Universitetslektor (ekstraerverv) i medisin (endokrinkirurgi) - Vestlandslegen
Søknadsfrist: 26.01.2025
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Universitetslektor (ekstraerverv) i medisin (endokrinkirurgi), Vestlandslegen
Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig 2 åremålsstillinger som universitetslektor (2 x 10 % ekstraerverv) i medisin (endokrinkirugi) for ein periode på to (2) år frå tilsetjing. Stillingane er knytt til fast hovudstilling (min. 50 %) som overlege ved Bryst- og endokrinkirurgisk seksjon ved Stavanger Universitetssjukehus (SUS). Arbeidsstad er ved SUS.
Vi søkjer etter nye kollegaer som saman med tilsette ved instituttet vil bidra til framifrå undervisning.
Arbeidsoppgåver:
Stillinga inneheld oppgåver innan
undervisning, rettleiing og tilrettelegging, først og fremst knytt til undervisning i endokrinkirurgi
generell undervisning og undervisning i høve til dei andre studieprogramma ved fakultetet/instituttet kan verte pålagt
administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer
Den som vert tilsett, vert del av undervisningsgruppa for Bryst- og endokrinkirurgi, og vil få delansvar for utforming av undervisning i endokrinkirurgi for medisinstudentar.
Den som vert tilsett skal undervise og rettleie medisinstudentar, samt ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer.
Den som vert tilsett skal undervise medisinstudentar i det til ein kvar tid pågåande studieprogram. Det kan vera aktuelt med undervisning i relaterte emne og studieprogram.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
søkjar må ha norsk cand.med.-grad eller tilsvarande kompetanse
søkjar må ha spesialutdanning i endokrinkirurgi
det er eit ynskje at søkjar har brei og relevant klinisk erfaring, samt engasjement og interesse for undervisning
det er eit ynskje at søkjar har undervisnings- og administrativ erfaring, samt erfaring med populærvitskapleg formidling
det vert lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid
Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.
Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 innan tre år etter tilsetjinga. UiB tilbyr norskopplæring og vil legge til rette for at språkkravet kan oppfyllast.
Vi tilbyr:
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
Løn er for tida kr 594 500 – 657 300 (kode 1009, lønssteg 61-67) brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga
CV
Karakterutskrifter (all høgare utdanning) og relevante attestar
Dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse
To referansar (namn og kontaktinformasjon)
Dersom du driv forsking legg du og ved:
Fullstendig publikasjonsliste
Vitskaplege arbeid (maks 10) i PDF-format
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf).
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.