LEDIG STILLING PÅ UNIVERSITETET I STAVANGER

Avdelingsleiarar ved Arkeologisk museum

Søknadsfrist: 20.05.2021

Universitetet i Stavanger

Universitetet i Stavanger (UiS) har omlag 12 000 studentar og 1.900 tilsette. Universitetet har store ambisjonar. Vi skal ha en innovativ og internasjonal profil og vera ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet. Vår felles retning skal drivast fram av omtanke for berekraftig omstilling og rettferdig samfunnsutvikling, gjennom nye måtar å forvalte naturressursane på og ved å legge til rette for betre byar og lokalsamfunn. Energi, helse og velferd, læring for livet er satsingsområda våre.

I samspel og dialog med omgjevnadane våre regionalt, nasjonalt og internasjonalt har vi eit ope og innovativt klima for utdanning, forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid, nyskaping, formidling og museumsverksemd. Den faglege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet med 13 institutt og to nasjonale forskings- og kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museum. Vi er medlem i det europeiske nettverket for innovative universitet – European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300 000 innbyggjarar. Stavangerregionen har et dynamisk arbeidsmarknad og tilbyr ei rekke spennande kultur- og fritidsaktivitetar.


Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi løfta blikket og våga å tenka stort og nytt - vi utfordra det velkjende og utforska det ukjende.

Arkeologisk museum er eit tverrfagleg museum med oppgåver innanfor forsking, formidling, fornminnevern, konservering samt dokumentasjon og samling. Museet har eit vitskapleg personale med forskarar innanfor arkeologi, konservering, ulike naturfag og nyare tids kulturhistorie. Det museumsfaglege personalet dekkjer fleire felt innanfor konservering, laboratorium, fototenester, arkiv og vitskaplege samlingar, forvaltningsoppgåver gjeve i Lov om kulturminne, utstillingsproduksjon, grafisk formgiving, skuleteneste, publikumstilbod og utleigeverksemd. Museet driv eit forlag med to seriar som er poenggivande i CRIStin. Museet har i dag 80 fast tilsette fordelt på fire fagavdelingar og ein administrasjon.

Om stillingane

Universitetet i Stavanger har ledig stilling som avdelingsleiar ved tre fagavdelingar ved Arkeologisk museum:

Avdeling for formidling Arkeologisk museum skal drive nyskapande formidling med høg kvalitet. Formidlingsavdelinga planlegg, utviklar og utfører forskingsbasert formidling. Avdelinga har ansvar for publikums- og utleigeverksemda ved museet og ved Jernaldergarden på Ullandhaug, samt på eksterne arenaer. Arkeologisk museum står føre store og interessante utfordringar i åra framover, dette inkluderer planar om nybygg, bygging av nye utstillingar og utvikling av driftskonsept. Det er i dag 17 tilsette ved avdelinga og i tillegg fleire tilkallingsvertar.

Avdeling for fornminnevern

Avdelinga utfører museet sine oppgåver etter kulturminnelova med saksbehandling i forvaltningssaker og gjennomføring av arkeologiske og naturvitskaplege undersøkingar i Rogaland. Avdelinga har ei utstrekt oppdragsverksemd, primært i Rogaland, men også nasjonalt. Museet og avdelinga legg stor vekt på tverrfagleg samarbeid internt. Avdelinga har nært samarbeid med tiltakshavarar, Rogaland fylkeskommune og Riksantikvaren. Det er i dag 36 tilsette ved avdelinga.

Avdeling for samlingar

Avdelinga tek imot og forvaltar gjenstandar og naturvitskapelege prøver frå arkeologiske undersøkingar og frå privatpersonar, og har ansvaret for det vitskapelege arkivet med alt dokumentasjonsmateriale og databasar. Arbeidet med bergkunst i Rogaland er for tida tillagt avdelinga. Oppgåver knytt til kjeldesikring, innhenting av restansar og digitalisering av det vitskaplege arkivet har høg prioritet. Samarbeid om felles nasjonale databaseløysingar, forskingsbasert innsamlingspolitikk og bidrag til utstillingsverksemda er sentrale oppgåver for avdelinga. Det er i dag 14 tilsette ved avdelinga.

Generelt

Avdelingsleiarane rapporterer til museumsdirektør og inngår i leiargruppa ved Arkeologisk museum saman med museumsdirektør, administrasjonsdirektør, forskingsleiar, kommunikasjonsansvarleg og avdelingsleiar for Avdeling for konservering. Som del av leiargruppa skal avdelingsleiarane bidra til strategisk utvikling av museet, styrke det tverrfaglege samarbeidet og forsterke museets posisjon som eit leiande, nyskapande og attraktivt museum.

Avdelingsleiarane har det faglege og administrative resultatansvar for avdelinga si totale verksemd. Det blir forventa at avdelingsleiarane tar del i det museumsfaglege arbeidet ved avdelinga. Museet og avdelingane utfører forsking på forhistorisk tid og mellomalder med utgangspunkt i Rogaland, men med ein nasjonal og internasjonal innretning og målsetjing. Det vil kunne bli gitt tid til forsking etter avtale med museumsdirektør.

Les meir om museet og aktiviteten her på nettsidene våre.

Hovudoppgåver

  • leia og utvikla avdelinga, og ivareta resultatansvar for avdelinga si totale verksemd
  • sørga for at ressursane i avdelinga blir brukte effektiv og formålstenleg
  • ha personalansvar for tilsette i avdelinga, irekna ansvar for helse, miljø og sikkerheit. Arbeida aktivt med personalleiing og medarbeidarutvikling.
  • utvikling av eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø
  • legga til rette for utvikling av eksternt finansiert verksemd
  • arbeida aktivt med implementering av museets strategi
  • bidra med museumsfagleg arbeid
  • sørga for god kommunikasjon og informasjon internt og eksternt
  • bidra til eit godt tverrfagleg samarbeid internt på museet
  • representera avdelinga eksternt, utvikla og legga til rette for relevant nettverksbygging og samhandling (lokalt, nasjonalt og internasjonalt)

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • høgare utdanning på minimum masternivå innafor arkeologi eller eit av museets andre fagområde. Vitskapleg kompetanse på doktorgradsnivå er å føretrekke.
  • relevant erfaring, leiarerfaring frå museum og/eller universitetssektoren er ein fordel. For tilsetjing som avdelingsleiar ved Avdeling for forminnevern bør du kunne dokumentera erfaring med forvaltningsundersøking og kulturminnevern, irekna saksbehandling.
  • gode leiareigenskapar og god økonomiforståing
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk, eller eit anna skandinavisk språk, og engelsk

Vidare blir det lagt vekt på at du:

  • har ein open og motiverande leiarstil prega av integritet, samarbeid og nyskaping
  • er ein nettverks- og relasjonsbyggjar med evne til konstruktiv samhandling og kommunikasjon
  • har erfaring med tverrfagleg og vitskapleg samarbeid
  • har vist prioriterings-, avgjerds- og gjennomføringsevne
  • har evne til å vidareutvikla ein god organisasjonskultur

Vi tilbyr

  • interessante og utviklande oppgåver i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
  • eit ambisiøst arbeidsfellesskap og eit inkluderande arbeidsmiljø
  • lønn som avdelingsleiar etter Statens lønnsregulativ l.pl 17.500, kode 1003, kr 750.000-850.000 bto pr år. I særskilte tilfelle kan høgare lønn vurderast. Frå lønna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar
  • meir om fordelar og gode for tilsette på nettsidene våre

Mangfald

Universitetet sine verdiar er å vera uavhengig, involverande og skapande. Vi vurderer mangfald som ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet vårt, og er opptatt av å visa respekt for kvarandre sine ulikskapar og bakgrunn. Universell utforming skal prega dei fysiske og digitale læringsmiljøa våre, og arbeidsplassen vil om nødvendig bli lagt til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne.

Dersom du vurderer stillinga som interessant oppmodar vi deg til å søke uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utanfor arbeidslivet ein periode.

Kontaktinformasjon

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til teamleiar rekruttering May Merete Tjessem Opdal, tlf 51833011, e-post: [email protected].

Søknad

Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert minimum søknadsbrev, relevant utdanning, arbeidserfaring og språkferdighetar registrert. I søknadsbrevet må du få fram kva for ei av dei tre leiarstillingane du søker (eller om du søker fleire av stillingane), kompetansen og motivasjonen din for stillinga.

Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til ved vurdering av søknaden, må lastast opp som vedlegg til søknaden. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman må dei komprimerast før opplasting.

Søknaden vert vurdert ut frå informasjon som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava som det er skrive om over.

Vi gjer òg merksame på at opplysningar om søkjar kan verta offentleggjorde sjølv om søkjer har bedd om ikkje å verta oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25. Dersom ditt ønskje ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette.

UiS vurderer berre søknadar og vedlegg som er registrert i Jobbnorge.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS