Vestlandsforksing har en ledig spennende stilling!

Ledig forskarstilling innan industriell økologi eller sirkulær økonomi

Søknadsfrist: 27.06.2021

Vestlandsforsking

Vestlandsforsking er eit forskingsinstitutt som utfører forsking og utviklingsarbeid for næringsliv og offentleg sektor. Vi er 35 personar i eit spennande fagmiljø som arbeider med forsking innan klima, miljø, reiseliv og teknologi og samfunn. Vi har lange tradisjonar med internasjonalt forskingssamarbeid, og vi utfører både regionale og nasjonale forskingsoppdrag. Vi held til på Campus Sogndal, i eit aktivt og innovativt miljø med både forsking, utdanning, idrett og entreprenørskap. Sogndal er kjend for fantastisk natur og gode forhold for aktivt friluftsliv.

Vil du forske på korleis vi kan løyse globale og lokale klima- og miljøutfordringar, gjennom sirkulær økonomi, livsløpsanalysar og utsleppsberekningar?

Miljø- og klimagruppa til Vestlandsforsking i Sogndal har stor aktivitet på området klimaomstilling og ønskjer å tilsetje nye forskarar med eller utan doktorgrad.

Aktuelle forskingstema er analyse og handtering av klimarisiko, energiomstilling, klimatilpassing, industriell økologi, sirkulær økonomi, berekraftig transport og forbruk.

Du bør ha fagleg forankring innan industriell økologi, livsløpsanalyse og utslippsberekningar, og ha god kompetanse på statistiske og kvantitative metodar. Søkjarar med relevant doktorgrad, forskarerfaring eller anna relevant arbeidserfaring vil bli føretrekte, men har du relevant mastergrad og ambisjonar om ein doktorgrad, oppmodar vi deg til å søke på stillingane.

Du må trivast med oppdragsforsking og tverrfagleg samarbeid. Vi legg vekt på at du jobbar sjølvstendig, har gode samarbeidsevner, stor gjennomføringsevne og god arbeidskapasitet. I tillegg er det viktig at du kan formulere deg godt, både munnleg og skriftleg, på norsk og engelsk.

Vi tilbyr fagleg interessante og utviklande oppgåver. Vestlandsforsking har eit godt, tverrfagleg arbeidsmiljø med om lag 30 forskarar frå fag som statsvitskap, samfunnsgeografi, økonomi og naturvitskap. Vi har velutvikla samarbeidsnettverk både regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Hjå oss får du mange motiverte medarbeidarar, fleksibel arbeidstid, høve til heimekontor og gode ordningar for pensjon, forsikring og velferd.

Løn etter avtale og kompetanse. Arbeidsstad er Sogndal.

CV og publikasjonsliste, karakterutskrifter/vitnemål og eventuelle attestar kan alternativt sendes til Stiftinga Vestlandsforsking, postboks 163, 6856 Sogndal

Søknadsfrist: 27. juni 2021.

For nærare informasjon om stillingane kontakt:

  • Forskingsleiar klima og miljø, Halvor Dannevig eller
  • Gruppeleiar klima og miljø, Hans Jakob Walnum

Søk på stillingen

Spørsmål om stillingen:

Powered by Labrador CMS