attestar
Godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenker)
Eventuelle publikasjonar
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med rådgjevar Thea Thingnes, thea.thingnes@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.