LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN
Direktør ved Bjerknessenteret for klimaforskning - åremålsstilling
Søknadsfrist: 16.03.2021

Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Direktør ved Bjerknessenteret for klimaforskning - åremålsstilling
Ved Bjerknessenteret for klimaforskning er det frå 1. juli 2021 ledig ei åremålsstilling som direktør for fire år med moglegheit for ytterlegare ein periode etter offentleg kunngjering og søknadsprosess.
Om Bjerknessenteret
Bjerknessenteret for klimaforskning leverer viktige bidrag innan global klimamodellering, klimavarsling og effektforsking, ekstremvær og klimafarar og bidreg til at verden når FN sine berekraftsmål.
Senteret er eit av Europa sine største og mest anerkjende forskingsmiljø innan naturvitskapeleg klimaforsking, og er eit samarbeid mellom Havforskningsinstituttet, Nansensenteret, Norce og Universitetet i Bergen.
Senteret er ein samarbeidsorganisasjon administrativt plassert ved Universitetet i Bergen og har ei øyremerkt finansiering frå Kunnskapsdepartementet, førebels til og med 2026.
Bjerknessenteret har for tida tilknytt 230 forskarar og 29 teknikarar og administrativt personell frå dei fire partnarinstitusjonane.
Direktøren er den faglege leiaren av senteret, og er bindeleddet til Bjerkenssenteret sitt styre. Nærare opplysningar om Bjerknessenteret finn du på senteret si heimeside.
Arbeidsoppgåver
- Direktøren har det overordna ansvaret og skal utøve god fagleg leiing og koordinere den samla faglege og administrative verksemda ved senteret.
- Direktøren skal aktivt delta i utviklinga og implementeringa av senteret sine strategiske mål
- Direktøren skal saman med forskarane løfte fram sentrale forskingsresultat frå senteret og bidra i det offentlege ordskifte på klimafeltet.
- Direktøren skal kunne stimulere og styrke samarbeidet med forskarar og forskingsgrupper nasjonalt og internasjonalt, og med samarbeidspartnarar internt og eksternt. Ei viktig oppgåve er å representere senteret utad i faglege og andre samanhengar.
- Direktøren leiar senteret si leiargruppe beståande av forskingstemaleiare og representantar frå partnarinstitusjonar, og skal rapportere til styret og disponere budsjettet i samhøve med styret sine prioriteringar.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Vi søker ein direktør som har
- evne til og interesse av å leie eit stort internasjonalt forskingsmiljø i vekst
- evne og vilje til å utvikle og iverksette strategi for senteret
- evne og interesse av å formidle forskingsresultat og ta del i det norske offentlege ordskiftet
- god innsikt i og erfaring frå den norske forskingssektoren med gode nettverk innan senteret sine verksemdsområde
- dokumentert erfaring med forskingsleiing og leiing av kompetanseorganisasjonar
og som
- er ein anerkjend forskar, gjerne med professorkompetanse innan eit relevant naturvitskapeleg fagområde
- har gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar (eventuelt eit anna skandinavisk språk). Videre må den som vert tilsett meistre engelsk som arbeidsspråk.
I tillegg vert det lagt vekt på
- gode samarbeidsevner
- gode kommunikasjonsevner og evne til å bygge nettverk og skape tillit både internt og eksternt
- ein motiverande og inkluderande leiaråtferd som stimulerer til gode resultat og eit godt arbeidsmiljø
- god forståing for rammeverket og vilkår for offentleg finansiert verksemd
- dokumentert høg grad av evne til gjennomføring
Det vert lagt stor vekt på dei personlege kvalifikasjonane som er naudsynte for stillinga.
Vi tilbyr
- eit godt og fagleg stimulerande internasjonalt fagmiljø
- stilling som instituttleiar (kode 1475) i lønssteg 80 - 90 (for tida kr 817 000 – 1 065 400) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
- medlemskap i Statens pensjonskasse
- gode velferdsordningar
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få frå:
- Styreleiar Arvid Hallèn, telefon 932 38 515 / e-post [email protected] eller
- Administrasjonsleiar Ragnhild Stolt-Nielsen, telefon 478 57 275 / e-post [email protected]
Alle spørsmål blir handsama konfidensielt.
Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.
Ved utløpet av kvar åremålsperiode skal stillinga kunngjerast offentleg. Ingen kan tilsetjast samanhengande i same stilling i meir enn to åremålsperiodar.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegger kjønnsbalanse og mangfold i ledergruppene. Kunnskap om og resultater fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering av leiare.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.