LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Ph.d.-stipendiat i energiressurs og systemmodellering

Søknadsfrist: 06.06.2025

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Geofysisk institutt er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i energiressurs og systemmodellering. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til forskingsgruppa for energi ved Geofysisk institutt, Bergen Offshore Wind Center og energiinformatikklaben ved Institutt for informatikk, støtta gjennom Akademiaavtalen mellom Universitetet i Bergen og Equinor.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Elektrisitetsforbruket i Norge forventast å auke frå dagens 140 TWh til opp mot 220 TWh i 2050, hovudsakeleg drevet av overgangen til nullutslepp (elektrifisering), industriell vekst og ny produksjon. For å handtere den auka etterspørselen har den norske regjeringa planlagt 30 GW installert offshore vindkraft innan 2040. Dette vil drastisk endre det norske elektrisitetssystemet og gjere kraftsystemet meir vêravhengig og produksjonen meir varierande.

Ph.d.-arbeidet vil vere todelt. Først vil kandidaten arbeide med å forbetre og utvikle datasett og estimeringsalgoritmar for fornybar energi som vil forbetre berekningane til energimarknadsmodellen JulES, utvikla av Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE). I andre del av arbeidet vil kandidaten utføre energimarknadssimuleringar ved bruk av JulES for å undersøke moglege lokasjons- og tilkoplingsstrategiar for framtidig norsk offshore vindkraft.

Vi tilbyr moglegheita til å bli ein del av eit svært internasjonalt og vitskapeleg mangfaldig arbeidsmiljø som en del av Bergen Offshore Wind Center (BOW) samlokalisert med Geofysisk institutt, Universitetet i Bergen. Arbeidet vil bli gjort i tett samarbeid med energiinformatikklaben ved Institutt for informatikk, Universitet i Bergen og gruppa som utviklar JulES ved Norges vassdrags- og energidirektorat.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning innan anvendt matematikk, fornybar energi, energisystemmodellering eller tilhøyrande disipliner. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 01.07.2025. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje. 
  • Dokumentert kunnskap om fornybar energi er eit krav.
  • Erfaring og dokumentert kunnskap i vitskapeleg programmering ved bruk av Python, R, Matlab, Julia eller liknande er eit krav.
  • Kunnskap om energisystem, energisystemmodellering eller kunnskap om det europeiske energimarknaden vil være ein fordel.
  • Forståing av atmosfæriske prosessar viktig for fornybar energiproduksjon og produksjonsvariabilitet vil være ein fordel.
  • Kunnskap om maskinlæring eller optimalisering vil være ein fordel.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillingaUiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

For stillinga gjeldt følgande

Om stillinga som ph.d.-stipendiat

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 540 500. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing.
  • relevante attestar.
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet).
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenker)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Asgeir Sorteberg (asgeir.sorteberg@uib.no), Geofysisk Institutt, Universitetet i Bergen eller 
  • Instituttleiar Tor Eldevik (tor.eldevik@uib.no), Geofysisk institutt, Universitetet i Bergen

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Maria Svåsand (maria.svasand@uib.no)

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS