Ledig stilling ved NGU

Forskar i geofarar

Søknadsfrist: 15.04.2020

Norges geologiske undersøkelse

Norges geologiske undersøkelse (NGU) er landets sentrale institusjon for kunnskap om berggrunn, mineralressurser, løsmasser og grunnvann. NGUs oppgaver omfatter geologisk, geofysisk og geokjemisk kartlegging, utvikling og drift av databaser, forskning, informasjon og rådgivning, til det offentlige og til industrien. Vår virksomhetsidé er Geologi for samfunnet. NGU har ca 200 ansatte fra 27 nasjoner, hvorav ca. 60 prosent er forskere.


Nærmere informasjon om NGUs organisasjon og arbeidsoppgaver finnes på www.ngu.no

NGU inviterer søkarar til ein 1-års stilling som geolog/forskar med oppstart så snart som mogleg. Stillinga er knytt til Laget for geofare og jordobservasjon som har 14 forskarar som arbeider med kartlegging av skredfare i Noreg og deltar i forskings- og utviklingsprosjekt nasjonalt og internasjonalt. Laget samarbeider med dei fleste av laga ved NGU, med Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE), andre statlege etatar, forskingsmiljø og konsulentbransjen.

Arbeidsoppgåver

Forskaren vil i hovudsak arbeide med fjernanalyse og ulike typar modellering i forbindelse med FoU og aktsemdsanalysar knytt til skredprosessar i bratt terreng, særskilt jord- og flomskred. Dette vil kunne omfatte inntil 6-8 vekers feltarbeid pr år i ulike delar av landet. Kontorarbeid vil omfatte samanstilling av data i form av databasar og kart, samt utvikling og implementering av ulike metodar for romleg modellering. Vi vil også vente at den som blir tilsett presentererar resultata på faglege møte, publiserer prosjektresultat i rapportar og fagtidsskrift, og populariserer resultat frå arbeidet

Kvalifikasjonskrav

Den som blir tilsett må ha dokumentert erfaring med feltbasert datainnsamling med vekt på studiar av skred i bratt terreng. Søkarar må ha fullført mastergrad ved oppstart i stillinga og helst ha relevant arbeidserfaring frå ulike forskingsmiljø. For denne stillinga må ein ha:

  • Dokumentert erfaring med ArcGis og Matlab, samt fleire av følgjande programvarer: Python, Agisoft, CloudCompare, DAN3D, r-avaflow, FlowR
  • Erfaring med fjernanalysemetodar som LIDAR, GeoSlam, drone, InSAR, satellitt- og flybilete og fotogrametri.
  • God kunnskap om jord- og flomskredsprosessar.
  • Erfaring innan eit eller fleire av følgjande kompetanseområde: steinsprang, hydrogeologi, strukturgeologi og nordisk kvartærgeologi
  • God evne til å kommunisere munnleg og skriftleg
  • Gode kunnskapar i engelsk.
  • Førarkort for bil

Personlege eigenskaper

Vi understrekar evne til både å arbeide sjølvstendig og innanfor eit tverrfagleg team. Den som blir tilsett må ha vilje til å utvikle og ta i bruk nye metodar, og kunne bidra med formidling av geologi til brukarar av NGU sine data, til nasjonale og internasjonale forskingsmiljø, og til samfunnet generelt.

Vi tilbyr

Vi kan tilby et godt og inkluderande arbeidsmiljø med spanande faglege utfordringar og gode vilkår for fagleg utvikling og internasjonalt samarbeid. Vi oppfordrar alle kvalifiserte til å søke, uavhengig av for eksempel alder, kjønn, nasjonal eller etnisk bakgrunn, funksjonsevne eller hol i CV.

Stillingane blir løna i samsvar med utdanning og erfaring etter Statens hovudtariffavtale som:Forskar med mastergrad (stillingskode 1108) frå kr 456.000 brutto per år, med PhD-grad (stillingskode 1109) frå kr. 522.800 brutto per år. Av beløpet blir 2% trekt til Statens pensjonskasse.

Meir informasjon og korleis kan du søke

Informasjon om stillinga kan ein få ved å ta kontakt:

  • Lagleiar Reginald Hermanns + 47 73904181, Reginald.Hermanns@ngu.no,
  • Nestleiar Kari Sletten +47 73904147, Kari.Sletten@ngu, eller
  • Avdelingsdirektør Vegard Aune, +47 970 55 868, vegard.aune@ngu.no

Send søknad med CV, vitnemål, publikasjonsliste, forskingsinteresse og navn og e-postadresse på tre referansepersonar innan 15. april 2020.

Søkerlista er offentleg. I følge Offentleglova §25, andre ledd, kan opplysningar om søkar bli offentleggjort sjølv om søkar har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Kandidaten vil då bli varsla på førehand.

Søkarar som opplyser om at dei har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, vert gjort merksam på at denne informasjonen kan verte brukt til statistikkformål i samband med regjeringa sin inkluderingsdugnad, dersom vedkommande blir tilsett.

Webcruiter-ID: 4218449078

Søk på stillingen

Kontaktinformasjon

  • Vegard Aune (Avdelingsdirektør), +4797055868, vegard.aune@ngu.no
  • Reginald Hermanns (Lagleder geofarer og jordobservasjon), 73904181, reginald.hermanns@ngu.no
  • Kari Sletten (Nestleder), 73904147, kari.sletten@ngu.no
Powered by Labrador CMS