Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Stipendiat i mikroelektronikk
Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i mikroelektronikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Ønska startdato er innan september 2025. Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen som del av SFI Smart Ocean, eit senter for forskingsdriven innovasjon. Stipendiaten vil arbeide under rettleiing frå Universitetet i Bergen og NORCE, Bergen.
SFI Smart Ocean utviklar eit trådlaust observasjonssystem for multi-parameter overvaking av undervassmiljø og installasjonar. Systemet er basert på autonome smarte sensorar, og vil vere eit fundament for realisering av fleksible, distribuerte, robuste, energieffektive, kostnadseffektive og sikre marine målingar, datahandtering og fjernoperasjonar.
PhD-prosjektet har arbeidstittel Embedded signal processing for wireless underwater sensors (Innebygd signalbehandling for trådlause undervassensorar). Dette er ei sentral forskingsoppgåve i SFI Smart Ocean, og arbeidet vert sterkt knytt til anna forsking og industripartnarar i senteret.
Trådlaus akustisk overføring av data frå sensor til nettverk har svært avgrensa bandbreidde. For å redusere transmisjonsbehovet av data krevst det difor ombordprosessering i sensorane. Dette er spesielt aktuelt for sensortypar som genererer relativt store mengder rådata. Då må rådata prosesserast i sensoren for å kunne overføre komprimerte data eller ei tilstandsbeskriving basert på analyse av rådata. Ombordprosessering er også svært aktuelt for einingar med fleire sensorar (sensor fusion) der kombinasjon av informasjon frå fleire sensorar kan brukast for å beskrive ein tilstand eller ta ei avgjerd om å sende alarmsignal eller ta andre aksjonar lokalt.
Det er også aktuelt å implementere metodar for kvalitetskontroll og betring av datakvalitet som vert utvikla i andre PhD-oppgåver i SFI Smart Ocean. Dette gjelder både metodar som er basert på fysiske modellar, multivariabel analyse, sjølvdiagnose og KI-algoritmar. Lang operasjonstid er svært viktig for undervassensorar, og for batteridrivne einingar er derfor lavt energiforbruk avgjerande. Energieffektiv prosessering blir sentralt i forskingsarbeidet, både på komponentnivå og for algoritmar og metodar som vert nytta. Løysinga skal implementerast på mikroprosessor-plattform, men spesifikke funksjonar kan implementerast i FPGA om dette er hensiktsmessig.
Prosjektet vil opparbeide oversikt over forskingsfronten med omsyn til energieffektiv signalbehandling, men også grensesnitt for overføring av sensordata via akustiske modem for undervasskommunikasjon. For å sikre relevant datakvalitet må all signalbehandling vere transparent og det må vere mogeleg å tilpasse viktige parametrar i sensorane for ulike bruksområde og varierande omgjevnader og tilstander. Bruksområde som er relevante for SFI Smart Ocean sine partnarar vil bli brukt som utgangspunkt for utvikling av metodar og implementering av sensorløysningar.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Vi inviterer deg til å søkje viss du har kvalifikasjonane som er lista som krav nedanfor. La òg søknaden vise tydeleg kva kvalifikasjonar du har blant dei som er lista som fordelar.
Krav:
Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i fysikk, elektronikk eller anna relevant fagområde. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 01.07.2025. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
Erfaring frå eller kompetanse innan elektronikk og signalbehandling er eit krav.
Erfaring frå eller kompetanse innan programmering er eit krav.
Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
Fordelar:
Dokumentert praktisk erfaring med eksperimentelt arbeid som inkluderer måleteknologi.
Anna dokumentert utdanning eller arbeidserfaring innan dei følgjande tema vil også telje som fordelar i rangeringa av kandidatane:
Elektronikkdesign,
signalanalyse, digital signalbehandling,
numerisk modellering,
programmering i Python eller MATLAB,
mikroprosessorar,
målevitskap,
vitskapleg skriving og publisering.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll, og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til denne stillinga. Ved behov vil UiB søkje om eksportlisens før tilbod om tilsetjing vert gitt. Dersom UiB ikkje har motteke positivt svar på søknad om eksportlisens innan 12 veker, kan stillinga verte tilbydd ein annan søkjar.
For stillinga gjeldt følgande:
Om stillinga som ph.d.-stipendiat
Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga
Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr:
Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
Løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 540 500. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
Ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
Namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
CV
Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, innan tilsetjing.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Thea Thingnes, Thea.Thingnes@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.