Forskar (prosjekt "Ung Meistring") ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin
Søknadsfrist: 03.03.2024
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Forskar (prosjekt "Ung Meistring") ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei fast stilling som forskar (100 %). Avhengig av kompetanse og personlege eigenskapar kan det vere aktuelt å tilsetje anten som forskar i kode 1109 (med doktorgrad) eller kode 1108 (utan doktorgrad).
Stillinga er eksternt finansiert, og er for tida knytt til prosjekt «Ung Meistring». Prosjektet har ei førebels finansiering i 2 år og 8 mnd.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Prosjektet «UngMeistring - digitale psykiske helsetenester for ungdom» vil auke tilgangen på kunnskapsbaserte psykiske helsetenester for barn og unge mellom 13 og 18 år gjennom å ta i bruk digitale nett- og spelbaserte sjølvhjelps- og behandlingsprogram for ungdom med angst, ADHD, depresjon og spiseforstyrringar.
Forskaren vil bidra til:
Å bygge kompetanse for utvikling av digitaliseringsprosjekt i helsetenesta, med fokus på å dokumentere effektar (nytte), kostnader og kost-nytte av digital sjølvhjelp og behandling, og av organisering og implementering av denne (kort punktvis beskriving)
Gjennom formidling av forskingsresultat skape verdiar for helsetenestene og næringslivet
Bidra aktivt i prosjektgruppa for UngMeistring og forskingsgruppa «Health Economics Leadership and Translational Ethics Research group» (HELTER)
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha relevant norsk ph.d.-grad eller tilsvarande doktorgrad
Søkjar til forskar 1108 må ha norsk relevant mastergrad eller tilsvarande kompetanse
Det er ønskjeleg at forskaren har vitskaplege kvalifikasjonar innan samfunnsøkonomi, helseøkonomi, men anna relevant bakgrunn som samfunnspsykologi eller epidemiologi kan også vere aktuelt. Kompetanse i økonomiske metodar frå lågare grad vil også bli lagt vekt på.
Søker må ha erfaring frå kvantitativ metode inkludert ulike statistiske analyser og analyseverktøy
Søker må kunne jobbe selvstendig med analyse av effektar (nytte), kostnader og kost-nytte i helsetjenesten.
God kunnskap om den Norske helsetenesta. Breitt fagleg nettverk er ein føremon
Erfaring frå prosjektleiing er ein fordel, og søkjaren må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner
Kunne nytte norsk og engelsk munnleg og skriftleg
Vi kan tilby:
Eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan evaluering av helsetiltak
Løn for tida kr 624 500 (kode 1109, lønssteg 64) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For søkjarar med spesialitet er løn for tida kr 646 000 (kode 1109, lønssteg 66), brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Løn for tida kr 509 300 brutto pr. år (kode 1108, lønnssteg 51) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing.
Eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
Ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
Publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10 i PDF-format) og ei liste over desse
Doktorgradsavhandlinga (i PDF-format)
To referansar (namn og kontaktinformasjon)
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som pdf vedlegg til søknaden.
Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar:
Forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under
Lønsutgiftene skal om mogleg vere 100 % eksternt finansiert
Forskaren skal aktivt bidra med å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, til både seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder
Det er forventa at forskaren har sin forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med
Instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
Forskaren kan inneha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB
Forskaren har ikkje undervisningsplikt, men forventas å rettleie master- og ph.d.-studentar i den grad dette inngår som ein naturleg del av forskingsaktiviteten i forskingsgruppa
Forskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk
Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lov om statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande for fast tilsette
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknader til stillinga.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.