Spennende jobbmulighet ved Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Bergen!

Instituttleiar ved Institutt for framandspråk

Søknadsfrist: 05.10.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Instituttleiar ved Institutt for framandspråk

Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Bergen søkjer instituttleiar for Institutt for framandspråk. Instituttleiarstillingar er åremålsstillingar, og tilsetjingsperioden er fire år med høve til å søkje om inntil ein ny åremålsperiode.

Tilsetjing frå 01.01.2022.

Som instituttleiar vil du få arbeide i eit dynamisk miljø med dyktige, inspirerande og arbeidsame menneskjer. Du vil få vera med på å forma eit institutt der tilsette kan trivast og yte sitt beste. Du vil få innblikk i universitet som organisasjon og samspelet mellom nivå. Som leiar for den faglege og administrative staben, må du ha evne til å ta initiativ der det er rom for påverknad. Du må ha fokus på utvikling og samarbeid innanfor og utanfor instituttet. Du vil arbeide i nær samhandling med ei leiargruppe ved instituttet og med støtte frå fakultet, dekanat og universitetsleiing.

Institutt for framandspråk

Instituttet har om lag 60 fast vitskapleg tilsette, omlag 25 rekrutteringsstillingar, 10 tilsette i teknisk-administrative stillingar og ei rekkje tilsette i meir kortvarige engasjement. Instituttet tilbyr studieprogram i arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, tysk, spansk språk og latinamerikastudium. Innanfor desse faga blir det òg forska ved instituttet, og fleire større, eksternfinansierte forskings-, samarbeids- og utviklingsprosjekt er forankra ved Institutt for framandspråk.

Fagmiljøa rekrutterer og samarbeider internasjonalt. I tillegg til det ordinære undervisningstilbodet har instituttet eit breitt utval av vidareutdanningskurs, ikkje minst retta mot lærarar i skuleverket.

Forskinga ved instituttet spenner over fleire fagdisiplinar som språk/lingvistikk, litteratur, kulturkunnskap/historie og fagdidaktikk, og vi har for tida forskingsprosjekt innan m.a. mellomalderlitteratur, klimadiskurs, islamsk lovgiving, fleirspråklegheit og aldring.

Instituttet er ein del av Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Bergen, som vart oppretta i 1948 og gjennom 70 år har utvikla seg som det nest største humanistiske fagmiljøet i Noreg.

Fakultetet har om lag 550 tilsette og 3500 registrerte studentar fordelte på 60 studium ved fire institutt og to senter. Instituttleiarstillingar er åremålsstillingar, og tilsetjingsperioden er fire år med høve til å søkje om inntil ein ny åremålsperiode. Institutt for framandspråk er det nest største framandspråksinstituttet i Noreg.

Arbeidsoppgåver og ansvar

Instituttleiar har det overordna ansvaret for den samla faglege og administrative verksemda ved instituttet. Instituttleiaren har fullmakt til å prioritere og gjere strategiske val innanfor instituttet sine samla ressursar, med unntak for dei sakene som skal avgjerast i instituttrådet.

Leiaren sitt ansvarsområde omfattar strategisk og fagleg-politisk leiing og leiing av forsking, forskarutdanning, undervisning og formidling ved instituttet. Stillinga har arbeidsgjevaransvar ved instituttet, ansvar for HMS-tiltak og administrasjon, og innstillingsfullmakt i tilsetjingssaker.

Utvikling og drift av forskingsaktiviteten er ein del av den faglege leiinga. Det høyrer med til instituttleiar sine oppgåver å stimulera tilsette til å skaffa ekstern forskingsfinansiering og oppmuntra til forskingsformidling. Instituttleiar har ansvar for det internasjonale samarbeidet ved instituttet.

Vi søkjer ein instituttleiar som:

  • Bør ha professorkompetanse og leiarerfaring innanfor instituttet sine fagområde eller nærståande fagfelt
  • Har god kjennskap til nasjonal og internasjonal forsking, utdanning og forskingsfinansiering for fagområda ved instituttet

I tillegg blir det lagt vekt på:

  • Gode leiar-, samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar
  • Evne til strategisk tenking og planmessig handling innanfor gitte ressursrammer
  • Evne til å arbeide resultatorientert mot fastsette mål
  • Evne til og erfaring med personalleiing og økonomistyring
  • Evne til å motivere og leggje til rette for samarbeid og gode relasjonar til dei tilsette

Vi kan tilby

  • Interessante og utviklande leiaroppgåver
  • Eit fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • Løn etter nærare avtale og gjeldande tariffavtale, lønssteg 85-88 (kode 1475) avhengig av kompetanse og erfaring. Dette tilsvarar for tida ei årsløn mellom 948.500,- og 1.029.700,- i full stilling. Frå bruttoløna vert det trekt 2 % til pålagt medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Nærare opplysningar

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Kvinner vert oppmoda om å søkje.

Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å verte ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Søknad og CV skal sendast elektronisk via link på denne sida, "Søk på jobben" til Universitetet i Bergen. Kopi av vitnemål og attestar skal berre sendast dersom du får melding om det.

Søk på jobben

Powered by Labrador CMS