LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Laivutviklar / koordinator (forskar)

Søknadsfrist: 27.06.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Laivutviklar/koordinator (forskar)

Ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium er det ledig ei mellombels 25 % stilling som laivutviklar (forskar). Startdato er 1. september eller etter avtale, og sluttdato er 31.03.2022.

Stillinga er knytta til det NFR-finansierte prosjektet Maskinsyn: Utstilling og laivrollespill for utforskning av etikk og ny teknologi. Professor Jill Walker leiar prosjektet. Prosjektet har etablert eit team som utviklar rollespel som skal finne stad hausten 2021, og treng ein medarbeidar som bidrar med forsking på og koordinering av prosjektet.

Arbeidsoppgåver

Den som vert tilsett skal koordinere og bidra til dokumentasjonen av laivane (levande rollespel) og medforfatte ein vitskapleg artikkel om desse. Vedkommande skal delta i eit etablert team som utviklar laivane, og vil ha hovudansvaret for å koordinere innkjøp og syte for samarbeid mellom eksterne aktørar og UiB.

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

  • Søkjaren må ha minimum mastergrad
  • Forskingspublikasjonar innan spelforsking er eit klart føremon
  • Erfaring med laiv eller rollespel vil bli vektlagd
  • Administrativ erfaring er eit føremon
  • Kandidaten må kunne arbeide sjølvstendig, velorganisert og dessutan ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjaren må ha gode kunnskapar i engelsk og norsk

I vurderinga av søkjarane vert hovudvekta lagt på relevant erfaring og på kvaliteten i søknaden og relevansen for forskinga i Machine vision-prosjektet, samt på dei vitskaplege arbeida som er sende inn. Dersom rangerte søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, vil det òg bli lagt vekt på strategiske omsyn, motivasjon og i kva grad søkjaren er personleg eigna.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 56-64 (kode 1108/LR25) etter tenesteansiennitet. For tida svarar dette til mellom 507 200 og 583 100 kroner årleg i full stilling før skatt. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei IA-verksemd (Inkluderande arbeidsliv)
  • Gode velferdsordningar

Slik søkjer du stillinga

Søknaden skal sendast elektronisk innan søknadsfristen via lenka «SØK STILLINGEN» på denne sida, og må skrivast på engelsk eller eit skandinavisk språk.

Søkjaren må fylle ut det elektroniske cv-skjemaet, og søknaden må innehalda:

  • Ein kort presentasjon av søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkjestillinga.
  • Namn og kontaktinformasjon til to referansar.
  • Cv
  • Utskrift og vitnemål som dokumenterer høgare utdanning
  • Relevante stadfestingar og attestar.
  • Ei fullstendig liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste).
  • Inntil fem vitskaplege arbeid (avhandlingar/monografiar/artiklar) som skal vektleggjastsærskilt i vurderinga av akademiske kvalifikasjonar.

Søknaden og vedlegg med stadfeste omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Vedlegga kan vere i Word eller Pdf-format.

Generell informasjon

Meir informasjon om stillinga kan ein få frå:

  • Professor Jill Walker, e-post jill.walker@uib.no, som er leiar av Machine vision-prosjektet

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan sendast til fakadm@hf.uib.no. Nærare om tilsettingsprosessen her.

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS