LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forskar ved Senter for alders- og sykehjemsmedisin

Søknadsfrist: 30.01.2025

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar 

Ved Det medisinske fakultetet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei mellombels stilling som forskar (50 %) for ein periode på to (2) år. Avhengig av kompetanse og personlege eigenskapar kan det vere aktuelt å tilsetje anten som forskar i kode 1109 (med doktorgrad) eller kode 1108 (utan doktorgrad). Stillinga er ekstern finansiert av det EU-programmet Eureka Eurostars og Norges forskningsråd, og er for tida knytt til prosjekt «Emotion-Intelligent Robot System for people with impaired cognition (EI ROBOT)». Prosjektet har ei førebels finansiering i 3 år.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Prosjektet «Emotion-Intelligent Robot System for people with impaired cognition (EI ROBOT)» vil utvikle et interaktivt robotsystem for å auka trivselen til personar med demens eller andre intellektuelle funksjonshemmingar som bor i langtidspleieinstitusjoner. Systemet vil autonomt vurdera og reagera på dei emosjonelle tilstandane til bebuarane (aggresjon og døsighet), støtte omsorgspersonar og forbetra velvære til bebuarane.

Følgjande arbeidsoppgåver er relevante:

  • Bidra med klinisk og helsefaglig ekspertise under designprosessen for å informera utviklinga av robotsystemet 
  • Delta i testing og validering av robotsystemet, inkludert dataanalyse
  • Utføre risiko- og etikkvurderingar angående robotsystemet og de relaterte AI-beslutningskomponentan 
  • Støtt prosjektet's rådgivande etikk utval 
  • Støtte søknaden til de relevante etiske nemndene og utforminga av valideringsstudiane
  • Delta i formidling, under dette vitskaplege artiklar, populærvitskaplege bidrag og anna 
  • Reise til Nederland for korte arbeidsøkter under valideringsoppgåvene

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar til stillingskode 1109 må ha relevant norsk ph.d.-grad eller tilsvarande doktorgrad 
  • Søkjar til stillingskode 1108 må ha relevant norsk mastergrad eller tilsvarande 
  • Forskaren må ha vitskaplege kvalifikasjonar innan demensomsorg, spesielt behandling av åtferdssymptom eller tilsvarande innan stemningshandtering for personar med nedsett kognisjon. 
  • Søkjarar som også har erfaring med etikk knytt til robotikk/AI i helsevesenet er spesielt velkomne
  • Søkeren skal ha erfaring med å skriva manuskript og rapportar 
  • Erfaring med dataanalysemetodar er en fordel (kvantitativ eller kvalitativ)
  • Erfaring med sensoreiningar eller interaktiv teknologi i omsorgsmiljø er ein fordel
  • Personlige ferdigheiter, inkludert kommunikasjon, vilje til å læra, nysgjerrigheit, evnar til å arbeide sjølvstendig og samarbeida i ei forskningsgruppe vil bli evaluert
  • Søkjaren må være motivert og ansvarstakande med stor arbeidskapasitet og entusiasme for forskning
  • Søkjaren må vere særs god i munnleg og skriftleg engelsk 
  • Norsk- eller nederlandsk språk kan være ein fordel 
  • Erfaring med internasjonalt og/eller bransjesamarbeid er ein fordel

Vi kan tilby:

  • Eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan helseteknologi 
  • Løn for tida kr 532 200 brutto pr. år (kode 1108) eller kr 635 400 (kode 1109) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For søkjarar med spesialitet er løn for tida kr 657 300 (kode 1109), brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne 
  • Ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • Publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10 i PDF-format) og ei liste over desse 
  • Doktorgradsavhandlinga eller mastergradsavhandlinga (i PDF-format)
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som pdf vedlegg til søknaden.

Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar:

  • Forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under
  • Lønsutgiftene skal om mogleg vere 100 % eksternt finansiert
  • Forskaren skal aktivt bidra med å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, ti både seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder
  • Det er forventa at forskaren har sin forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med 
  • Instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt 
  • Forskaren kan inneha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB
  • Forskaren har ikkje undervisningsplikt, men forventas å rettleie master- og ph.d.- studentar i den grad dette inngår som ein naturleg del av forskingsaktiviteten i forskingsgruppa 
  • Forskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk 
  • Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lov om statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande for fast tilsette

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknader til stillinga.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Spørsmål om stillinga

  • Monica Patrascu, +47 55588501, monica.patrascu@uib.no
Powered by Labrador CMS